Skogfond

Skogeigarar som sel tømmer, må setje av pengar i eit skogfond. Dette blir også kalla skogavgift.

Skogfondet skal sikre at du som skogeigar har midlar til å finansiere investeringar i din eigen skog. Det er skogbruksetaten i kommunen som administrerer fondet. 

Gjeld det meg?

Dersom du driv skogbruk og sel tømmer, pliktar du å setje av pengar i eit skogfond. 

Dette må du gjere

Når du sel tømmer

Når du sel tømmer, skal kjøparen av tømmeret trekkje skogavgift og overføre det trekte beløpet til skogfondskontoen din. 

Du kan sjølv velje kor mykje skogavgift som skal trekkjast, men det må vere mellom 4 prosent og 40 prosent av inntekta frå tømmersalet. 

Du må skatte av inntekt ved sal av tømmer. Når du som skogeigar blir trekt for skogavgift ved sal av tømmer, er dette ein kostnad du skal trekkje frå i inntekta. 

Du skal ikkje oppgi fondet som formue i skattemeldinga. 

Når du sel ut i smått frå garden – ved, pyntegrønt og juletre

Når du sel ut i smått direkte frå garden, må du sjølv rapportere salet og betale inn til skogfondet via Landbruksdirektoratet. 

Når du bruker av skogfondet

Du får ein skattefordel når du bruker pengar frå skogfondskontoen din. Skattefordelen er berre på midlar du sjølv har betalt inn på skogfondskontoen. 

Du må skatte av beløpet du tar ut. Det er berre 15 prosent av beløpet som skal reknast som inntekt.

Offentlege tilskott som er betalte inn på skogfondskontoen din, må førast som inntekt når dei blir brukte. Det er ingen skattefordel på offentlege tilskott som er betalte inn på skogfondskontoen. 

Utbetalingar frå skogfondskontoen for å dekkje betalt meirverdiavgift (mva.) på kostnader, må førast som skattepliktig inntekt.

Døme på korleis du bereknar skattefordelen du får når du bruker av skogfondet 

Du har kjøpt plantar for 12 500 kroner (10 000 + 2 500 (mva.)). Rekninga betaler du sjølv, men du sender refusjonskrav til skogbruksetaten i kommunen. Skogbruksetaten betaler ut 12 500 kroner frå skogfondskontoen til deg.  

I rekneskapen din fører du:  

10 000 kroner som kostnad, kjøp av plantar. 

Slik finn du ut kor stor del av dei utbetalte skogfondsmidlane som skal takast til inntekt: 

2 500 kroner er refusjon av meirverdiavgift (utbetaling utan skattefordel) 
1 500 kroner er 15 prosent av 10 000 kroner (utbetaling med skattefordel) 
4 000 kroner er inntekt 
8 500 kroner er skattefri inntekt 

Døme på korleis du fører uttak av offentlege tilskott

Du har kjøpt plantar for 12 500 kroner (10 000 + 2 500 (mva.)). Rekninga betaler du sjølv, men du sender refusjonskrav til skogbruksetaten i kommunen. Det er betalt inn 2 000 kroner i offentlege tilskott på skogfondskontoen. Skogbruksetaten betaler ut 12 500 kroner frå skogfondskontoen til deg.  

I rekneskapen din fører du:

10 000 kroner som kostnad, kjøp av plantar. 

Slik finn du ut kor stor del av dei utbetalte skogfondsmidlane som skal takast til inntekt: 

2 500 kroner er refusjon av meirverdiavgift (utbetaling utan skattefordel) 
2 000 kroner er utbetaling av offentlege tilskott 
1 200 kroner er 15 prosent av 8 000 kroner (utbetaling med skattefordel, etter frådrag for offentlege tilskott)  
5 700 kroner er inntekt 
6 800 kroner er skattefri inntekt 

Døme på korleis du bereknar skattefordelen du får når du bruker av skogfondet 

Du har kjøpt plantar for 12 500 kroner (10 000 + 2 500 (mva.)). Rekninga betaler du sjølv, men du sender refusjonskrav til skogbruksetaten i kommunen. Skogbruksetaten betaler ut 12 500 kroner frå skogfondskontoen til deg. 

I rekneskapen din fører du: 

12 500 kroner som kostnad, kjøp av plantar. 

Slik finn du ut kor stor del av dei utbetalte skogfondsmidlane som skal takast til inntekt: 

1 875 kroner er 15 prosent av 12 500 kroner (heile beløpet er utbetaling med skattefordel) 
10 625 kroner er skattefri inntekt 


Døme på korleis du fører uttak av offentlege tilskott 

Du har kjøpt plantar for 12 500 kroner (10 000 + 2 500 (mva.)). Rekninga betaler du sjølv, men du sender refusjonskrav til skogbruksetaten i kommunen. Det er betalt inn 2 000 kroner i offentlege tilskott på skogfondskontoen. Skogbruksetaten betaler ut 12 500 kroner frå skogfondskontoen til deg. 

I rekneskapen din fører du: 

12 500 kroner som kostnad, kjøp av plantar. 

Slik finn du ut kor stor del av dei utbetalte skogfondsmidlane som skal takast til inntekt: 

2 000 kroner er utbetaling av offentlege tilskott 
1 575 kroner er 15 prosent av 10 500 kroner (utbetaling med skattefordel, etter frådrag for offentlege tilskott)  
3 575 kroner er inntekt 
8 925 kroner er skattefri inntekt 

Meir om skogfond

Skogfondskontoen følgjer skogeigedommen. Viss du sel skogen din, går skogfondskontoen automatisk over til den nye eigaren. 

Du vil få ei årsoppgåve frå Landbruksdirektoratet for skogfondskontoen din. Årsoppgåva viser innbetalingane og utbetalingane, med og utan skattefordelen. Du kan også få desse opplysningane hos skogbruksetaten i kommunen. 

Dette kan du bruke skogfondsmidlane til 

  • skogsvegar (oppgradering og bygging av ny veg) 
  • skogkultur (planting, rydding) 
  • lage skogbruksplan 
  • kompetansetiltak 

Det er skogbruksetaten i kommunen som avgjer kva du kan bruke skogfondsmidlane til. Landbruksdirektoratet har ei utfyllande forklaring om kva fondsmidlane kan brukast til.  

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjonen din på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.