Frådrag for velferdstiltak

Bedrifter kan få frådrag for kostnader til tiltak der føremålet er å auke trivselen og samhøyret på arbeidsplassen.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv ei bedrift og har kostnader til velferdstiltak for personar som er knytte til bedrifta.

Dette må du gjere

  • Vurder om bedrifta har krav på frådrag for kostnadene.
  • Før kostnadene i rekneskapen.
  • Ta vare på dokumentasjonen for kostnadene du krev frådrag for.

Vilkåra for frådrag

Deltakarane må anten vere eigarar, deltakarar, tilsette, styremedlemmer i aksjeselskap, revisorar eller aksjonærar, eventuelt med følgje.

Velferdstiltaket må oppfylle alle desse vilkåra:

  • Velferdstiltaket må gjelde interessene til dei tilsette.
  • Velferdstiltaket må vere knytt til den inntektsgivande aktiviteten til bedrifta.
  • Velferdstiltaket må vere rimeleg

Typiske velferdstiltak er julebord, firmaturar, bedriftshytte og støtte til bedriftsidrettslag.

Til dømes er bidrag til treningsavgift på stader som er tilgjengelege for andre enn dei tilsette i bedrifta, ikkje eit velferdstiltak. 

  • bedrifter utan tilsette
  • bedrifter der arbeidstida og lønna til ein eller fleire av dei tilsette til saman ikkje utgjer ei full stilling
  • aksjeselskap som er eigd av éin person, eventuelt saman med ein ektefelle eller sambuar. Bedrifta må ha andre tilsette som til saman utgjer ei heil stilling. Dei tilsette kan ikkje vere ektefellar/sambuarar, eller familiemedlemmer i rett opp- eller nedstigande linje.

Grensetilfelle

Det kan vere grensetilfelle der kostnadene blir rekna som reklame eller representasjon, og ikkje velferdstiltak.

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon på kostnader du krev frådrag for viss vi ber om det.