Når kunden ikkje betaler – tap på fordringar

Ei fordring er pengar bedrifta di har til gode. Viss bedrifta di ikkje får betalt, kan du krevje frådrag for tapet i inntekta. På visse vilkår kan verksemda trekkje frå meirverdiavgifta på fordringa.

Gjeld det meg?

Du kan få frådrag for tap på fordringar viss du driv verksemd.

Grunnlaget for ei fordring kan til dømes vere

  • eit sal av ei vare eller ei teneste

  • ei forskottsbetaling, det vil seie at du har betalt for ei vare eller ei teneste som du ikkje har fått 

  • eit låneforhold som er knytt til verksemda 

Frådrag

Du kan krevje frådrag for tap på ei fordring viss beløpet er inntektsført og vilkåra i punkta frå 1 til 3 er oppfylte:

Næringsverksemda kan du til dømes drive gjennom eit

  • aksjeselskap (AS)
  • allmennaksjeselskap (ASA)
  • selskap med deltakarfastsetjing (SDF, DA, ANS)
  • norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)
  • enkeltpersonføretak (ENK)

Ei fordring blir rekna som tapt viss eitt av vilkåra under punkta frå a) til d) er oppfylt: 

a) Skuldnaren har ikkje betalt deg pengane innan seks månader etter forfallsdatoen, og du har sendt minst tre purringar utan at fordringa er vorten betalt.

eller
b) Fordringa har gått til inkasso eller tvangsinndriving utan at ho er vorten betalt.

At fordringa har gått til inkasso betyr at det er sett i gang ei innkrevjing av pengane etter at betalingsfristen for fakturaen har gått ut, anten frå eigaren av fordringa eller frå eit inkassobyrå. At fordringa har gått til tvangsinndriving betyr at ein kan trekkje fordringsbeløpet frå lønna til skuldnaren eller ta pant i eigedelane til skuldnaren. Tvangsinndriving blir gjord av namsmannen.

eller
c) Skuldnaren har gått konkurs utan at det er midlar i konkursbuet til å dekkje fordringa di. Dette gjeld også ved sletting av bedrifter.

Konkurs er ei rettsleg ordning som blir brukt når ein person eller eit selskap ikkje kan betale gjelda si. Ved ein konkurs taper skuldnaren retten til å bestemme over dei eigedelane og verdiane som kan beslagleggjast.

eller
d) Andre forhold som gjer at du ikkje vil få dekt fordringa di, og ho må reknast som tapt.

Unntak

Ei fordring blir ikkje rekna som tapt viss ho er tilstrekkeleg sikra med pant, kausjon eller liknande. 

At fordringa er sikra ved kausjon, betyr at nokon andre har tatt på seg ansvaret for å betale gjelda til skuldnaren. 

For at du skal få frådrag for tapet, må fordringa ha oppstått i den ordinære verksemda di. Du har til dømes selt ei vare eller ei teneste utan å få betalt, eller du har betalt på forskott for ei vare eller ei teneste du ikkje har fått.

Døme:

Du driv næringsverksemd i form av ein bilverkstad og fakturerer ein kunde for reparasjonen av ein skade. Viss kunden ikkje betaler, kan du krevje frådrag for tapet på fordringa.

Du driv næringsverksemd i form av ein bilverkstad og låner ut pengar til ein blomsterbutikk som går konkurs. Sidan utlånet ikkje er knytt til næringsverksemda di, drifta av bilverkstaden, får du ikkje frådrag for tapet på fordringa.

Du får frådrag for tap på utlån viss det å låne ut pengar er ein del av den ordinære verksemda di, til dømes om du driv bankverksemd.

Det er i utgangspunktet ikkje frådragsrett for tap på fordringar mellom nærståande selskap.

Spesielt for

Det er i utgangspunktet ikkje frådragsrett for tap på fordringar mellom selskap som blir rekna som nærståande. Det vil seie at selskap som har finansiert eit dotterselskap, eller eit anna nærståande selskap, med lån, ikkje får frådrag for tapet dersom lånet ikkje blir betalt tilbake.

Det blir ikkje gitt frådrag for tap på fordringar viss både kreditoren (eigaren av fordringa) og debitoren (skuldnaren) er selskap som fell inn under fritaksmetoden og selskapa i tillegg er nærståande. Viss kreditoren er eit selskap med deltakarfastsetjing, har kreditoren ikkje krav på frådrag for tap på fordringar viss debitoren fell inn under fritaksmetoden og selskapa er nærståande.

Selskap blir rekna som nærståande når kreditorselskapet (eigaren av fordringa) på noko tidspunkt i levetida til fordringa har eigd 90 prosent eller meir av aksjane eller selskapsandelane i debitorselskapet (selskapet som skuldar pengane). Ved denne vurderinga skal ein likevel ikkje gå lenger tilbake enn til 1. januar i det fjerde året før salsåret.

Nokre døme:

  • Selskapa er også nærståande ved indirekte eige, viss kravet til ein eigardel på 90 prosent eller meir er oppfylt i kvart ledd i eigarkjeda:
  • Kravet til eigardel er oppfylt dersom to eller fleire av selskapa i eigarkjeda til saman oppfyller kravet til 90 prosent eigardel i debitorselskapet:
    Tap-fordring-narstaende2.png


  • Dersom både kreditorselskapet og debitorselskapet (direkte eller indirekte) er eigde med 90 prosent eller meir av eit felles morselskap, blir dei rekna som nærståande. Det betyr at det ikkje kan krevjast frådrag for tap på fordringar mellom søsterselskapa:
    Tap-fordring-narstaende3.png

Ikkje-nærståande selskap

Dersom debitorselskapet eig 90 prosent eller meir av kreditorselskapet, blir dei likevel ikkje rekna som nærståande selskap.

Nokre døme:

  • Eit heileigd dotterselskap låner ut pengar til morselskapet:
    Tap-fordring-narstaende4.png

  • Kreditorselskapet er eit dotterdotterselskap, og debitorselskapet er eit dotterselskap av det same morselskapet:
    Tap-fordring-narstaende5.png

For nokre typar fordringar som oppstår i samband med ordinær drift, vil det likevel vere frådragsrett for tap, sjølv om selskapa er nærståande. Dette gjeld for

  • tap på kundefordringar 
  • tap på fordringar der verdien av fordringa tidlegare har vore rekna som skattepliktig inntekt eller har inngått i eit gevinst- eller tapsoppgjer med skatterettsleg verknad for kreditorselskapet eller selskap som er nærståande til kreditorselskapet
  • tap på fordringar som oppstår i samband med trekantfusjonar eller trekantfisjonar som blir gjennomførte etter fordringsmodellen
  • tap på fordringar som er ein del av den normale utlånsverksemda til bankar og finansieringsføretak

Tilknytingsvilkåret gjeld også i konsern for holdingselskap, utviklingsselskap, og liknande. Som hovudregel skal verksemdene til selskapa behandlast kvar for seg også i konsernforhold, men viss kreditorselskapet (eigaren av fordringa) er sterkt integrert og aktiv i verksemda til debitorselskapet (skuldnaren), kan tilknytingsvilkåret vere oppfylt. Aktiviteten til kreditorselskapet må overstige eit visst nivå. Det er ikkje nok at kreditorselskapet eig aksjar i debitorselskapet, deltar på generalforsamlingar og sit i styret, eller at det utfører sporadiske oppgåver for debitorselskapet. Aktiviteten må vere av ein viss verdi for den ordinære verksemda til debitorselskapet.

Som aksjonær har du i utgangspunktet ikkje krav på frådrag for tap på garantiar og/eller lån til selskap du har aksjar eller eigardelar i. Dette gjeld også for aksjonærar som arbeider i selskapet og får lønn, sjølv om lånet er gitt for å sikre eiga lønnsinntekt. Dette gjeld også for deg som har andre posisjonar eller verv i selskapet, som styreleiar eller styremedlem.

Unntaket er viss aktiviteten din som aksjonær i det selskapet du har lånt ut pengar til eller stilt garanti for, blir rekna som verksemd. Då må du i så fall oppfylle krava til verksemd.

Deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing vil normalt få frådrag for tap når dei har stilt garanti for lån til kreditorane til selskapet. Dette gjeld ikkje for deltakarar i NOKUS-selskap (norsk-kontrollerte utanlandske selskap).

Viss du har gitt eit lån til, eller stilt ein garanti for, ei anna bedrift, vil du kunne få frådrag for tap på fordringa viss tapet er knytt til verksemda di. Viss du låner ut pengar til ei anna bedrift der målet er å skaffe kundar, oppdrag, tilgang til lokale, varer eller liknande, vil du kunne få frådrag for tap på fordringa.

Døme:

Viss du driv næringsverksemd som snikkar og låner ut pengar til eit byggjevarehus mot at du får redusert prisen på materialar og/eller at byggjevarehuset tilrår tenestene dine til kundane sine, kan det vere ei tilknyting mellom verksemda di og utlånet, og du kan få frådrag for tap på fordringa.

Viss du har ledig kapital mellombels plassert i ei fordring inntil midlane skal brukast i verksemda, vil eit eventuelt tap på fordringa vanlegvis bli rekna som tap i verksemd. Dette kan til dømes vere investeringar i obligasjonar og utlån. Viss målet med dette er å oppnå ei størst mogleg verdistigning eller avkastning, kan dette reknast som ei investering utan tilknyting til verksemda di, og det blir då ikkje gitt frådrag for tapet. Dette kan til dømes vere investering i aksjar.

Dette må du gjere

Du må oppgi tapet på fordringa i anten næringsspesifikasjonen eller næringsoppgåva til skattemeldinga for det året tapet er endeleg konstatert.

Dette skal du oppgi i skattemeldinga

Viss fordringa gjeld ein faktura som ikkje er betalt eller ei forskottsbetaling for ei motyting du ikkje har fått, skal heile beløpet som er tapt førast opp.

Døme:

Du har sendt ein faktura på 75 000 kroner som ikkje blir betalt. Tapet er på 75 000 kroner, og dette beløpet skal førast i skattemeldinga.

Viss du har fått ein eigedom eller ein gjenstand som dekning for fordringa, må eigedommen eller gjenstanden sin verdi på overtakingstidspunktet trekkjast frå i beløpet på fordringa.

Døme:

Du har ei fordring på 1 000 000 kroner og får ein gjenstand til ein verdi av 600 000 kroner. Tapet ditt er då på 400 000 kroner.

Viss du har frådragsført ei fordring og seinare får innbetalt heile eller delar av henne, skal dette beløpet inntektsførast.

Døme:

Du førte frådrag for tap på fordringa med 1 000 000 kroner i år 1. I år 2 får du innbetalt 400 000 kroner av denne fordringa. Du skal då inntektsføre 400 000 kroner i år 2. 

 

Dette skal du oppgi i mva-meldinga

Viss du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og fordringa inneheld meirverdiavgift, kan du føre mva-beløpet til frådrag i mva-meldinga. Beløpet skal førast i ei eiga linje på mva-meldinga for den terminen der tapet oppfyller vilkåra for frådrag. Denne delen av fordringa, mva-beløpet, skal derfor ikkje førast i skattemeldinga.

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi ber om det. Det kan til dømes dreie seg om dokumentasjon på purringane på fordringa.