Inntekt i aksjeselskap (AS)
Sjå kva som er skattepliktig inntekt og kva som er skattegrunnlaget for eit aksjeselskap.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som har eit aksjeselskap.
Aksjeselskapet har sjølvstendig skatteplikt, med ei eiga skattemelding og eit eige skatteoppgjer. Når pengar og andre eigedelar blir brukte privat, eller blir tatte ut av selskapet, kan dette påverka skatten, både for selskapet og deg som aksjonær og/eller lønnsmottakar i selskapet.
Hugs at du aldri skal blande selskapsøkonomien og den private økonomien din, eller andre private forhold.
Ulike typar inntekt
Inntekter frå ordinær drift, som til dømes sal av
- varer (mat, klede, møblar og liknande)
- rådgiving, undervisning eller helsetenester (lege, tannlege, fysioterapeut og liknande)
- handverkartenester (røyrleggjar, snikkar, elektrikar eller liknande)
Dersom bedrifta bereknar utgåande meirverdiavgift, skal inntekta førast utan meirverdiavgift i næringsspesifikasjonen.
Viss selskapet sel varer eller tenester til deg som tilsett, eller til andre tilsette, kan selskapet gi ein skattefri personalrabatt til kvar tilsett med 8 000 kroner per år. Viss selskapet har gitt større rabattar, er det overskytande beløpet skattepliktig inntekt for selskapet.
Skattepliktig rabatt (personalrabatt)
Det same gjeld sal frå selskapet til dine næraste, til dømes familiemedlemmar.
Utleige av fast eigedom
Inntekt frå utleige av fast eigedom, til dømes bustad, butikklokale, kontorlokale eller tomt, er skattepliktig inntekt.
Andre leigeinntekter
Inntekt frå utleige av eigedelar, og frå framleige er skattepliktig inntekt. Framleige vil seie at du leiger ut noko du sjølv leiger. Det gjeld til dømes utleige av lokale, maskiner eller parkeringsplassar.
Det er skattepliktig inntekt for selskapet viss du som eigar av selskapet, eller dine næraste
- tar ut eigedelar frå selskapet. Det gjeld også viss uttaket er ei gåve.
- bruker selskapet sine eigedelar, til dømes ein eigedom. Det same gjeld viss de bruker selskapet sine eigedelar til redusert pris.
Du skal ta utgangspunkt i marknadsverdien for å berekna inntekta.
Dersom det er betalt ein sum, er det salsinntekt for selskapet. Marknadsverdien minus eventuell betaling, er skattepliktig inntekt som uttak for selskapet.
Døme:
Viss du som eigar betaler 150 000 kroner for ein bil som har ein omsetningsverdi på 200 000 kroner, skal selskapet bruke 200 000 kroner som inntekt ved sal av bilen.
Viss bilen var eit avskrivbart driftsmiddel, kan selskapet i staden for inntekt, velje å føre heile eller delar av 200 000 kroner som reduksjon av grunnlaget for avskriving.
Inntekter frå til dømes renter på bankinnskott og utbytte er kapitalinntekt.
Inntekter som ikkje er ein del av næringsverksemda, skal også reknast som inntekt.
Døme:
Eit selskap som driv legeverksemd har utleigeinntekter frå ei hytte som selskapet eig. Inntektene frå utleigeverksemda eller den berekna fordelen ved privat bruk, er skattepliktig inntekt for selskapet.
Aksjeutbytte og aksjegevinst frå investeringar i andre aksjeselskap er fritatte for skatt for den delen som fell inn under fritaksmetoden.
Viss selskapet er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetjing (SDF), skal aksjeselskapet føre andelen sin av det skattbare overskottet i SDF-et som inntekt.
Viss eit aksjeselskap får ei utdeling frå eit SDF, eller har gevinst frå sal av andelar i SDF-et, følgjer dette fritaksmetoden.
Gevinsten er skattepliktig inntekt. Det gjeld uansett om eigedelen er brukt i selskapsverksemda eller ikkje.
Tilskott
Tilskott frå det offentlege for å erstatte inntekt eller dekkje kostnader, er skattepliktig inntekt. Tilskotta skal dekkje:
- bortfall av inntekt (ordinær inntekt)
- kostnadene til bedrifta – skal reduserast med kostnader dei dekkjer. Resten av tilskottet skal førast som inntekt
- kjøp av driftsmiddel – reduserer kjøpskostnaden for bedrifta.
Døme på tilskott kan vere:
- lærlingtilskott, instruktørtilskott
- ekstraordinære tilskott som rentesubsidiar, likviditetstilskott og investeringstilskot
- tilskott gjennom kompensasjonsordninga for næringslivet
Det finst nokre unntak for skatteplikta, som til dømes nokre typar investeringstilskott i distrikta.
Refusjon
Godtgjersler frå det offentlege, i tillegg til det kundar eller pasientar betaler, er skattepliktig inntekt. Dette kan til dømes vere refusjonar til lege, tannlege eller fysioterapeut for behandling.
Stipend og tilskott til etablering
Stipend eller tilskott i etableringsfasen er skattepliktig inntekt. Det gjeld stipend og tilskott frå det offentlege og frå private kjelder, til dømes frå ein bank.
Inntekter frå prosentar av sal som er gjorde på vegner av andre, er skattepliktig inntekt. Det kan til dømes vere
- eit reisebyrå som får provisjon frå eit flyselskap for selde flybillettar.
- ein bokseljar som får provisjon frå forlaget for bøker ho har selt.
Inntekter frå lisensar, patent og royaltyar er skattepliktig inntekt, til dømes:
- betaling frå nokon som har løyve til å bruke noko bedrifta eig eller har utvikla, til dømes programvare eller varemerke
- inntekt frå utleige eller sal av ein dokumentert einerett til bedrifta si oppfinning
- betaling frå nokon som bruker åndsverk bedrifta har produsert, som til dømes musikk, fotografi eller tekst
Ein valutagevinst er til dømes viss bedrifta får ein faktura i ein utanlandsk valuta, og verdien av valutaen er lågare når fakturaen blir betalt. Denne gevinsten blir rekna som skattepliktig inntekt.
Finansinntekter frå til dømes gebyr og transaksjonar er også skattepliktig inntekt.
Skattegrunnlaget til selskapet
Skattegrunnlaget til aksjeselskapet er det skattemessige nettoresultatet. Det vil seie alle inntekter minus alle kostnader og frådrag ifølgje skattelova.
Ulike reglar i rekneskapslova og skattelova
Eit aksjeselskap bereknar årsresultat etter reglane i rekneskapslova. Rekneskapslova og skattelova har ulike måtar å berekne verdiar og fastsetje inntekter og frådrag på. Desse skilnadene kan anten vere permanente eller mellombelse. Når du skal berekne skattegrunnlaget, må du korrigere for desse skilnadene.
Korrigere frå resultat i rekneskapen til skattemessig næringsinntekt
Tidspunktet inntektene skal førast
Alle inntekter skal vere med i skattegrunnlaget for det året dei er opptente, sjølv om du får betalt eit anna år.
Kontantsal
Viss du sel varer eller tenester, og kunden betaler med ein gong med kontantar, betalingskort eller ei betalingsløysing på mobil (til dømes Vipps), er det kontantsal. Du skal føre inntekta i rekneskapen med ein gong.
Kredittsal
Viss du sel varer eller tenester på kreditt, skal du føre inntekta i rekneskapen på det tidspunktet vara eller tenesta vart seld. Det har ikkje noko å seie kva tid du får betalt.
Døme:
Viss bedrifta sel ei vare eller utfører ei teneste i år 1, men først får betalt i år 2, skal bedrifta føre inntekta og betale skatt for betalinga i år 1.
Sal av eigedelar
Brukte i selskapet (driftsmiddel)
Driftsmiddel er eigedelar, som til dømes bilar, maskiner eller inventar, som blir brukte i selskapet. Eit driftsmiddel blir rekna som varig når det er kjøpt inn for å ha ei brukstid på minst tre år, og det blir rekna som betydeleg når innkjøpsprisen er over beløpsgrensa for kjøp (anskaffingar).
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Når du sel varige og betydelege driftsmiddel med gevinst, kan du velje å fordele inntekta over fleire år.
Fordelinga gjer du ved hjelp av saldogrupper og saldoavskriving eller ved hjelp av gevinst- og tapskonto.
Når selskapet ditt kjøper varige og store driftsmiddel, kan selskapet fordele kostnadene over fleire år (avskriving). På den måten kan selskapet få frådrag i inntekta i åra framover, etter kvart som verdien på driftsmidla blir lågare.
Du bereknar frådraget selskapet kan få for kostnadene ved hjelp av saldoavskrivingar. Då skriv du av driftsmidla med ein fast prosentsats kvart år.
Dei ulike typane driftsmiddel er delte inn i ulike grupper (saldogrupper). Saldogruppene har ulike avskrivingssatsar, som seier kor stor prosentsats du kan frådragsføre kvart år.
Om saldogrupper og satsar for avskriving
Driftsmiddel i saldogruppe a til d skal avskrivast under eitt
for kvar gruppe (gruppevis/samlesaldo). Det betyr at det er
mange driftsmiddel i den same saldogruppa. Det er totalsummen
for heile saldogruppa som er grunnlaget for avskriving.
Driftsmiddel i saldogruppe e til i, skal førast på ein
eigen saldo for kvart driftsmiddel (enkeltvis/enkeltsaldo). Har selskapet til dømes fleire bygg, vil kvart enkelt bygg ha sin eigen saldo.
Har selskapet fleire bygg, blir det fleire saldogrupper h.
Faste, tekniske installasjonar som inngår i gruppe j, skal avskrivast på ein
samlesaldo for kvart bygg.
Selskapet bruker ein gevinst- og tapskonto til å halde oversikt over fordelinga av inntekt og frådrag for åra framover.
Både gevinst og tap skal førast på gevinst- og tapskontoen. Kvart sal skal førast som eit positivt eller negativt beløp, og kontoen har ein saldo som er summen av alle beløpa.
Selskapet kan berre ha éin gevinst- og tapskonto, med mindre selskapet driv fleire ulike typar næringsverksemd, til dømes at selskapet driv verksemd som konsulent og samtidig driv jordbruk.
Når selskapet sel driftsmiddel som tidlegare har vore avskrivne, kan selskapet velje å inntektsføre heile eller delar av salssummen i salsåret. Den delen som eventuelt ikkje blir inntektsført, skal førast mot den gjenståande avskrivne verdien.
Føre inntekt for ulike driftsmiddel
Når du sel eller tar ut driftsmiddel som skal saldoavskrivast
på gruppe a, c, d eller j, kan bedrifta velje å inntektsføre salssummen
eller omsetningsverdien heilt eller delvis i salsåret. Avskrivingane på
saldo skal halde fram som før.
Den delen av salssummen eller omsetningsverdien som bedrifta ikkje
inntektsfører i salsåret, skal reduserast (nedskrivast) på saldoen for
driftsmiddelet.
Viss saldoen er negativ ved utgangen av inntektsåret for saldogruppe
a, c, d og j, skal bedrifta inntektsføre minst ein like stor andel som det
bedrifta kunne ha avskrive driftsmiddelet med (tilsvarande avskrivingssatsen til gruppa).
Døme:
Saldogruppe d – Personbilar – 20 % (samlesaldo)
Personbilar har ein inngåande saldo i år 1 250 000 kr
Ein av personbilane blir selde i år 1 for 700 000 kr
Negativ saldo i år 1 - 450 000 kr
Sum som blir ført til inntekt i år 1
(20 % av 450 000) 90 000 kr
Negativ saldo per 31/12 – blir overført til år 2 - 360 000 kr
Dersom den negative saldoen ved årsskiftet er mindre enn beløpsgrensa for kjøp, skal heile beløpet førast som inntekt.
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Negativ saldo i saldogruppe b skal overførast til gevinst- og tapskontoen.
Når du sel eller tar ut driftsmiddel som skal saldoavskrivast på gruppe e til i, skal du berekne gevinst og tap av salet eller uttaket. Dette gjeld for enkeltvise driftsmiddel med større verdiar.
Viss bedrifta har gevinst frå sal eller uttak av større driftsmiddel i saldogruppe e til i, er det skattepliktig inntekt. Viss bedrifta sel eller tar ut driftsmiddel med tap, kan bedrifta få frådrag.
Du kan føre heile gevinsten som inntekt i salsåret, eller du kan velje å føre inntekta på gevinst- og tapskontoen til bedrifta slik at du fordeler gevinsten over fleire år.
Bedrifta bruker ein gevinst- og tapskonto til å halde oversikt over fordelinga av inntekt og frådrag for åra framover.
Både gevinst og tap skal førast på gevinst- og tapskontoen. Kvart sal skal førast som eit positivt eller negativt beløp, og kontoen har ein saldo som er summen av alle beløpa.
Du kan berre ha éin gevinst- og tapskonto i bedrifta di, med mindre du driv fleire ulike typar næringsverksemd, til dømes at du er sjølvstendig konsulent og samtidig driv jordbruk.
Viss saldoen på gevinst- og tapskontoen står i pluss (positiv saldo), skal bedrifta føre minst 20 prosent av beløpet som inntekt. Viss saldoen på gevinst- og tapskontoen står i minus (negativ saldo), kan bedrifta føre frådrag for maksimalt 20 prosent av beløpet.
Ettersom beløpa blir berekna med prosent, blir både inntekter og frådrag størst det første året, før dei gradvis blir reduserte i åra framover.
Dersom saldoen er under beløpsgrensa for kjøp, skal heile beløpet førast som inntekt eller frådrag for det inntektsåret.
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Døme:
Bedrifta sel ein bygning i saldogruppe h. Verdien
på bygningen var 700 000 kroner (nedskriven verdi) og
bygningen vart seld for 1 000 000 kroner. Bedrifta fører gevinsten på 300 000 kroner på gevinst- og tapskontoen.
Gevinsten som skal førast som inntekt i salsåret er 60 000 kroner (20 % av 300 000 kroner). For år 2 er det igjen 240 000 kroner på kontoen (300 000 – 60 000), og bedrifta fører 48 000 kroner som inntekt i år 2 (20 % av 240 000 kroner).
Når saldoen kjem under beløpsgrensa for kjøp, må restbeløpet førast som inntekt.
Ikkje brukt i selskapet
Viss du sel ein eigedel som ikkje er ein del av selskapsverksemda, må du føre gevinsten i salsåret.
Underskott
Viss selskapet ditt går med underskott eit år, kan du trekkje frå dette underskottet i framtidige år – når selskapet ditt går med overskott. Dette blir kalla framførbart underskott. Merk at du må bruke det med ein gong du går med overskott.
Døme:
Eit selskap har eit underskott i år 1 på 300 000 kroner. I år 2 er overskottet 200 000 kroner. Overskottet i år 3 er 250 000 kroner.
I år 1 er skattegrunnlaget 0 kroner, og det framførbare underskottet blir 300 000 kroner.
I år 2 blir 200 000 kroner av det framførbare underskottet brukt. Skattegrunnlaget blir 0 kroner, og det gjenståande framførbare underskottet blir 100 000 kroner.
I år 3 blir dei siste 100 000 kronene av det framførbare underskottet brukt. Skattegrunnlaget blir 150 000 kroner. Det framførbare underskottet blir 0 kroner.
Dokumentasjon
Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.