Inntekt i enkeltpersonføretak

Sjå kva som er skattepliktig inntekt for enkeltpersonføretaket, og korleis du fører inntekta.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv næringsverksemd i eit enkeltpersonføretak.

Skattepliktig inntekt

All aktivitet der målet er å tene pengar, er skattepliktig inntekt. Det kan til dømes vere inntekter frå sal av varer og tenester, leigeinntekter eller tilskott. Inntekt kan også vere rettar, gjenstandar eller liknande, som du får når du sel varer eller tenester.

Inntekt som blir rapportert inn frå andre

Viss du driv næringsverksemd utan ein fast forretningsstad, og du gjer oppdrag for andre næringsdrivande som rapporterer inn inntekta, er dette skattepliktig inntekt for bedrifta di. Dette gjeld når ein sel tenester som til dømes transport, bodtenester eller handverkstenester.

Viss du er ein opphavsperson til åndsverk, og andre rapporterer inn godtgjersle eller honorar for bruken av verka dine, er dette skattepliktig inntekt for bedrifta di. Les meir om rapportering av godtgjersle til ein opphavar til åndsverk.

Ulike typar inntekt:

 

Inntekter frå ordinær drift, som til dømes sal av

  • varer (mat, klede, møblar og liknande)
  • rådgiving, undervisning eller helsetenester (lege, tannlege, fysioterapeut og liknande)
  • handverkartenester (røyrleggjar, snikkar, elektrikar eller liknande)

Dersom bedrifta bereknar utgåande meirverdiavgift, skal inntekta førast utan meirverdiavgift i næringsspesifikasjonen.

Varer, eigedelar eller tenester du som eigaren av bedrifta tar ut til eige bruk, blir rekna som skattepliktig inntekt.

Det er også uttak når du gir bort eller sel noko billeg til nærståande, som familien din og venner.

Døme på uttak:

- ein snikkar byggjer sitt eige hus i arbeidstida
- ein bedriftseigar som sel syklar gir bort ein sykkel
- ein lege tar ut bandasje frå lageret til seg sjølv
- ein gitarlærar tar gitarstrengar som er kjøpte inn til undervisning, til eige bruk

Du som eig bedrifta, skal betale skatt av verdien av vara, eigedelen eller tenesta du tar ut. Verdien er den prisen du ville fått gjennom vanleg sal, altså marknadsverdien.

Utleige av fast eigedom

Inntekter frå utleige av fast eigedom som er ein del av verksemda, til dømes utleige av bustad, butikklokale, kontorlokale eller tomt, er skattepliktig verksemdsinntekt.

Utleige av rettar, til dømes jakt- og fiskerettar

Når nokon betaler for å jakte, fiske eller plukke bær på eigedommen din, er dette skattepliktig inntekt.

Andre leigeinntekter

Inntekt frå utleige av eigedelar og frå framleige, er skattepliktig inntekt. Framleige vil seie at du leiger ut noko du sjølv leiger. Det gjeld til dømes utleige av lokale, maskiner eller parkeringsplassar.

Tilskott

Pengar frå det offentlege til bedrifta er skattepliktig inntekt. Dette kan til dømes vere:

  • lærlingtilskott og instruktørtilskott
  • ekstraordinære tilskott, som rentesubsidiar
  • likviditetstilskott og investeringstilskott

    Det er unntak for

    • tilskott til investeringar som er distriktsretta investeringsstøtte til bedrifter i område der utfordringane for lønnsam verksemd er størst
    • tilskott til investeringar og bedriftsutvikling i landbruket

     

Refusjon

Godtgjersler frå det offentlege, i tillegg til det kundar eller pasientar betaler, er skattepliktig inntekt. Dette kan til dømes vere refusjon til lege, tannlege eller fysioterapeut for behandling.

Stipend og tilskott til etablering

Stipend eller tilskott i etableringsfasen er skattepliktig inntekt. Dette gjeld både stipend og tilskott frå det offentlege og frå private kjelder, til dømes frå ein bank.

Tilskott kan vere rettsbaserte eller behovsprøvde. Nokre tilskot skal erstatte inntekt, og andre skal bidra til å dekkje kostnader.

Somme av tilskotta er skattepliktige og andre er skattefrie. I nokre tilfelle må det vurderast om tilskottet har den nødvendige tilknytinga til ei skattepliktig inntekt eller til ein kostnad som gir rett til frådrag.

Inntekter frå prosent av sal som er gjort på vegner av andre, er skattepliktig inntekt. Det kan til dømes vere

  • eit reisebyrå som får provisjon frå eit flyselskap for selde flybillettar
  • ein bokseljar som får provisjon frå forlaget for bøker han har selt

Inntekter frå lisensar, patent og royaltyar er skattepliktig inntekt, til dømes:

  • betaling frå nokon som har løyve til å bruke noko bedrifta eig eller har utvikla, til dømes programvare eller varemerke
  • inntekt frå utleige eller sal av ein dokumentert einerett til bedrifta si oppfinning
  • betaling frå nokon som bruker åndsverk bedrifta har produsert, til dømes musikk, fotografi eller tekst

Andre driftsinntekter som ikkje kjem frå hovudaktiviteten til bedrifta, til dømes:

  • renter på kundefordringar
  • renter på tapte krav
  • vederlag, pengar eller motytingar frå sal av ikkje-avskrivbare driftsmiddel eller eigedelar som ikkje fell i verdi på grunn av bruk over tid, til dømes ei tomt.

Bedrifta må betale skatt av gevinsten frå sal eller uttak av driftsmiddel. Driftsmiddel er eigedelar, som til dømes bilar, maskiner eller inventar, som blir brukte i bedrifta.

Bedrifta kan velje å ta heile eller delar av salssummen eller omsetningsverdien som inntekt i salsåret. Den delen av salssummen eller omsetningsverdien som bedrifta ikkje inntektsfører i salsåret, skal nedskrivast på saldo eller overførast til gevinst- og tapskontoen.

Om sal av eigedelar

Bedrifter som driv investeringsverksemd, og som har gevinst frå sal av langsiktige investeringar (finansielle anleggsmiddel), får dette som skattepliktig inntekt.

Finansielle anleggsmiddel er summen av aksjar, andelar, grunnfondsbevis, obligasjonar og andre varige, finansielle middel som bedrifta eig.

Ein valutagevinst er til dømes når bedrifta får ein faktura i ein utanlandsk valuta, og verdien av valutaen er lågare når fakturaen blir betalt. Denne gevinsten blir rekna som skattepliktig inntekt.

Finansinntekter frå til dømes gebyr og transaksjonar, er også skattepliktig inntekt.

Sjukepengar er inntekt som erstattar driftsinntekt, og det blir rekna som skattepliktig inntekt.

Skattegrunnlaget til bedrifta

Du betaler skatt av overskottet frå bedrifta. Overskottet er inntektene minus kostnadene.

Du må også berekne og oppgi personinntekta frå enkeltpersonføretaket.

Viss du driv enkeltpersonføretaket i ein annan kommune enn der du bur, må du fordele inntekt, frådrag og formue til denne kommunen i skattemeldinga. 

Tidspunktet inntektene skal førast

Alle inntekter skal vere med i skattegrunnlaget for det året dei er opptente, sjølv om du får betalt eit anna år.

Kontantsal

Viss du sel varer eller tenester, og kunden betaler med ein gong med kontantar, betalingskort eller ei betalingsløysing på mobil (til dømes Vipps), er det kontantsal. Du skal føre inntekta i rekneskapen med ein gong.

Kredittsal

Viss du sel varer eller tenester på kreditt, skal du føre inntekta i rekneskapen på det tidspunktet vara eller tenesta vart seld. Det har ikkje noko å seie kva tid du får betalt. 

Døme:

Viss bedrifta sel ei vare eller utfører ei teneste i år 1, men først får betalt i år 2, skal bedrifta føre inntekta og betale skatt for betalinga i år 1.

Sal av driftsmiddel (eigedelar)

Driftsmiddel er eigedelar, som til dømes bilar, maskiner eller inventar, som blir brukte i bedrifta. Eit driftsmiddel blir rekna som varig når det er kjøpt inn for å ha ei brukstid på minst tre år, og det blir rekna som betydeleg når innkjøpsprisen er over beløpsgrensa for kjøp (anskaffingar).

  • til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
  • frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner

Når du sel varige og betydelege driftsmiddel med gevinst, kan du velje å fordele inntekta over fleire år.

Fordelinga gjer du ved hjelp av saldogrupper og saldoavskriving, eller ved hjelp av gevinst- og tapskonto.

Når bedrifta di kjøper varige og betydelege driftsmiddel, som taper seg i verdi fordi dei blir eldre eller blir brukte, skal du føre dette i balansen og fordele kostnader over fleire år i rekneskapen (avskriving). På denne måten kan bedrifta di få frådrag i inntekta i åra framover etter kvart som verdien på driftsmidla blir lågare. 

Du bereknar frådraget du kan få for kostnadene ved hjelp av saldoavskrivingar. Då skriv du av driftsmidla med ein fast prosentsats i rekneskapen kvart år.

Dei ulike typane driftsmiddel er delte inn i ulike grupper (saldogrupper). Saldogruppene har ulike avskrivingssatsar som seier kor stor prosentsats du kan frådragsføre kvart år.

Driftsmiddel i saldogruppe a til d skal avskrivast under eitt
for kvar gruppe (gruppevis/samlesaldo). Det vil seie at det er
mange driftsmiddel i den same saldogruppa. Det er totalsummen
for heile saldogruppa som er grunnlaget for avskrivinga. 

Driftsmiddel i saldogruppe e til i, skal førast på ein
eigen saldo for kvart driftsmiddel (enkeltvis/enkeltsaldo). Har du til
dømes fleire bygg, vil kvart enkelt bygg ha sin eigen saldo.
Har du fleire bygg, blir det fleire saldogrupper h.  

Faste, tekniske installasjonar som inngår i gruppe j, skal avskrivast på
samlesaldo for kvart bygg.

Bedrifta bruker ein gevinst- og tapskonto til å halde oversikt over fordelinga av inntekt og frådrag for åra framover.

Både gevinst og tap skal førast på gevinst- og tapskontoen. Kvart sal skal førast som eit positivt eller negativt beløp, og kontoen har ein saldo som er summen av alle beløpa.

Du kan berre ha éin gevinst- og tapskonto i bedrifta di, med mindre du driv fleire ulike typar næringsverksemd, til dømes at du er sjølvstendig konsulent og samtidig driv jordbruk.

Føre inntekt for ulike driftsmiddel

Når du sel eller tar ut driftsmiddel som skal saldoavskrivast
på gruppe a, c, d eller j, kan bedrifta velje å inntektsføre salssummen
eller omsetningsverdien heilt eller delvis i salsåret. Avskrivingane på
saldo skal halde fram som før.  

Den delen av salssummen eller omsetningsverdien som bedrifta ikkje
inntektsfører i salsåret, skal reduserast (nedskrivast) på saldoen for
driftsmiddelet.  

Viss saldoen er negativ ved utgangen av inntektsåret for saldogruppe
a, c, d og j, skal bedrifta inntektsføre minst ein like stor andel som det
bedrifta kunne ha avskrive driftsmiddelet med (tilsvarande avskrivingssatsen til gruppa). 

Døme:

Saldogruppe d – Personbilar – 20 % (samlesaldo)
  Personbilar har ein inngåande saldo i år 1                 250 000 kr 
  Ein av personbilane blir selde i år 1 for                          700 000 kr
  
  Negativ saldo i år 1                                                -  450 000 kr

  Sum som blir ført til inntekt i år 1
  (20 % av 450 000)                                                        90 000 kr

Negativ saldo per 31/12 – blir overført til år 2                - 360 000 kr

Dersom den negative saldoen ved årsskiftet er mindre enn beløpsgrensa for kjøp, skal heile beløpet førast som inntekt.

  • til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
  • frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner

Negativ saldo i saldogruppe b skal overførast til gevinst- og tapskontoen.

Når du sel eller tar ut driftsmiddel som skal saldoavskrivast på gruppe e til i, skal du berekne gevinst og tap av salet eller uttaket. Dette gjeld for enkeltvise driftsmiddel med større verdiar.

Viss bedrifta har gevinst frå sal eller uttak av større driftsmiddel i saldogruppe e til i, er det skattepliktig inntekt. Viss bedrifta sel eller tar ut driftsmiddel med tap, kan bedrifta få frådrag.

Du kan føre heile gevinsten som inntekt i salsåret, eller du kan velje å føre inntekta på gevinst- og tapskontoen til bedrifta slik at du fordeler gevinsten over fleire år. 

Bedrifta bruker ein gevinst- og tapskonto til å halde oversikt over fordelinga av inntekt og frådrag for åra framover.

Både gevinst og tap skal førast på gevinst- og tapskontoen. Kvart sal skal førast som eit positivt eller negativt beløp, og kontoen har ein saldo som er summen av alle beløpa.

Du kan berre ha éin gevinst- og tapskonto i bedrifta di, med mindre du driv fleire ulike typar næringsverksemd, til dømes at du er sjølvstendig konsulent og samtidig driv jordbruk.

Viss saldoen på gevinst- og tapskontoen står i pluss (positiv saldo), skal bedrifta føre minst 20 prosent av beløpet som inntekt. Viss saldoen på gevinst- og tapskontoen står i minus (negativ saldo), kan bedrifta føre frådrag for maksimalt 20 prosent av beløpet.

Ettersom beløpa blir berekna med prosent, blir både inntekter og frådrag størst det første året, før dei gradvis blir reduserte i åra framover.

Dersom saldoen er under beløpsgrensa for kjøp, skal heile beløpet førast som inntekt eller frådrag for det inntektsåret.

  • til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
  • frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner

 

Døme:

Bedrifta sel ein bygning i saldogruppe h. Verdien
på bygningen var 700 000 kroner (nedskriven verdi) og
bygningen vart seld for 1 000 000 kroner. Bedrifta fører gevinsten på 300 000 kroner på gevinst- og tapskontoen.

Gevinsten som skal førast som inntekt i salsåret er 60 000 kroner (20 % av 300 000 kroner). For år 2 er det igjen 240 000 kroner på kontoen (300 000 – 60 000), og bedrifta fører 48 000 kroner som inntekt i år 2 (20 % av 240 000 kroner).

Når saldoen kjem under beløpsgrensa for kjøp, må restbeløpet førast som inntekt.

 

Underskott

Viss du har kostnader i bedrifta di som er større enn inntektene, får du eit underskott som du kan krevje frådrag for.

Eit underskott i bedrifta kan du føre til frådrag i skattemeldinga i anna alminneleg inntekt (nettoinntekt) det same året som underskottet oppstod.

Er det ikkje dekning for å bruke heile underskottet i den alminnelege inntekta (nettoinntekta) for det gjeldande året, skal ein overføre resten til frådrag i følgjande år – dette blir kalla framførbart underskott.

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.