Fordele formue og inntekt mellom kommunar  

Du skal betale skatt på formue og inntekt frå næringsverksemda til den kommunen der verksemda blir driven.   

Gjeld det meg?

Det gjeld deg som driv eit enkeltpersonføretak (ENK) i ein annan kommune enn der du bur. 

Bustadkommunen er kommunen der du har heimen din.

Dette må du gjere

Fordel inntekt, frådrag og formue mellom kommunar i skattemeldinga. 

Dersom du driv næringsverksemd i ein annan kommune enn der du bur, skal du fordele inntekt, frådrag og formue til denne kommunen i skattemeldinga. 

  • Fast eigedom 
  • Anlegg 
  • Kontor 
  • Vareproduksjon   
  • Kraftføretak 
  • Legevaktkøyring 
  • Sjukehuslege 
  • Turnuskandidat

Reglane om stadbunden skattlegging av formue og inntekt finn du her: Skatte-ABC.

Skattepliktig til Svalbard

Næring på Svalbard

Datoar og fristar

Du må levere skattemeldinga med næringsopplysningar seinast 31. mai.  

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.