Skattemelding for selskap

Skattemeldinga for aksjeselskap og andre selskapstypar skal leverast gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem. 

Fristen er 31. mai kvart år.

Skattemeldinga må leverast sjølv om selskapet ikkje har hatt omsetning.

Levere skattemeldinga via system

Du må hente inn og levere skattemeldinga med næringsspesifikasjonen via eit rekneskaps- eller eit årsoppgjerssystem. Det finst fleire tilbydarar av slike system, og du må sjølv vurdere kva for eit som høver best til bedrifta di.

Innsending og kvittering

Når du har levert og signert skattemeldinga, deler systemet opplysningane med Skatteetaten. Vi sjekkar opplysningane og varslar deg dersom det er noko du bør sjå nærare på. Du finn ei kvittering og kva for opplysningar du har sendt inn i arkivet i Altinn. Sjå detaljar om innsendingsprosessen.

 

Du kan importere opplysningar om underskott, SkatteFUNN og investeringar, som til dømes aksjar, obligasjonar eller fond, frå Skatteetaten til årsoppgjers- eller rekneskapssystemet ditt. Du vil få informasjon om korleis du hentar desse opplysningane inne i systemet.

Etter at du har importert opplysningane, må du gå gjennom og kontrollere informasjonen. Du må rette eventuelle feil eller manglar i opplysningane før du sender inn skattemeldinga.

Når selskapet bruker eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem frå ein systemleverandør, inneber det at du har inngått ein oppdragsavtale og databehandlaravtale med systemleverandøren.

Det betyr at selskapet har gitt fullmakt til at opplysningar som Skatteetaten har om deg, blir delte med systemet, slik at dei blir førehandsutfylte i skattemeldinga.

Skatteetaten sjekkar automatisk at den som bruker systemet, er tildelt ei rolle som gir personen tilgang til opplysningane dine.

Desse rollene blir støtta i skattemeldinga:

Skatteforhold for privatpersonar (A0282) (ikkje for aksjeselskap)
Avgrensa signeringsrett (SISKD)
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239)
Rekneskapsførar utan signeringsrett (A0240)
Ansvarleg revisor (A0237)
Revisormedarbeidar (A0238)
Revisorattesterar (A0298)
Kontaktperson NUF (KNUF)

Rolla du har definerer om du har rettar til å lese, redigere eller signere skattemeldinga.

Skal du levere skattemeldinga og næringsspesifikasjonen på vegner av ei bedrift, må du sørgje for å få tildelt den rolla som gir deg rettane du treng.

Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar. 

Ein revisor kan signere og sende inn skattemeldinga og næringsspesifikasjonen.

Sjå korleis signaturløysinga fungerer

Valideringstenesta til Skatteetaten sjekkar opplysningane i skattemeldinga og næringsspesifikasjonen før dei blir sende inn. Det gjer at du får ei tilbakemelding på om det er noko du burde sjå nærare på og eventuelt endre.

Les meir om validering i skattemeldinga

Avslutta selskap eller ikkje hatt omsetning

Du må levere skattemeldinga sjølv om selskapet ikkje har hatt omsetning. Dette gjeld også om selskapet nyleg har starta eller avslutta næringsverksemda.

Når du skal avslutte eit selskap, må du krevje førehandsfastsetjing etter at du har meldt selskapet oppløyst, men før du slettar selskapet frå Brønnøysundregistera.

Sjå kva du må gjere når du skal avslutte ei bedrift

Oversikt over innhaldet i skattemeldinga

Skatteetaten har laga ei oversikt over innhaldet og strukturen i skattemeldinga og næringsspesifikasjonen. I denne oversikta finn du også hjelpetekstar som skildrar krava til opplysningar og dokumentasjon.

Postar og felt for tidlegare år:
Oversikt over postar i tidlegare RF-skjema (inntektsåra 2020-2023)

Frist, utsetjing og fritak

Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 31. mai kvart år. Du kan søkje om utsetjing, men du må gjere det før fristen går ut.

Blir det vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing.

Viss du ikkje leverer innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.

Rekneskapsførarar og revisorar kan også søkje om utsetjing på vegner av klientane sine.

Utanlandske selskap (NUF) kan søkje om fritak frå levering av skattemeldinga. Fritak kan bli innvilga dersom aktiviteten som er utført i Noreg i inntektsåret i selskapet ditt, er fritatt frå skattlegging i Noreg etter ein skatteavtale.

Du søkjer fritak ved å logge deg inn og fylle ut kontaktskjemaet. Vel temaet «Skattemelding».

For å unngå tvangsmulkt for manglande levering bør du sende søknaden i god tid før fristen for leveringa av skattemeldinga.

Endre skattemeldinga for tidlegare år

Du kan sjølv endre skattemeldinga for selskapet ditt for dei tre siste inntektsåra. Du endrar med å sende inn eit nytt fullstendig oppgåvesett for det aktuelle inntektsåret frå rekneskaps- eller årsoppgjersprogrammet ditt. Du må sende inn på det same formatet som skattemeldinga vart sendt inn det gjeldande året.

Spesielt for nokre selskapstypar

Selskap med deltakarfastsetjing (SDF) er ei selskapsform med to eller fleire eigarar, som blir kalla deltakarar. Deltakarane deler ansvar og risiko.

Meir info om selskap med deltakarfastsetjing (SDF).

Norske skattytarar som er eigarar i eit NOKUS, skal skattleggjast for ein andel av det skattemessige overskottet til selskapet.

NOKUS er selskap som høyrer heime i eit lågskatteland, og der minst 50 prosent av selskapet er eigde eller kontrollerte av norske skattytarar.

Meir info om NOKUS-selskap.

Utanlandske selskap (NUF) skal levere skattemeldinga i eit rekneskapssystem eller årsoppgjerssystem, på same vis som norske aksjeselskap (AS).

Nokre utanlandske selskap (NUF), som er omfatta av EØS-regelverket, kan få tilgang til eit årsoppgjersprogram kostnadsfritt.

For å komme inn under dette regelverket må selskapet

  • vere heimehøyrande i ein EØS-stat
  • ha under 5 millionar i omsetning i Noreg
  • ha mellombels verksemd i Noreg

Dersom selskapet dykkar oppfyller desse vilkåra, kan de kontakte oss for å få tilgang til eit årsoppgjersprogram. Du søkjer tilgang ved å logge deg inn og fylle ut kontaktskjemaet. Vel temaet «Norskregistrert utanlandsk føretak». I kontaktskjemaet må de oppgi namn og e-postadresse til ein representant for selskapet med signaturrett. Då vil de få tildelt ein brukarprofil hos årsoppgjersprogrammet.

Dersom de allereie har betalt for eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram i Noreg, får de ikkje refundert kostnaden.

Utanlandske selskap skal før oppløysing og avvikling i heimlandet, levere skattemelding og krevje førehandsfastsetjing i Noreg.

Styret for det utanlandske selskapet skal sende inn skattemelding over inntekt og formue for (NUF) som blir kravd førehandsfastsett. Det omfattar inntekt og formue fram til den endelege oppløysingsdagen.

Enkeltpersonføretak (ENK)

Har du eit enkeltpersonføretak, skal du leggje inn næringsopplysningane for bedrifta di i skattemeldinga for deg som privatperson.

Hjelp til å få rett skatt

Som næringsdrivande kan du få frådrag for utgifter du har i bedrifta di.

Hjelp og støtte til systemleverandørar og samarbeidspartnarar

Ønskjer du tilgang til teknisk dokumentasjon for skattemeldinga, informasjon om korleis du kan teste systemet ditt eller andre nyttige tips, finn du dette på skattemeldinga si side på GitHub:

Du finn også informasjon om den nye skattemeldinga på Altinn digitalisering.