Store vasskraftverk

Det er eigne skattereglar for inntekter frå produksjon av vasskraft.  

Store kraftverk har generatorar med ei samla påstempla merkeyting på minst 10 000 kVA (kilovoltampere). 

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som eig store vasskraftverk med generatorar som har ei samla påstempla merkeyting på minst 10 000 kVA.

Info om småkraftverk under 10 000 kVa. 

 

Dette må du gjere

Eigarar av store vasskraftverk skal betale alminnelege skattar og avgifter for å drive næring.  

I tillegg må eigarane betale naturressursskatt og grunnrenteskatt. 

Meld inn byggjestart av kraftverket til NVE. Kraftverket får då tildelt eit løpenummer, som er den unike identiteten til kraftverket. Løpenummeret og namnet på kraftverket blir brukt for å identifisere kraftverket i skattemeldinga.   

Det finst ein eigen database for ferdige vasskraftverk (nve.no). Kontakt NVE dersom kraftverket ditt manglar i vasskraftdatabasen. 

Eigaren av kraftverket må også melde inn den investerte kapitalen per 31.12 i skattemeldinga som eigedomsskattegrunnlag på kraftverket. 

Naturressursskatten utgjer 1,3 øre/kWh (2023). 

Grunnlaget for naturressursskatten blir berekna ut frå den gjennomsnittlege produksjonen dei siste sju åra. 

Naturressursskatten gir frådrag i skatten på alminneleg inntekt. Viss naturressursskatten er høgare enn skatten på alminneleg inntekt, skal det overskytande beløpet førast til seinare år med renter. 

Eventuell pumpekraft kjem til frådrag i grunnlaget. 

Grunnlaget for grunnrenteskatt blir berekna ut frå inntekter frå kraftproduksjonen fråtrekt driftskostnader. Inntektene og kostnadene må komme frå kraftproduksjonen.  

Det er ikkje frådrag for 

  • andre verksemdområde som til dømes kraftsal og kraftoverføring 
  • finanskostnader 
  • leie av vassfall 

Det er frådrag for 

  • driftskostnader 
  • konsesjonsavgift  
  • eigedomsskatt 
  • avskrivingar og kostnader frå byggjetida 

Det er frådrag for heile anskaffingssummen for varige driftsmiddel det året anskaffinga er aktiveringspliktig. Dette gjeld frå inntektsåret 2021. Anskaffinga skal aktiverast og avskrivast som normalt når ein bereknar den alminnelege inntekta. 

Driftsmiddel som er skaffa før 2021 får frådrag for avskrivingar og friinntekt.  

Friinntekta blir berekna ut frå den gjennomsnittlege skattemessige verdien på driftsmiddel 1. januar og 31. desember multiplisert med ein rentesats. Skatte-ABC om friintekt. 

Det er frådrag for berekna selskapsskatt i grunnlaget for grunnrenteskatt. Inntekter og kostnader blir berekna slik det blir berekna i grunnrenteinntekta. Unntaket er anskaffingar frå 2021 som i sin heilskap er ført til frådrag i grunnrenteinntekta. Desse skal det berre bereknast avskrivingar av i den berekna selskapsskatten.

Den effektive grunnrenteskattesatsen er 45 prosent.  

Sidan det er frådrag for berekna selskapsskatt, er den formelle satsen 57,7 prosent. 

Dersom grunnlaget for grunnrenteskatt blir negativt, kjem skatteverdien til utbetaling. 

Føresetnader: 

  • Den påstempla merkeytinga på generatoren er 12 000 kVA 
  • Kraftverket kosta 100 millionar kroner å oppføre og har vore avskrive frå 1. januar 2015. Kostnaden blir fordelt på driftsmidla 
  • Dam og kraftstasjon: 50 millionar kroner
  • Røyr, generator og turbin: 50 millionar kroner
  • Årlege avskrivingar for dam og kraftstasjonsbygg utgjer 1,5 prosent av kostprisen, medan dei for røyr, generator og turbin utgjer 2,5 prosent av kostprisen. Den skattemessige verdien på driftsmidla frå 2015 utgjer 86 000 000 kroner per 1. januar og 84 000 000 kroner per 31. desember 2022. Gjennomsnittet av dette utgjer grunnlaget for friinntekt med 85 000 000 kroner. Friinntektsrenta for 2022 utgjer 1,7 prosent  
  • 1. juli 2022 vart turbinen påkosta med 5 millionar kroner. Påkostinga blir avskriven lineært for halve året med 62 500 kroner. 
  • Årsproduksjonen i 2022 var 60 000 000 kWh, og det vart tatt ut 4 000 000 konsesjonskraft til ein pris på 11,6 øre/kWh. Annan produksjon vart seld i spotmarknaden. 
  • Driftskostnadene utgjorde 10 millionar kroner, og 2 millionar utgjorde leige av fallrettar, som ikkje kjem til frådrag.
Kraft seld til spotmarknadspris           60 000 000
+ konsesjonskraft                                  464 000
= Brutto grunnrenteinntekt                60 464 000
- Driftskostnader                                  8 000 000
- Konsesjonskraft                                   400 000
- Eigedomsskatt                                       60 000
- Avskrivingar                                     2 000 000
- Aktivert investering i 2022 (turbin)     5 000 000
- Friinntekt (85 000 000 x 1,7%)          1 445 000
- Berekna selskapsskatt                   10 987 130
- Grunnrenteinntekt                           32 571 870

Grunnrenteskattesatsen utgjer 57,7 prosent. Grunnrenteskatten for dømekraftverket blir dermed 32 571 870 x 57,7 % = 18 793 969. 

For store kraftanlegg blir formuesverdien og grunnlaget for eigedomsskatt berekna ut frå kontantstraumen frå drifta fråtrekt framtidige utskiftingskostnader. 

Den berekna kontantstraumen for drifta 

Salsinntektene frå inntektsåret og dei siste fire åra fråtrekt driftskostnader og grunnrenteskatt blir neddiskontert over uendeleg tid, og utgjer den berekna kontantstraumen frå drifta.

Grunnlaget for eigedomsskatt 

Frå den berekna kontantstraumen trekkjer ein frå utskiftingskostnader frå for å komme fram til formuesverdien. Formuesverdien blir eigedomsskattegrunnlaget viss han ligg mellom minimumsverdien og maksimumsverdien for eigedomsskattegrunnlaget. 

Ein bereknar minimumsverdien med å multiplisere gjennomsnittleg produserte kWh dei siste sju åra med 0,95. Maksimumsverdien bereknar ein med å multiplisere gjennomsnittleg produserte kWh dei siste sju åra med 2,74. 

Gjennomsnittleg produserte kWh 

Ein bereknar gjennomsnittleg produserte kWh ut frå produksjonen i inntektsåret og dei seks siste åra. Har verket vore i drift i færre enn sju år, bereknar ein den gjennomsnittlege produksjonen ut frå dei åra det har vore i drift. 

Spesielt for deg som

For selskap med deltakarfastsetjing blir skattegrunnlaga fastsette som om selskapet var ein skatteytar. Deltakaren sin andel av skattegrunnlaget skal førast i skattemeldinga til deltakaren. Dette gjeld ikkje dersom selskapet driv kraftproduksjon og deltakarane sel det vesentlege av kraftproduksjonen på sjølvstendig basis (såkalla produksjonsfellesskap). Kvar deltakar bereknar då skattegrunnlaga for andelen sin i si eiga skattemelding. 

Viss heile eller delar av kraftverket blir selt, skal ein trekkje frå avskrivingar som er gjorde fram til salstidspunktet. Dermed blir også inngangsverdien redusert. 

Når ein sel driftsmiddel, skal ein føre den skattemessige verdien på salstidspunktet (den skattemessige verdien per 01.01.), fråtrekt årets avskrivingar.

Ved lineære avskrivingar blir det også gitt frådrag for delar av året – 365 delar. 

Dette vil utgjere inngangsverdien ved gevinst- eller tapsberekning. Gevinst eller tap skal førast på gevinst- og tapskontoen. 

Dersom kjøparen fører vidare dei skattemessige verdiane og kjøpstidspunkta for eigedelar, rettar og forpliktingar, er det ikkje skatteplikt for seljaren. Det er skattepliktig for seljaren dersom fallretten ikkje er ein del av kraftverket som blir selt. 

For kraftanlegg som kryssar kommunegrensene skal det bereknast eit forhold for fordelinga av eigedomsskatten mellom kommunane. Plasseringa og kostprisen dei like delane av anlegget må rapporterast til Skatteetaten. Påkostingar i kraftanlegget kan føre til ei korrigering av kommunefordelinga, og må også rapporterast. 

Fristar

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjonen din på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.