Biletkunstnarar med eiga bedrift

Er du ein næringsdrivande biletkunstar, må du skatte av inntektene du har, og du får frådrag for kostnadene du har som er knytte til kunstnarverksemda. 

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som er biletkunstnar og blir rekna som næringsdrivande. 

Du må ha ei eiga bedrift, som til dømes eit enkeltpersonføretak eller eit aksjeselskap. 

Dette blir rekna som biletkunst

Biletkunst omfattar mellom anna kunstformer som målarkunst, teiknekunst, grafikk, skulptur, biletvev, fotografi, video, datakunst, installasjonar og graffiti.

Arkitektur, litteratur, musikk, dans, dramatikk og handverksfag som design og kunsthandverk, blir ikkje omfatta. 

Dette må du gjere 

Skattekort og forskottsskatt 

Sjekk skattekortet ditt, og hugs å betale forskottsskatt. Du skal betale forskottsskatt av det overskottet du trur du vil få.

Rekneskap

Du må føre rekneskap. Bokfør etter kvart inntektene og kostnadene du har i bedrifta gjennom året. 

Inntekter og kostnader 

Næringsdrivande biletkunstnarar som sel eigenproduserte kunstverk, skal føre inntekter og kostnader i rekneskapen. 

Du skal følgje kontantprinsippet, noko som vil seie at inntekter av selde kunstverk skal takast med i rekneskapen det året verka blir selde. 

På same måten skal kostnader førast i rekneskapen det året dei blir betalte. 

Varelager 

Du skal ikkje føre ferdige kunstverk som varelager i rekneskapen, sidan det er kontantprinsippet som gjeld. 

Kostnadene som går med til å produsere kunstverka, skal takast med i rekneskapen same året som dei blir betalte. 

Skattemelding 

Du må levere skattemelding med næringsspesifikasjon seinast 31. mai. 

Rekneskapen er grunnlaget for utfyllinga av næringsspesifikasjonen. Du må oppgi alle inntektene og kostnadene du har i næringsverksemda. 

Salsinntekter på under 50 000 kroner

Har du salsinntekter på under 50 000 kroner, får du ein enklare næringsspesifikasjon som er tilpassa deg. 

 

Viss verksemda di er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du levere mva-meldingarDu skal også levere mva-meldingar for periodar der du ikkje har selt noko.

Inga meirverdiavgiftsplikt ved sal av eigen kunst 

Du skal ikkje berekne og betale meirverdiavgift når du sel kunstverk du har laga sjølv. Det same gjeld om du sel opphavsrettar til eigne kunstverk. 

Døme på eigne originale kunstverk: 

  • måleri, teikningar, kollasjar 
  • grafiske arbeid som stikk, trykk og litografiar som er signerte og nummererte i eit tal avgrensa oppover til 300 stykke 
  • skulpturar, relieff og installasjonar 
  • digitale kunstverk 
  • biletteppe, biletvev og annan tekstilkunst 
  • kunstnariske fotografi (bilete frå ordinær fotografverksemd er ikkje sett på som kunstnariske fotografi) 

Sel du berre eigen kunst, skal du ikkje registrere verksemda di i Meirverdiavgiftsregisteret. Då får du heller ikkje frådrag for meirverdiavgifta på varene og tenestene du kjøper inn for å lage kunsten. 

Les meir om korleis meirverdiavgifta fungerer.

Meirverdiavgift på brukskunst og kunsthandverk 

Som brukskunst og kunsthandverk reknar ein typiske bruksting som til dømes klede, bollar, fat, lamper og smykke. Sal av slike varer er meirverdiavgiftspliktige.

Viss du sel brukskunst og kunsthandverk for meir enn 50 000 kroner innanfor ein periode på tolv månader, skal du derfor registrere verksemda di i Meirverdiavgiftsregisteret. 

Du får frådrag for meirverdiavgifta på innkjøpa du har til brukskunst og kunsthandverk når verksemda di er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. 

Meirverdiavgift ved sal av andre typar varer og tenester 

Viss du sel andre typar varer eller tenester i tillegg til kunstnarverksemda, kan det vere du pliktar å registrere denne delen av verksemda di i Meirverdiavgiftsregisteret. I så fall skal du berekne og betale meirverdiavgift. Salet må vere på meir enn 50 000 kroner innanfor ein periode på tolv månader.

Lagar du til dømes rammer til bilete for andre kunstnarar eller kundar, er dette sal som er meirverdiavgiftspliktige og som du skal berekne og betale meirverdiavgift på. Det same gjeld viss du sel målarutstyr.  

Bruker du av dei same varene for å lage eigen kunst, må du berekne og betale meirverdiavgift på det du sjølv bruker, som om du hadde selt varene til andre. 

Du får frådrag for meirverdiavgifta på innkjøpa du har til denne delen av verksemda. 

Sel du målekurs, skal du ikkje berekne og betale meirverdiavgift på kursavgifta. Kursverksemd er undervisning, som er unntatt frå meirverdiavgiftsplikta. 

Er du usikker på om du skal registrere verksemda di i Meirverdiavgiftsregisteret for heile eller delar av inntekta, kan du kontakte Skatteetaten.

Er verksemda di meirverdiavgiftspliktig og registrert i Meirverdiavgiftsregisteret for slikt sal, får du frådrag for heile eller delar av meirverdiavgifta du betaler på innkjøpa du har i denne delen av verksemda. 

Har du kostnader til innkjøp som berre er knytte til inntekter som du skal berekne og betale meirverdiavgift på, får du frådrag for heile beløpet du betaler i meirverdiavgift på innkjøpa. 

Viss innkjøpa dine er knytte til både meirverdiavgiftspliktige og ikkje-meirverdiavgiftspliktige inntekter, får du berre frådrag for den delen av den betalte meirverdiavgifta som er knytt til inntektene du skal berekne og betale meirverdiavgift på. 

Fordelinga skal vere i forhold til kor stor del du faktisk har brukt innkjøpa i den meirverdiavgiftspliktige og den ikkje-meirverdiavgiftspliktige delen av verksemda. 

Er det vanskeleg å fordele meirverdiavgifta på innkjøpa etter den faktiske bruken, kan du fordele henne etter storleikane på den meirverdiavgiftspliktige omsetninga og den ikkje-meirverdiavgiftspliktige omsetninga. 

Les meir om frådrag og fordeling av meirverdiavgift. Der finn du også gode døme på korleis du skal fordele. 

 

 

Salsinntekter 

Døme på salsinntekter: Sal frå atelier og utstillingar, formidlingssal og utstillingsvederlag. Inntekter frå kunstoppdrag og oppdrag som kunstkonsulent, må også reknast med. 

Har du gitt eit kunstverk i gåve, til dømes til nokon i familien eller til eit velgjerande føremål, skal salsverdien av kunstverket takast med som salsinntekt. 

Sal av brukt utstyr som ikkje blir saldoavskrive, som til dømes brukt fotoutstyr, skal også takast med som salsinntekt. 

Andre inntekter 

Døme på andre inntekter: Stipend, prisar, reisetilskott og konkurransepremiar. 

Stipend som er mottatt for å dekkje spesifiserte kostnader, skal takast med som inntekt berre for den delen som overstig dei kostnadene stipendet er meint å dekkje. 


Kostnader 

Varekostnader, som kostnader til materiell for å lage kunstverk, og andre driftskostnader, som kostnader til mellom anna atelier, telefon, internett og kontorrekvisita. 

Bruker du eit rom i bustaden din til atelier, kan du få frådrag etter reglane for heimekontor. 

Eigedelar i bedrifta 

Har du eigedelar som blir brukte i bedrifta, som til dømes eit eige atelier eller ein eigen verkstad, kan du få frådrag for avskrivingar. 

Les meir om aktuelle frådrag.

Spesielt for deg som

For biletkunstnarar som har fått arbeidsstipend eller garantilønn frå staten, vil beløpet komme automatisk i den personlege skattemeldinga. Beløpet skal ikkje førast i næringsspesifikasjonen

Hovudregelen er at kunstnarstipend er skattepliktige når dei er knytte til den kunstnariske verksemda. 

Du kan spare skatt ved å krevje utjamning av personinntekta når du sel eigen kunst. 

Behovet for utjamning kan oppstå når årets personinntekt er vesentleg større enn den gjennomsnittlege personinntekta for dei to siste åra. Ein del av auken i den samla personinntekta må komme av sal av eigne kunstverk. I tillegg må inntekter frå sal av eigne kunstverk vere ein vesentleg del av årets samla personinntekt. 

Døme på eit tilfelle der utjamning kan vere aktuelt 

Du jobbar i to år med å produsere kunstverk til ei større utstilling i år tre. Utstillinga går bra, og du sel godt. Inntekta di i år tre, er vesentleg høgare enn i dei to tidlegare åra. 

Du må krevje utjamning av personinntekta i eit vedlegg til skattemeldinga

I vedlegget må du skrive at du ønskjer å fordele personinntekta med like store beløp kvart år etter reglane for sal av kunst (åndsverk). 

Du skriv dette i eit enkelt dokument som du leverer som eit vedlegg til skattemeldinga. 

Blir skatten på personinntekta lågare, vil Skatteetaten rekne om skatten for dei tre siste åra. Ein reduksjon i årets skatt, vil gi ein noko auka skatt for dei to tidlegare åra. 

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi ber om det.