Kom i gang med det nye enkeltpersonføretaket ditt
Å drive eit enkeltpersonføretak (ENK) kan innebere mykje fridom, men også stor risiko, sidan du har personleg ansvar for økonomien. Her har vi samla det viktigaste du treng å vite for å få ein god start i næringslivet.
Rekneskap og anskaffingar
Alle ENK må føre ein rekneskap som følgjer lover og forskrifter. Du kan gjere det sjølv, eller du kan få ein rekneskapsførar til å gjere det. Du må ta vare på kvitteringar og annan dokumentasjon i fem år. Det er mange fordelar med å bruke eit rekneskapsprogram.
Alle som driv enkeltpersonføretak må føre rekneskap. Du må føre rekneskapen din etter reglane i bokføringslova og bokføringsforskrifta. Ønskjer du ikkje å føre rekneskapen sjølv, kan du bruke ein rekneskapsførar til å gjere det.
Bokføring betyr å føre opp opplysningar om økonomiske hendingar (transaksjonar) i rekneskapen. Det kan til dømes vere kjøp, sal og lønnsutbetalingar. Det kan også vere andre registreringar, som til dømes avskrivingar. (Les meir om avskrivingar under «Innkjøp og avskriving av utstyr» nedanfor.)
Ein rekneskap er alle bokføringane som er gjorde i ein viss periode, til dømes eit kvartal eller eit år. Det kan vere lurt å bruke eit rekneskapsprogram. Det vil gi deg ei god oversikt over inntektene og utgiftene dine.
Det er krav til korleis du lagar ein faktura, og kva slags informasjon du må ha med. Eit rekneskapsprogram kan ofte hjelpe deg med å lage og sende fakturaer.
Hugs at du må ta vare på kvitteringar og annan dokumentasjon i minst fem år.
Når du kjøper dyrt utstyr du treng for å drive ENK-et ditt, kan du skrive det av. Viss utstyret kostar meir enn 30 000 kroner og har ei levetid på meir enn tre år, må kostnaden fordelast over fleire år. Det finst ulike satsar for ulike typar utstyr. Avskriving fører til at du får eit lågare overskott og dermed eit lågare skattegrunnlag over ein lengre periode.
Når du driv eit enkeltpersonføretak, kjøper du kanskje utstyr du treng for å drive bedrifta di. Slikt utstyr kallar vi driftsmiddel. Dette kan vere fysiske driftsmiddel, som ein pc, verktøy eller ein bil, eller det kan vere ikkje-fysiske driftsmiddel, som lisensar, konsesjonar, patent eller liknande. Nokre innkjøp kan du krevje frådrag for i rekneskapen det same året som du kjøper dei. Gjer du derimot større investeringar, kan det vere at driftsmiddelet må skrivast av over tid.
Avskriving betyr at kostnaden til driftsmiddelet blir fordelt over fleire år i rekneskapen. Verdien på driftsmiddelet blir dermed lågare år for år. Ein skriv av for å ta omsyn til at driftsmiddelet taper seg i verdi over tid.
Det er berre driftsmiddel som er nødvendige for å drive næringa di du kan krevje frådrag for og skrive av. Viss driftsmiddelet du kjøper kostar over 30 000 kroner og kan brukast i meir enn 3 år, skal du skrive det av. Då fordeler du kostnaden over tid. Du må frådragsføre ved å bruke det vi kallar saldoavskriving.
Du kan ikkje få frådrag for driftsmiddel som held seg i verdi, til dømes tomter, vegar, bustader og kunst.
Kva type driftsmiddel, og kor mykje det kosta då du kjøpte det, avgjer når og korleis du kan føre frådrag. Det er ei beløpsgrense for når du kan føre frådrag for heile kjøpesummen i det same året som innkjøpet, og når du skal skrive av over fleire år. Frå og med inntektsåret 2024 er grensa på 30 000 kroner. Du kan også føre frådrag for heile beløpet i det same året dersom den forventa levetida til driftsmiddelet er under tre år.
Døme på berekning av saldoavskriving:
- Du kjøper ein kopimaskin til 50 000 kroner. Du kan bruke han i meir enn tre år, og du skal derfor skrive han av.
- I skattelova finn du dei ulike saldogruppene og informasjon om kor mykje du kan skrive av kvart år. Sjå ei oversikt over avskrivingssatsane. I dette tilfellet høyrer kopimaskinen til saldogruppe a, og kan skrivast av med inntil 30 prosent per år.
- Avskrivinga det første året vil då bli 15 000 kroner. Dette får du frådrag for i rekneskapen, og det vil redusere overskottet ditt.
Eigedelar som var kjøpte inn til privat bruk og/eller er brukte privat, kan ein seinare ta i bruk som driftsmiddel i føretaket.
Inngangsverdien føretaket skal bruke, er omsetningsverdien på tidspunktet for når eigedelen blir tatt i bruk i føretaket. Inngangsverdien kan ikkje setjast høgare enn det innehavaren tidlegare kjøpte/skaffa eigedelen for.
Du kan få frådrag for kostnader du har hatt i samband med å starte ENK-et ditt i inntil fem år tilbake i tid. Du må dokumentere utgiftene med kvitteringar eller fakturaer. Beløp på over 10 000 kroner må vere betalte elektronisk.
Som ny næringsdrivande kan du få frådrag for alle kostnader du har hatt for å starte verksemda. Vanlege oppstartskostnader kan vere kjøp av varer, verktøy, utstyr, maskinar og anna. Frå det året du registrerer bedrifta di, kan du få godkjent dei fem siste åra som oppstartsår.
Du må kunne dokumentere utgiftene med kvitteringar eller fakturaer. Ei utskrift frå kontoen er ikkje god nok dokumentasjon. Utgifter på 10 000 kroner eller meir må du betale elektronisk for at du skal kunne få frådrag for dei. Du betaler elektronisk viss du bruker bankkort, kredittkort, Vipps eller nettbank.
Dersom enkeltpersonføretaket ditt går med underskott, kan du få frådrag for dette i anna inntekt du har hatt. Anna inntekt kan til dømes vere lønn frå ein annan arbeidsgivar eller pensjon. Hugs at du også får frådrag for meirverdiavgift som du har betalt ved innkjøp til bedrifta di, viss du er mva-registrert. Du kan også få frådrag for meirverdiavgift du har betalt før du registrerte bedrifta di, i inntil tre år før oppstart.
Skatt og avgifter
Viss ENK-et ditt har overskott, må du betale skatt. Denne skatten kallar vi forskottsskatt. Du må berekne kor stort overskottet ditt blir, og du må registrere det i skattekortet ditt. Då kan vi berekne kor mykje du skal betale i forskottsskatt. Sidan du og ENK-et ditt er same juridiske eining, bruker de eitt og same skattekort. Du må sjølv betale inn forskottsskatten. Du får ein faktura frå oss fire gonger i året viss overskottet ditt er registrert i skattekortet. Det er lurt å ha ein eigen bankkonto der du set av pengar til skatt.
Alle som driv eit enkeltpersonføretak med overskott må betale skatt. Du har overskott når inntektene dine er høgare enn utgiftene. Skatten som enkeltpersonføretak betaler gjennom året, kallar vi for forskottsskatt.
Forskottsskatten blir ikkje trekt automatisk frå inntekta di. Du er dermed sjølv ansvarleg for å betale han inn til oss.
Det kan vere vanskeleg å vite kor stort overskottet ditt kjem til å bli for heile året. Bruk derfor rettleiaren vår for hjelp til å berekne dette.
Rettleiaren finn du i skattekortet ditt, under kategorien "næring". Merk at du berre har eitt skattekort. Skattekortet gjeld både for deg som privatperson og som innehavar av eit enkeltpersonføretak.
Når du har komme fram til eit overskott som du meiner er realistisk, skal du registrere det i skattekortet ditt. Då vil vi berekne kor mykje du skal betale i forskottsskatt.
Viss du etter kvart ser at inntekta endrar seg, kan du sjølv oppdatere tala i skattekortet. Det kan du gjere så ofte du vil.
Vi sender ut fakturaer for forskotsskatt fire gonger i året. Du får fakturaen i nettbanken din dersom du bruker e-faktura. Dersom du ikkje bruker e-faktura, får du han i Altinn-innboksen. Viss du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon, sender vi deg fakturaen i posten.
Du vil få fakturaen om lag tre veker før betalingsfristen, som er 15. mars, 15. juni, 15. september og 15. desember. Vi tar omsyn til helge- og heilagdagar.
Vi rår deg til å opprette ein eigen konto for skatt, der du jamleg set av pengar frå inntekta di.
Det kan vere lurt å setje av 40 prosent av det forventa overskottet ditt til forskottsskatt.
Viss vi ikkje har mottatt betalinga for ein termin innan fristen, sender vi deg eit varsel om tvangsinnkrevjing av resten av forskottsskatten for heile året.
Alle som driv eit ENK må levere skattemeldinga som inneheld næringsspesifikasjon. Sidan du og ENK-et ditt er same juridiske eining, leverer du berre éi skattemelding. Du må levere skattemeldinga sjølv om du ikkje har hatt inntekt frå ENK-et ditt. Det er mogleg å søkje om å få utsett leveringa med éin månad. Du kan levere skattemeldinga di direkte frå eit rekneskapssystem eller via skatteetaten.no.
Alle som driv eit enkeltpersonføretak må levere skattemeldinga innan 31. mai kvart år. Du får ei melding frå oss når skattemeldinga di er klar for at du kan sjekke og levere henne.
Du må fylle ut næringsspesifikasjonen, som du finn i skattemeldinga di. Næringsspesifikasjonen gir eit oversyn over alle inntektene og utgiftene som enkeltpersonføretaket ditt har hatt gjennom året. Altså må du ha avslutta rekneskapen for fjoråret før du fyller han ut.
Du skal berre levere éi skattemelding, sidan skattemeldinga er felles for deg som privatperson og som innehavar av eit enkeltpersonføretak. Du kan levere skattemeldinga gjennom eit rekneskapssystem viss du bruker eit system som støttar dette. Elles kan du gjere det på skatteetaten.no.
Hugs at du må levere skattemeldinga sjølv om du ikkje har hatt nokon næringsinntekter året før.
Dersom du søkjer om å få utsett leveringa av skattemeldinga di før 31. mai, kan du få utsetjing på opptil éin månad. Viss du gjer det, kan det hende at skatteoppgjeret ditt kjem litt seinare.
Viss du ikkje leverer skattemeldinga innan fristen, kan du få tvangsmulkt. Viss du ikkje leverer skattemeldinga i det heile, kjem vi til å fastsetje inntekta og formuen din ved skjønn. Du kan også få tilleggsskatt. Det same gjeld om du leverer skattemeldinga med feil eller ufullstendige opplysningar.
Meirverdiavgift (mva.) vart tidlegare kalla moms. Dette er ei avgift som blir lagt på sal av dei fleste varer og tenester. Verksemder som er registrerte i Mva-registeret skal leggje til mva. på salsprisen, og betaler så inn mva-beløpet til staten i ettertid.
Meirverdiavgift er i utgangspunktet ikkje ein ekstra kostnad for bedrifta di om du blir registrert i Mva-registeret. Du krev inn mva. frå kundane på vegner av staten, og du vil ha frådragsrett for mva. på innkjøp til verksemda.
Du skal registrere enkeltpersonføretaket ditt i Mva-registeret dersom du har selt mva-pliktige varer og tenester for meir enn 50 000 kroner i løpet av 12 månader. Ikkje alle treng å gjere dette, så sjekk om dette gjeld deg.
Dersom enkeltpersonføretaket ditt er registrert i Mva-registeret, må du sende inn mva-meldinger til oss.
Sel du mva-pliktige varer eller tenester for meir enn 50 000 kroner i løpet av 12 månader, må du registrere enkeltpersonføretaket ditt i Mva-registeret. Grensa på 50 000 kroner gjeld omsetning, altså det du har selt for, og ikkje overskott.
Sjekk om du treng å registrere deg
Dersom du er registrert i Mva-registeret, kan du krevje frådrag for mva. for anskaffingar til bruk i verksemda di. Du kan også få frådrag for mva. på anskaffingar du har hatt før du registrerte verksemda di, i inntil tre år før mva-registreringa.
Driv du med fleire typar verksemd, kan du ha delvis frådragsrett.
Nokre bransjar er unntatte frå å berekne mva. på sal av varer og tenester. Somme varer og tenester er òg fritatte frå mva. sjølv i ei mva-pliktig verksemd.
Viss du oppfyller vilkåra for registrering i Mva-registeret, skal du søkje om å bli registrert.
Du kan mva-registrere deg før du når grensa på 50 000 kroner, men då er det nokre krav du må oppfylle. Sjekk om du oppfyller krava for førehandsregistrering:
Etter at ENK-et ditt er registrert i Mva-registeret, skal du leggje til mva. på den fakturaen som førte til at omsetninga di gjekk over 50 000 kroner.
Viss du har sendt fakturaen før du mva-registrerte deg, må du sende ein ny faktura etter at du er registrert. Då krediterer du fakturaen som var utan meirverdiavgift, og fakturerer på nytt med meirverdiavgift.
Verksemder som er mva-registrerte, må vanlegvis sende inn mva-meldingar seks gonger i året. Mva-meldinga skal samanfatte all utgåande og inngåande mva. du har hatt i perioden. Fakturadatoen avgjer kva for ei mva-melding du skal oppgi mva. i. Mva-meldinga viser om du skal betale eller få att pengar for mva.
Mva-meldinga sender du inn på nettsidene til Skatteetaten, eller gjennom eit rekneskapsprogram som støttar dette.
Sjølv om du ikkje har hatt nokon mva-pliktige kjøp eller sal i perioden, må du hugse å levere mva-meldinga.
ENK med låg omsetning kan søkje om å berre levere éi mva-melding i året. Då må visse vilkår vere oppfylte, i tillegg til at ENK-et ditt må ha vore registrert i minst eitt år.
Det finst fleire ulike satsar for mva. som gjeld for ulike typar varer og tenester.
Viss du er mva-registrert og ikkje leverer ei mva-melding innan fristen, kan du få tvangsmulkt. Om du ikkje betaler inn mva. innan fristen, må du betale forseinkingsrenter i tillegg. Viss sjukdom eller liknande gjer at du ikkje kan levere ei mva-melding, kan du ikkje få utsett innleveringa, men du kan klage i ettertid om du har fått tvangsmulkt.
Somme varer og tenester må du betale særavgifter for. Dei vanlegaste er drikkevarer, sukker, tobakk og straum. Du må sjølv sjekke om ENK-et ditt driv med varer eller tenester som utløyser særavgift. Viss du har registrert deg som pliktig til å betale særavgift, må du jamleg levere særavgiftsmeldingar til oss.
Særavgift er ei avgift du må betale viss du kjøper, produserer eller sel somme typar varer. Dette kan til dømes vere drikkevarer, tobakk, sukker og straum.
Som hovudregel må du registrere bedrifta di for å kunne rapportere og betale særavgifter.
Sjekk om du må registrere deg eller ikkje.
Der får du også vite korleis du registrerer deg, og kva du må opplyse om eller dokumentere.
Viss du er registrert som særavgiftspliktig, må du rapportere informasjon om dei avgiftspliktige varene og betale særavgift, vanlegvis éin gong i månaden. Dette gjer du i ei såkalla særavgiftsmelding.
Viss du importerer særavgiftspliktige varer utan å vere registrert, rapporterer du særavgift til Tolletaten.
Viss ikkje du leverer særavgiftsmeldinga innan fristen, eller leverer henne med feil, kan du få tvangsmulkt.
Som innehavar av eit enkeltpersonføretak blir du ikkje rekna som tilsett. Pengar som du tar ut av ENK-et ditt til deg sjølv eller ektefellen din, reknar vi ikkje som lønn. Betaler du derimot lønn eller ytingar til andre, reknar vi deg som arbeidsgivar. Det utløyser ein del plikter. Mellom anna må du sende inn a-meldinga éin gong i månaden. Det kan også hende du må setje av pengar til pensjon for dei tilsette.
Viss du betaler lønn eller ytingar til andre, reknar vi deg som arbeidsgivar. Ytingar kan til dømes vere fri bruk av bil, betalt telefon/internett, betaling av reiser, kost og losji og liknande.
Tar du ut pengar frå enkeltpersonføretaket ditt til deg sjølv eller ektefellen din, blir ikkje dette rekna som lønn. Du og ektefellen din blir heller ikkje rekna som tilsette i verksemda.
Ein sambuar er ikkje det same som ein ektefelle. Viss sambuaren din gjer arbeid for bedrifta di, og du betaler lønn eller ytingar for dette, blir du ein arbeidsgivar.
Bedrifter som har tilsette, utbetaler lønn, pensjon eller andre ytingar, skal levere a-meldinga éin gong i månaden.
I a-meldinga skal du gi opplysningar om arbeidsforhold, lønn, forskottstrekk, arbeidsgivaravgift og utleggstrekk for skatt. Det er mange offentlege og private verksemder som bruker opplysningane frå a-meldinga. Arbeidsforhold som du oppgir for dine tilsette, vil bli overførte til Nav sitt Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Viss utbetalingane til ein tilsett er lågare enn 2 000 kroner samla for eitt år, treng du ikkje å føre dette i a-meldinga.
Du må vurdere om du oppfyller kriteria som gjer deg pliktig til å opprette ei pensjonsordning for dine tilsette, såkalla obligatorisk tenestepensjon. I så fall skal du betale eit beløp som svarer til minst to prosent av lønna til dei tilsette til pensjonssparing.
Viss ikkje du leverer a-meldinga innan fristen, eller leverer henne med feil, kan du få tvangsmulkt.
Sjå fristane og oppgåvene dine
Logg inn på Mi side for bedrifta di, og få oversikt over fristane, oppgåvene og krava dine.
Spesielle forhold
Du som er busett i utlandet og driv eit enkeltpersonføretak her i Noreg, har dei same pliktene som dei som bur i Noreg. I tillegg må du hugse å rapportere dette:
- Har du tilsette som jobbar på eit rapporteringspliktig oppdrag, skal arbeidstakarane rapporterast i oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret.
- Viss oppdragsgivaren din er ein privatperson, skal du registrere dine tilsette i arbeidstakarregisteret til Nav. Dette gjer du i a-meldinga.
Viss du sjølv har gitt eit oppdrag til eit utanlandsk føretak, må du rapportere oppdraget i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret viss det blir utført i Noreg eller på kontinentalsokkelen.
Utanlandske sjølvstendig næringsdrivande kan søkje om fritak frå å levere skattemeldinga. Fritak kan bli innvilga viss verksemda di, som er utført i Noreg i løpet av inntektsåret, er fritatt frå skattlegging i Noreg etter ein skatteavtale.
Viss du ikkje lenger skal drive næringsverksemd i Noreg, må du avslutte enkeltpersonføretaket ditt eller slette registreringa av NUF-et.
Som sjølvstendig næringsdrivande bør du kjenne til rettigheitene dine.
Viss du ikkje har tilsette, er du ikkje nøydd til å setje av feriepengar av pengane du tener i bedrifta di. Som sjølvstendig næringsdrivande, er det du sjølv som avgjer kva tid du skal ta ferie og kor lang ferien din skal vere.
Som innehavar av enkeltpersonføretak tener du opp pensjon av næringsinntekta di. Dei fleste får mykje lågare inntekt når dei blir pensjonistar. Å spare til pensjon er derfor viktig. Du kan også inngå private pensjonsavtalar. Banken din kan ofte gi deg råd om kva som lønner seg for deg.
Har du eit enkeltpersonføretak, får du ikkje utbetalt sjukepengar dei første 16 dagane du er sjuk. Frå den 17. sjukedagen får du 80 prosent av overskottet ditt dekt av Nav. Overskottet er det beløpet du har att etter at utgiftene er trekt frå inntekta di. For å dokumentere at du er sjuk, må du ha ei sjukmelding frå fastlegen din.
Nav tilbyr ei forsikring som sikrar ei betre økonomisk dekning viss du blir sjuk som sjølvstendig næringsdrivande. Du kan velje mellom tre ulike alternativ:
- 80 prosent dekning frå den 1. til den 16. sjukedagen
- 100 prosent dekning frå den 17. sjukedagen
- 100 prosent dekning frå den første sjukedagen
Les meir om sjukeforsikring for sjølvstendig næringsdrivande hos Nav.
Inntekter frå enkeltpersonføretaket ditt gir deg ikkje rett til dagpengar eller til å bli permittert.
For å ha rett til foreldrepengar, må du ha hatt inntekt i seks av dei ti siste månadene. Det er inntekta di det siste året som er grunnlaget for kor mykje du får i foreldrepengar. Dette gjeld anten inntekta er lønn frå ein arbeidsgivar eller pengar du har tent gjennom eit enkeltpersonføretak.
Viss du ønskjer å avslutte enkeltpersonføretaket ditt, sender du inn ei Samordna registermelding i Altinn. Kryss av for å melda sletting. Slettinga er gratis.
Ta deg tid til å gjennomføre ei ryddig avvikling. Det er ein stor føremon for deg sjølv og økonomien din. Du kan ha plikter og oppgåver også etter at du har meldt sletting.
Du kan framleis få ei skattemelding for næringsdrivande to år etter at du har avslutta enkeltpersonføretaket. Då skal du levere skattemeldinga for næringsdrivande med næringsspesifikasjon utan å fylle ut næringsoppgåva.
Det kan også hende at du får skrive ut forskottsskatt etter at ENK-et ditt er avvikla. Då må du endre skattekortet ditt.
Bli med på gratis kurs
Skatteetaten arrangerer fysiske kurs og webinar tilpassa deg som nyleg har starta ei verksemd. Kursa blir arrangerte over heile landet og dei er gratis.
Bli med på kurs for nye næringsdrivande
I tillegg til kursa våre, har vi laga korte filmar med mange nyttige tips til deg.