Småkraftverk
Det er eigne skattereglar for inntekter frå produksjon av vasskraft.
Små kraftverk har merkeyting under 10 000 kVA (kilovoltampere).
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som eig små vasskraftverk med generatoryting på under 10 000 kVA.
Dette må du gjere
Meld inn byggjestart av kraftverket til NVE. Kraftverket får då tildelt eit løpenummer, som er den unike identiteten til kraftverket. Løpenummeret og namnet på kraftverket blir brukt for å identifisere kraftverket i skattemeldinga.
Det finst ein eigen database for ferdige vasskraftverk (nve.no). Kontakt NVE dersom kraftverket ditt manglar i vasskraftdatabasen.
Eigaren av kraftverket må også melde inn den investerte kapitalen per 31.12 i skattemeldinga som eigedomsskattegrunnlag på kraftverket.
Dei som har starta bygging av vasskraftverk eller produserer vasskraft må ha eit utgangspunkt for å betale eigedomsskatt. Dette utgangspunktet er det same som den skattemessige formuesverdien til kraftverket.
Grunnlaget for eigedomsskatten for små kraftverk blir sett ut frå dei samla byggjekostnadene på kraftanlegget.
Det er frådrag for årlege avskrivingar, både lineære (særskilde driftsmiddel) og for elektroteknisk utrusting (saldogruppe G).
Det er verdien på kraftverket som er grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatten. Det er ikkje alle kommunar som har eigedomsskatt. Sjølv om kommunen ikkje har eigedomsskatt, eller skal avvikle han, skal eigedomsskattegrunnlaget likevel rapporterast inn.
For kraftverk under bygging
For kraftverk under bygging er grunnlaget for eigedomsskatten det same som den investerte kapitalen per 31.12. i inntektsåret.
For kraftverk som er ferdig bygde
For kraftverk som er ferdig bygde, er skattegrunnlaget for eigedomsskatten det same som den skattemessige verdien på driftsmidla i kraftanlegget per 31.12. i inntektsåret.
Driftsmiddel er til dømes
- fallrettar
- damanlegg
- pumpeverk
- inntaksdam
- tilløpstunnel
- kraftstasjon
- damhus
- maskinteknisk og elektroteknisk utstyr
Avskrivingar for kraftverk er litt spesielle på grunn av den lange levetida til anlegga.
Den skattemessige verdien per 31.12 finn ein med å trekkje avskrivinga i inntektsåret frå den skattemessige verdien på driftsmiddel og påkostingar.
Dette gjeld til dømes
- damanlegg
- pumpeverk
- inntaksdam
- tilløpstunnel og røyrgater (unntatt røyr)
- kraftstasjonar
- damhus
Dette gjeld også fjellhallar, inkludert tilkomsttunnelar og bygningar som har ein direkte funksjon i den løpande kraftproduksjonen.
Maskinteknisk utstyr montert i kraftanlegget. Til dømes
- turbinar
- generatorar
- røyr
- foringar i tunnelar
- luker
- rister
- grindreinskar
- kraner
Elektroteknisk utrusting i kraftføretak omfattar elektriske anlegg i bygningar som er nødvendige for kraftproduksjonen, som til dømes koplingsanlegg og kablar.
Dette inkluderer også transformatorar med tilhøyrande anlegg som står attmed kraftstasjonen for å opptransformere frå maskinspenning til overføringsspenning. Faste tekniske installasjonar som gagnar kraftstasjonen og damhuset skal også førast i saldogruppe g.
Fallrettar og vegar er døme på driftsmiddel i kraftanlegg som normalt ikkje kan avskrivast, men som likevel er med i eigedomsskattegrunnlaget.
Kraftføretak kan eige driftsmiddel som skal haldast utanfor formuesverdien til kraftanlegget. Desse driftsmidla er dermed ikkje ein del av grunnlaget for eigedomsskatten.
Til dømes:
- reservedelar, lagerbygg, administrasjonsbygg og tenestebustader
- linjenett etter opptransformering til overføringsspenning blir ikkje rekna med i grunnlaget for eigedomsskatten, men skal likevel førast i saldogruppe g.
Påkostingar må aktiverast, og dei skal reknast med i grunnlaget for eigedomsskatten etter frådrag for avskrivingar. Påkostingar på driftsmiddel skal avskrivast med den same satsen og over ein like lang periode som driftsmiddelet. Kva som er ei påkosting må vurderast etter dei vanlege skattereglane.
Grensa mellom påkosting og vedlikehald
Vedlikehald, inkludert reparasjon, er arbeid som blir gjort for å få formuesobjektet tilbake til den opphavlege tilstanden sin som ny.
Påkosting er når arbeidet fører til at formuesobjektet kjem i betre stand, eller i ein annan stand enn det har vore i tidlegare.
Døme for tilbygg. Er det moderniseringar eller reine endringar?
Når ei røyrgate skal skiftast ut, og ein skaffar ei røyrgate med større eller betre slukeevne, vil det vere ei påkosting. Arbeid som berre går ut på å endre eit formuesobjekt, blir heller ikkje rekna som vedlikehald. Dette gjeld sjølv om endringa ikkje fører til standardforbetring eller verdiauke.
Når ein skal avgjere om det har skjedd ei forbetring, må ein ta omsyn til utviklinga som har skjedd innanfor materialbruk og liknande sidan objektet var nytt. Ved til dømes ei påkravd utskifting av eldre delar med nye som etter dagens nivå svarer til same standard, skal heile kostnaden reknast som vedlikehald. Føresetnaden er at den eldre delen trong utskifting.
Heilskapsvurdering
Du som byggjer, må ta ei heilskapsvurdering der du tar omsyn til ei eventuell standardforbetring av formuesobjektet samla sett.
Spesielt for deg som
Viss heile eller delar av kraftverket blir selt, skal ein trekkje frå avskrivingar som er gjorde fram til salstidspunktet. Dermed blir også inngangsverdien redusert.
Når ein sel driftsmiddel, skal ein føre den skattemessige verdien på salstidspunktet (den skattemessige verdien per 01.01.), fråtrekt årets avskrivingar.
Ved lineære avskrivingar blir det også gitt frådrag for delar av året – 365 delar.
Dette vil utgjere inngangsverdien ved gevinst- eller tapsberekning. Gevinst eller tap skal førast på gevinst- og tapskontoen.
Dersom kjøparen fører vidare dei skattemessige verdiane og kjøpstidspunkta for eigedelar, rettar og forpliktingar, er det ikkje skatteplikt for seljaren. Det er skattepliktig for seljaren dersom fallretten ikkje er ein del av kraftverket som blir selt.
For kraftanlegg som kryssar kommunegrensene skal det bereknast eit forhold for fordelinga av eigedomsskatten mellom kommunane. Plasseringa og kostprisen på dei like delane av anlegget må rapporterast til Skatteetaten. Påkostingar i kraftanlegget kan føre til ei korrigering av kommunefordelinga, og må også rapporterast.
For kraftverk til privat bruk skal inntekter og underskott førast i den personlege skattemeldinga.
Fristar
Du må levere skattemeldinga med næringsspesifikasjon seinast 31. mai.
Dokumentasjon
Du treng ikkje å sende oss dokumentasjonen din på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.