Kontakt oss
Lurer du på noko, er du velkommen til å ta kontakt med oss.
No lurer mange på dette
Du kan framleis sjå, endre og levere skattemeldinga. Har du ikkje levert skattemeldinga enno, bør du gjere det snarast råd.
Skattemelding for næringsdrivande
Har du fått ei skattemelding for næringsdrivande, må du levere henne seinast 31. mai.
Du må levere skattemeldinga sjølv om du ikkje har hatt omsetning. Det gjeld òg om du nyleg har starta eller avslutta næringsverksemda.
Du kan søkje om utsetjing seinast 31. mai. Søknaden blir automatisk godkjend.
Etter at skattemeldinga di er levert, må vi behandle henne og lage eit skatteoppgjer. Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten.
Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men vi varslar deg.
Har du fått restskatt, får du ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før fristen forfell. Du treng ikkje å vente til fakturaen kjem før du betaler.
Om du kan, bør du betale før 31. mai, så slepp du renter. Du kan betale inn det du kan med ein gong, og betale litt og litt fram til fristen. Slik kan du lage din eigen nedbetalingsplan.
Har du fått restskatt, er det vanlegvis fordi det har vorte trekt for lite skatt i løpet av året. For å sleppe restskatt til neste år bør du sjekke tala i skattekortet for 2025.
Chat
Du kan skrive til chat-roboten vår.
Ring oss
Hovudnummeret vårt er 800 80 000.
Det er gratis å ringje dette nummeret.
Når du ringjer oss på 800 80 000, gir vi deg nokre tasteval. Du treng ikkje vente til alle talemeldingane er lesne opp før du trykkjer deg vidare.
1 Skattemelding, skatteoppgjer og andre skattespørsmål
1-1 Privatperson
1-2 Personleg næringsdrivande
1-3 Aksjeselskap og andre verksemder
1-4 Revisor, rekneskapsførar eller advokat
2 Skattekort og forskottsskatt
3 Flytting, ekteskap, namn og andre folkeregisterspørsmål
4 A-ordninga
5 Meirverdiavgift
6 Køyretøy, omregistreringsavgift, vektårsavgift, vrakpant, tollkreditt og andre særavgifter
Frå utlandet ringjer du +47 22 07 70 00.
Når du ringjer oss frå utlandet, gjeld eigne prisar.
For bidragskrav og andre krav frå Nav, Helfo og Garantikassen for fiskere, ringjer du 21 05 11 00.
Opningstida vår er 09:00–14:30 alle kvardagar.
Skriv til oss
Dersom du må kontakte oss skriftleg, må du logge deg inn. Du kan ikkje sende e-post til oss.
Skal du sende oss brev i posten, bruker du denne adressa:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Skal du sende oss noko, må du logge deg inn og sende ei melding i Altinn:
Postadresse
Om du skal sende oss noko på papir, send det til:
Innkrevjingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav
9917 Kirkenes
Besøk oss
Treng du å møte opp på eit skattekontor, må du bestille time.
Skal du møte opp hos oss, kan du sjå oversikta over skattekontor for å finne det som ligg nærmast:
Innkrevjingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidlegare Nav innkrevjing)
Registerinfo (Serviceeining for byggjenæringa)
Sekretariatet for Skatteklagenemnda
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA)
Skatteinnkrevjing kjeldeskatt pensjon
Saksbehandlingstider
Vi behandlar førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg.
Sjå den forventa svartida.
Bestill attest
Det kan vere mange grunnar til at du treng ein attest eller ei utskrift. Svar på nokre få spørsmål og få hjelp til å finne og bestille den attesten du treng.
Klage til Skatteetaten
Korleis du skal gå fram for å klage, kjem an på kva du skal klage på. I mange tilfelle kan du no endre sjølv i staden for å klage.