Frådrag for utgifter til reklame

Bedrifter som reklamerer for varene og tenestene sine kan få frådrag for kostnadene til dette.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv ei bedrift og har kostnader til reklame.

Dette må du gjere

  • Vurder om bedrifta har krav på frådrag for kostnadene.
  • Før kostnadene i rekneskapen.
  • Ta vare på dokumentasjonen for kostnadene du krev frådrag for.

Vilkår for frådrag

Reklameartiklar

Gåver blir godtatte som reklame viss alle desse vilkåra er oppfylte:

  • kostnadene til kvar enkelt gåve er ikkje over maksbeløpet, inkludert meirverdiavgift
  • gåva er meint som reklame og er laga i mange eksemplar 
  • eit godt synleg firmanamn eller ein godt synleg logo er trykt på gåva

Døme:

vinopptrekkjarar, nøkkelringar, skrivesett eller bordkalendrar med firmanamn eller logo

Sponsorkostnader

Bedrifter kan få frådrag for sponsorkostnader med reklameverdi.

Døme:

bilforhandlar som låner ut bilar til idrettsutøvarar

Grensetilfelle

Det kan vere grensetilfelle der kostnadene blir rekna som velferdstiltak eller representasjon, og ikkje reklame.

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon på kostnader du krev frådrag for viss vi ber om det.