Avgiftsfri diesel

Fyller du avgiftsfri diesel (merka diesel) ved ein feil, må du melde frå til Skatteetaten.

Avgiftsfri diesel er fritatt for vegbruksavgift, og skal berre brukast i traktorar, motorreiskapar og liknande.

Dette må du gjere

Kontakt Skatteetaten omgåande.

Vi treng desse opplysningane:

  • Kjennemerket på køyretøyet
  • Tidspunktet du feilfylte avgiftsfri diesel
  • Kor mange liter avgiftsfri diesel du feilfylte

Kontakt oss ved å ringje oss på 800 80 000, eller bruk kontaktskjemaet vårt. Skal du melde frå utanom opningstidene våre på telefon, må du gjere det via kontaktskjemaet.

Skal du kontakte oss via kontaktskjemaet, må du logge inn:

Dette skjer når du seier frå

Skatteetaten vil krevje avgift for kvar liter som er fylt.

Den som melder frå om feilfyllinga av avgiftsfri diesel vil få eit vedtak som må oppbevarast i bilen. Ved kontroll etter fem dagar skal drivstofftanken ikkje innehalde over tre prosent merka (avgiftsfri) diesel.

Dette skjer om du ikkje seier frå

Dersom du ikkje melder feilfyllinga til Skatteetaten, og det blir oppdaga i ein kontroll, må du betale ei avgift. Avgifta er 20 000 kroner for personbilar. Dette gjeld også for andre køyretøy med ei tillaten totalvekt på under 3 500 kg. Tyngre motorvogner får ei høgare avgift.

Både eigaren og den som disponerer køyretøyet er ansvarlege for betalinga av avgifta. Det speler ikkje noka rolle kven som faktisk har fylt den avgiftsfrie dieselen.