Betalingsavtale for skatte- og avgiftskrav
Hovudregelen er at skattar og avgifter skal betalast ved forfall. Privatpersonar og næringsdrivande kan søkje om betalingsavtale, men det er strenge vilkår for å få ein slik avtale.
Ein betalingsavtale kan vere ein avtale om betalingsutsetjing, avdragsordning eller ein kombinasjon av begge delar.
I praksis skal det meir til for å få ein betalingsavtale for aktive næringsdrivande sidan det vil kunne verke konkurransevridande i marknaden.
Vi kan ikkje kan stanse innkrevjinga medan vi behandlar søknaden din, og det vil derfor komme på forseinkingsrenter frå forfallsdatoen og fram til kravet er betalt.
Desse vilkåra må vere oppfylte for å få ein betalingsavtale
Alle vilkåra må vere oppfylte for å kunne få ein betalingsavtale:
- Du er ikkje i stand til å betale krava på vanleg måte.
- Søknaden må innehalde eit betalingstilbod / framlegg til nedbetalingsplan. Søknaden må omfatte alle skatte- og avgiftskrava du eventuelt har.
- Betalingstilbodet må vere det beste du kan tilby.
- Betalingstilbodet ditt må gi oss betre dekning enn vi får ved å halde fram med innkrevjinga.
- Det at du får ein betalingsavtale, må ikkje verke støytande eller vere eigna til å svekke den allmenne betalingsmoralen.
Slik søkjer du om betalingsavtale
Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for
- skatt og/eller arbeidsgivaravgift
- meirverdiavgift
- særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift
Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for
- skatt/arbeidsgivaravgift
- meirverdiavgift
- særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift
Kven kan søkje
- aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA)
- norskregistrerte utanlandske føretak (NUF)
- enkeltpersonsføretak (ENK)
Treng du hjelp?
- Viss du har stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Skatteetaten, kan du søkje om gjeldsordning. Les meir om om gjeldsordning hos politiet.
- NAV tilbyr også økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.
Skattehjelpen er ei eining i Skatteetaten som kan hjelpe skattebetalarar som er i ein særleg vanskeleg livssituasjon. Målet er å finne løysingar som kan forbetre situasjonen og gjere skattebetalaren i stand til å betale riktig skatt.