Jaktrettar, fiskerettar og fallrettar

Du må skatte av inntekter du har frå jaktrettar, fiskerettar og fallrettar. Du kan få frådrag for kostnader knytte til desse rettane.  

Du skal oppgi jaktrettar, fiskerettar og fallrettar som formue i skattemeldinga.  

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv næringsverksemd og har inntekter frå jaktrettar, fiskerettar, og fallrettar til kraftproduksjon.

Dette må du gjere

Utleige av jaktrettar, fiskerettar og fallrettar 

Leigeinntekta av jaktrettar, fiskerettar og fallrettar er skattepliktig inntekt.  

Du kan krevje frådrag for kostnader til viltpleie for å halde oppe jaktverdien av terrenget og for å halde oppe fiskebestanden. 

Inntekter frå jaktrettar, fiskerettar og fallrettar skal førast i næringsspesifikasjonen, men desse inntektene skal ikkje førast på tømmerkontoen.

Bruk av eigen jaktrett 

Fordel ved bruk av eigen jaktrett er skattepliktig dersom du har fellingsløyve for minst eitt dyr på eigedommen. Det same gjeld også viss fellingsløyvet inngår i eit jaktlag. 

Inntekta blir sett til verdien per felte dyr. Verdien på elg, reinsdyr og hjort blir fastsett kvart år i takseringsreglane i § 3-2-5. 

Verdien er fastsett ut frå ei nettovurdering. Dette betyr at du ikkje får frådrag for kostnader du har hatt til dømes til hundehald, våpen og skyteprøve. 

Formuesverdi på jakt-, fiske- og fallrettar

Verdi av jakt-, fiske- og fallrettar skal ikkje leggjast til skogverdien, men skal førast som annan skattepliktig formue i skattemeldinga. 

 

Har du leigd ut jaktrettar, fiskerettar eller fallrettar, blir formuesverdien berekna ved å gonge brutto utleigeinntekt med kapitaliseringsfaktoren fastsett i takseringsreglane § 2-1-5

Formuesverdien blir berekna slik:  

Utleigeinntekter x 10 (kapitaliseringsfaktor).

Ta med verdien av jaktretten viss eigedommen har så stort skogareal at det gir fellingsløyve til minst eitt dyr. Formuesverdien blir berekna ved å gonge talet på felte dyr med kapitaliseringsfaktoren fastsett i takseringsreglane § 2-1-5. Verdien på felte dyr er fastsett i takseringsreglane § 325 

Formuesverdien blir berekna slik:  

Verdien på talet felte dyr x 10 (kapitaliseringsfaktor).

Spesielt for deg som

Inntekta blir fastsett etter rekneskap for større skogeigarar som driv jakt som næring. Då kan du også få frådrag for mellom anna gevær og ammunisjon, men frådraget er avgrensa til det beløpet som blir bestemt kvart år i takseringsreglane § 3-3-3.

Dersom du ikkje driv næringsverksemd skal inntekter, kostnader og formue frå jaktrettar, fiskerettar og fallrettar førast i den personlege skattemeldinga di. 

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje han fram dersom vi ber om det.