Tilleggsforskott for næringsdrivande

Ser du at du får restskatt, kan du vurdere å betale inn tilleggsforskott. Slik kan du sleppe å betale renter på restskatten.

Fristen for å betale er 31. mai.

Du får restskatt når den utrekna skatten i skatteoppgjeret er høgare enn summen du har betalt i forskottsskatt og eventuelt forskottstrekk (dersom du òg er tilsett).

Restskatten må du betale innan tre veker etter at skatteoppgjeret er sendt ut.

Slik betaler du tilleggsforskott

Bruk opplysningane om KID-nummer og kontonummer som du fekk saman med skattemeldinga.

Manglar du betalingsopplysningane, kan du lage KID-nummer og finne kontonummeret.

Unngå renter

For å sleppe renter på restskatt kan du som næringsdrivande betale tilleggsforskott innan 31. mai. Dersom den 31. er ein helgedag, er fristen første yrkedagen etter.

 

Det kan hende at tilleggsforskottet du har betalt inn, ikkje blir godkjent. Grunnen til det kan vere at du har betalt etter fristen 31. mai, eller at du har brukt feil KID-nummer. I slike tilfelle kan du få tilbakebetalt beløpet før skatteoppgjeret. Beløpet kan òg bli brukt til å betale forskott på restskatt.

Du kan klage på at beløpet ikkje vart godkjent som tilleggsforskott. Klagefristen er tre veker frå du fekk melding om at beløpet ikkje vart godkjent. Dersom du vart informert om dette då du fekk skatteoppgjeret, gjeld fristen frå dette tidspunktet.

I klagen må du ta med følgjande:

  • Kvifor du meiner at beløpet skal godkjennast som tilleggsforskott.
  • Fødselsnummer/organisasjonsnummer og skatteår.