Tømmerkonto

Tømmerkonto skal hjelpe med å jamne ut inntekter og kostnader slik at skogeigarar får jamnare skatt. 

Gjeld det meg?

Tømmerkonto er aktuelt for deg som har inntekt frå eit enkeltpersonføretak som driv skogbruksverksemd.  

Tømmerkonto kan berre brukast for næringsskog. Det vil seie at tømmerkonto ikkje skal brukast for dei som har kapitalskog. Meir om dei ulike typane skog. 

Dette må du gjere

Kva inntekter og kostnader skal på tømmerkonto?

Det er driftsinntektene og driftskostnadene du har knytt til sjølve drifta av skogbruket som skal førast på tømmerkontoen. 

Døme på inntekter og kostnader: 

Kva skal ikkje på tømmerkonto?

Inntekter som ikkje er sal av skogvirke, skal som hovudregel ikkje inn på tømmerkontoen.  

Det vil seie at inntekter og kostnader frå jakt, fiske og utleige ikkje skal førast på tømmerkonto. Kostnader til rekneskap og administrasjon skal heller ikkje på tømmerkonto.  

 

Det er valfritt å overføre overskott på tømmerkonto.

Viss skogbruksverksemda di går med overskott, kan du sjølv velje om du vil føre overskottet direkte som inntekt i inntektsåret, eller om overskottet i år skal overførast til tømmerkontoen. Du kan også velje om du berre vil føre delar av overskottet. 

Dersom overskottet blir ført på tømmerkonto og tømmerkontoen har positiv saldo, skal minimum 20 prosent av saldoen førast som inntekt. Du kan sjølv velje om du vil inntektsføre meir. 

Inntektsføringa blir registrert som næringsinntekt frå skogbruk i skattemeldinga. 

Viss skogbruksverksemda di går med underskott, du overføre heile underskottet på tømmerkontoen. 

Har du negativ saldo på tømmerkontoen etter at resultatet i år er lagt til, kan du maksimalt føre 20 prosent som frådrag.  

Frådragsføringa skal registrerast som underskott frå skogbruk i skattemeldinga.

Det er mogleg å ha tømmerkonto utan at det har vore aktivitet i inntektsåret.

Har du positiv saldo på tømmerkontoen, skal minimum 20 prosent av saldoen førast som inntekt. Har du negativ saldo på tømmerkontoen, kan du maksimalt føre 20 prosent til frådrag. 

Er saldoen på tømmerkontoen under 15 000 kroner ved byrjinga av året (30 000 kroner frå inntektsåret 2024), skal heile saldoen førast til inntekt viss han er positiv. Viss saldoen er negativ, kan heile saldoen førast til frådrag.

Du har overskott frå skogverksemda, og ønskjer å føre heile beløpet til tømmerkontoen. Minst 20 prosent av beløpet må takast med som inntekt i skattemeldinga.  

2022 (Tømmerkonto har ikkje vore brukt tidlegare) 

Årets overskott frå skogsdrifta                kr 100 000 
20% blir tatt som inntekt dette året      -  kr   20 000 
Restsaldo per 31.12.2022                       kr   80 000 
Den skattepliktige inntekta frå tømmerkontoen blir då 20 000 kroner. 

Restsaldo per 31.12. blir ståande til det neste neste inntektsåret. Neste inntektsår fører du opp beløpet som saldo 01.01. på tømmerkontoen. Du har underskott i skogbruksverksemda dette året. 

 

2023 

Saldo tømmerkonto frå 2022                kr 80 000 
- Årets underskot skogsdrifta                kr 50 000 
Grunnlag for berekning                         kr 30 000 
20% blir tatt som inntekt dette året       kr   6 000 
Restsaldo per 31.12. 2023                    kr 24 000 
Den skattepliktige inntekta frå tømmerkontoen blir då 6 000 kroner. 

Spesielt for deg som

  • Er saldoen på tømmerkontoen positiv, kan du avslutte han med å ta heile restsaldoen til inntekt. 
  • Er saldoen på tømmerkontoen negativ, kan han ikkje avsluttast. Du må halde fram med å frådragsføre maksimalt 20 prosent kvart år. 
  • Er saldoen på tømmerkontoen under 15 000 kroner ved byrjinga av året (30 000 kroner frå inntektsåret 2024), skal heile saldoen førast til inntekt viss han er positiv. Viss saldoen er negativ, kan heile saldoen førast til frådrag.

Viss du sel skogen eller han blir endra frå næringsskog til kapitalskog, til dømes fordi du har avslutta jordbruksnæringa og skogen åleine ikkje lenger er næringsverksemd, kan du:  

Ved positiv saldo

  • avslutte ein positiv saldo på tømmerkontoen med å ta heile restsaldoen til inntekt, eller  
  • halde fram med å inntektsføre minimum 20 prosent kvart år. 

Inntekta frå tømmerkontoen vil vere næringsinntekt heilt til kontoen er gjort opp.  

Ved negativ saldo

Er saldoen på tømmerkontoen negativ, må du halde fram med å frådragsføre maksimalt 20 prosent kvart år.  

Ved saldo under 15 000 kroner

Er saldoen på tømmerkontoen under 15 000 kroner ved byrjinga av året (30 000 kroner frå inntektsåret 2024), skal heile saldoen førast til inntekt viss han er positiv. Viss saldoen er negativ, kan heile saldoen førast til frådrag.

Viss du arvar ei skogsverksemd, overtar du også tømmerkontoen. Dette blir kalla skattemessig kontinuitet. 

Dersom skogsverksemda blir avslutta, går inntekter eller frådrag på tømmerkontoen til dødsbuet.  

Ved offentleg skifte av dødsbu skal tømmerkonto som ikkje blir vidareført til arvingane, gjerast opp før skiftet blir avslutta. 

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjonen din på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.