Oppstartsperiode og oppstartskostnader for nye næringsdrivande

Som ny næringsdrivande kan du få frådrag for alle kostnader du har hatt for å starte verksemda.

Oppstartsperioden

Frå det første året du oppfyller vilkåra for å drive næringsverksemd, vil alle inntektene dine frå verksemda vere skattepliktige, og du kan få frådrag for alle kostnader knytte til verksemda.

Viss verksemda går med underskott kan du få frådrag for det i andre inntekter, til dømes i lønn eller pensjon.

Lengda på oppstartsperioden varierer

Nokon bruker fleire år på å etablere seg før dei opprettar eit føretak (til dømes enkeltpersonføretak) i Brønnøysundregistera. Andre opprettar eit føretak tidleg, men treng litt tid før dei oppfyller vilkåra for å drive næringsverksemd.

Frå det første året du blir rekna som næringsdrivande kan du få godkjent dei fem tidlegare åra som oppstartsår for verksemda.

Frådrag for oppstartskostnader

Viss du driv næringsverksemd, får du frådrag for alle oppstartskostnader knytte til verksemda.

Oppstartskostnader er innkjøp du har gjort for å kunne starte verksemda, og kan til dømes vere 

  • varer
  • verktøy
  • utstyr
  • maskiner

Les her om kva du kan få frådrag for som næringsdrivande 

Mange av kostnadene kan du få frådrag for det året du gjorde anskaffinga.

Kostnader til anskaffing av varige driftsmiddel på 30 000 kroner eller meir må likevel fordelast over fleire år. Dette blir kalla å avskrive. Det betyr at du ikkje får frådrag for heile kostnaden i det same året som du handlar, men du får det i staden over tid.

Denne beløpsgrensa gjeld per driftsmiddel. 

Viktig informasjon

Døme

Kostnader til kjøp av eit verktøy til 5 000 kroner:
Du får frådrag det same året som du kjøpte det.

Kostnader til kjøp av eit kamera på 35 000 kroner:
Kostnaden må avskrivast over fleire år. 

Viss du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, kan du også få frådrag for den meirverdiavgifta du har betalt, anten heilt eller delvis. Les meir om korleis du kan få frådrag for meirverdiavgift.

Slik fyller du ut skattemeldinga

Året etter at du har registrert verksemda i Brønnøysundregisteret, vil du få ei skattemelding for næringsdrivande. Enkeltpersonføretak kan velje å levere skattemeldinga på skatteetaten.no eller frå rekneskapssystemet sitt.

Selskap må levere frå system. Dette gjeld aksjeselskap, selskap med deltakarfastsetting (SDF) og enkeltpersonføretak med full rekneskapsplikt.

I skattemeldinga skal du i utgangspunktet fylle inn inntekter og utgifter du har hatt i samband med verksemda di.

Her må du likevel gjere ei vurdering av situasjonen din. Vel det som gjeld deg:

Oppfyller du kriteria for å drive næringsverksemd, skal både overskott og underskott fyllast inn i næringsspesifikasjonen i skattemeldinga.

Dette får du hjelp til når du opnar skattemeldinga di.

 

Sjølv om du ikkje hadde næringsaktivitet i fjor, må du levere skattemeldinga med næringsspesifikasjonen.

Når du opnar skattemeldinga di, vil du få spørsmål om du har hatt næringsaktivitet. Der svarer du nei, og du vil få ei skattemelding med null i næringsinntekt.

Viss du driv eit aksjeselskap, må du uansett levere næringsspesifikasjonen. Dette må du gjere frå eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem.

Har du oppretta eit enkeltpersonføretak utan at du oppfyller kriteria for å drive næringsverksemd, skal du fylle ut null i felta for inntekter og kostnader i næringsspesifikasjonen i skattemeldinga di.

Då sender vi deg ikkje næringsspesifikasjonen neste år, men ei vanleg skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar.

Inntekta du får som frilansar skal du oppgi som arbeidsinntekt i skattemeldinga. Kostnadene inngår i minstefrådraget.

Les meir om skilnaden mellom frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande (Altinn)

Har du eit enkeltpersonføretak som har vore inaktivt i fleire år, men som no har aktivitet att, må du sjølv leggje til næringsspesifikasjonen når du leverer skattemeldinga.

Har du ein hobby registrert i eit enkeltpersonføretak som har byrja å gå med overskott det siste året, og du tidlegare ikkje har levert næringsspesifikasjonen, må du sjølv leggje han til i skattemeldinga.

For å få frådrag for eventuelle oppstartskostnader i tidlegare år, må du sende inn endra skattemelding for dei åra det gjeld.

Endre skattemeldingar tilbake i tid (enkelstpersonføretak)

Du kan sjølv endre skattemeldinga tre år tilbake i tid, og til dømes leggje inn tidlegare inntekter og kostnader i samband med oppstarten av verksemda di. I tillegg kan du be Skatteetaten om endringar to år til tilbake i tid.

Når du skal endre tilbake i tid, må du leggje til næringsspesifikasjonen viss du ikkje har levert han tidlegare. Ønskjer du å endre meir enn tre år tilbake i tid må du sende oss ein klage.

 

Du må dokumentere inntekter og kostnader

Det er viktig at du kan dokumentere alle inntekter og kostnader du har hatt i oppstartsperioden.

Ta vare på alle bilaga som er knytte til verksemda frå det året du startar opp. Du må sjølv lage ei oversikt over alle bilaga for kvart år.

Du treng ikkje leggje ved dokumentasjonen på inntekter og kostnader i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg. 

Bilaga kan du lagre digitalt, til dømes i rekneskapsprogrammet eller i eigne mapper i eit e-postprogram, eller fysisk i ein perm som du merkar med år. Det er lurt å ha ein tryggleikskopi av dokumentasjonen dersom du lagrar lokalt.

Du må føre rekneskap

Når du er næringsdrivande skal du føre rekneskap i samsvar med reglane i bokføringslova og bokføringsforskrifta.

Bokføring betyr å føre opp opplysningar om økonomiske hendingar (transaksjonar) i rekneskapen. Det kan til dømes vere lønnsutbetalingar, kjøp og sal. Det kan også vere andre registreringar, som til dømes avskrivingar.

Ein rekneskap er alle bokføringane som er gjorde i ein gitt periode, til dømes eit kvartal eller eit år. Små verksemder kan føre rekneskapen sin til dømes i eit rekneark, eit tekstbehandlingsprogram eller eit rekneskapsprogram.

Viss du ikkje ønskjer å føre rekneskapen sjølv, kan du bruke ein rekneskapsførar.

Få fleire tips og råd om rekneskapsføring

Er du i tvil om du kan reknast som ein næringsdrivande, kan du lese meir om vilkåra