Skatt for deg som eig skog

Du må skatte av inntekter du har frå skogen, og du får frådrag for kostnader knytte til skogen.

Når du eig skog, skal du oppgi han som formue i skattemeldinga.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som eig skog.

Dette må du gjere

Først må du finne ut kva type skog du har

Skogar blir delte inn i kategoriane næringsskog, kapitalskog eller hobbyskog. Det er den årlege nyttbare tilveksten i skogen som avgjer kva type skog du har. For å finne den årlege nyttbare tilveksten i skogen, må du kjenne til storleiken på skogen (det produktive arealet) fordelt på bonitetsklassar.

Slik sjekkar du storleiken på skogen og fordelinga på bonitetsklassar:

  • Skogsplanen for skogen din (driftsplan). Dette får du hos skogeigarsamvirket ditt eller hos skogforvaltninga i kommunen.
  • NIBIO gardskart (Vel "Markslag 13 klassar" i menyen)

Den årlege nyttbare tilveksten til skogeigedommen finn du med å gonge det produktive arealet til skogeigedommen, fordelt på 4 bonitetsklassar (svært høgt, høg, middels og låg), med den fastsette tilveksten for kvar enkelt bonitetsklasse.

Tilveksten for kvar enkelt bonitetsklasse er fastsett til:

  • Svært høg 0,7 m3 per daa
  • Høg 0,4 m3 per daa
  • Middels 0,25 m3 per daa
  • Låg 0,08 m3 per daa

Du eig 1 000 dekar skog:

  • 500 dekar svært høg bonitet
  • 200 dekar høg bonitet
  • 100 dekar middels bonitet
  • 200 dekar låg bonitet

Årleg nyttbar tilvekst:

Bonitet

Areal x tilvekst

 

Svært høg

500 x 0,7

350

Høg

200 x 0,4

80

Middels

100 x 0,25

25

Lav

200 x 0,08

16

Årleg nyttbar tilvekst

 

471

 

 

Korleis vurdere om du driv næringsverksemd?

Inntekter frå skog kan anten vere næringsinntekt, kapitalinntekt eller skattefri inntekt. All aktivitet i skog skal vurderast etter dei alminnelege kriteria for næringsverksemd. Det vil seie at aktiviteten må vare over ei viss tid, ha eit visst omfang, vere eigna til å gi overskott over tid og må drivast for eiga rekning og risiko.

Skogar med ein nyttbar tilvekst på over 200 m3 går ein normalt ut i frå at oppfyller krava til verksemd. Skogar med ein nyttbar tilvekst opptil 100 m3 går ein normalt ut i frå at ikkje oppfyller krava til verksemd.

Dersom skogen er eigna til å gå med overskott over tid, vil inntekta frå skogen vere skattepliktig.

Vurderingskriterium

Moment ein må leggja vekt på i vurderinga av om skogbruksaktiviteten er eigna til å gå med overskott over tid: 

  • den årlege nyttbare tilveksten
  • tømmerprisar og avverkingskostnader
  • driftstilhøve som terreng og avstand til bilveg
  • kostnader knytte til ungskogpleie
  • vedlikehald av skogsbilvegar og tynning
  • miljørestriksjonar
  • det økonomiske føremålet

Dersom skogen ikkje blir rekna som næringsverksemd (næringsskog), kan likevel inntekta frå skogen bli skattepliktig som kapitalinntekt (kapitalskog).


Kva må du gjere når du har dei ulike skogtypane

Dersom du driv jordbruk som næring på garden, og i tillegg har skog, vil skogen reknast som ein del av verksemda sjølv om han har ein svært låg tilvekst.

I skattemeldinga skal du føre inntekter og kostnader frå skogen i næringsspesifikasjonen saman med inntekter og kostnader frå jordbruket. Du kan bruke tømmerkonto for å jamne ut inntekta frå skogbruket. Inntekta skal fordelast mellom jordbruk og skogbruk i forhold til inntekter og kostnader som høyrer til kvar av desse.

Inntekta frå skogen skal normalt skattast som næringsinntekt, dersom vilkåra om næringsverksemd er oppfylte. I skattemeldinga skal du føre inntekter og kostnader frå næringsskog i næringsspesifikasjonen.

Dersom skogen ikkje blir rekna som næringsverksemd (næringsskog) kan likevel inntekta frå skogen bli skattepliktig som kapitalinntekt (kapitalskog).

 

Dette må du gjere dersom du har næringsskog

Du må oppretta ei næringsverksemd, vanlegvis eit enkeltpersonføretak.

Skattekort og forskottsskatt

Sjekk skattekortet ditt, og hugs å betale forskottsskatt.

Meirverdiavgift

Er du registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du levere mva-melding.

Har du hatt omsetning frå sal av tømmer, ved eller liknande for 50 000 kroner eller meir dei siste 12 månadene, må du registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Rekneskap

Før rekneskap heile året. Rekneskapen din skal vere oppdatert med alle inntektene og kostnadene du har hatt.

  • sal av skogvirke (tømmer), ved, juletre, pyntegrønt og biobrensel
  • utbetaling frå skogfond
  • utleige av jakt- eller fiskerettar
  • korttidsutleige av inntil to hytter
  • uttak av ved eller flis til eige bruk eller gåve

Verdien på uttak, varelager og eigedom i skogbruksverksemd er bestemt av takseringsreglane

Aktivitetar som i utgangspunktet ikkje ligg skogbruk nært nok økonomisk eller innhaldsmessig, som til dømes sal av foredla trevirke, byggjemateriale og liknande, skal vanlegvis reknast som ei eiga næringsverksemd. 

Har du inntekter frå andre aktivitetar knytte til skogbruket, skal du oppgi desse i skattemeldinga. Desse skal du ikkje ta med som ein del av næringsinntekta i skogbruksverksemda som du oppgir i næringsspesifikasjonen. 

Døme på andre inntekter:  

  • utleige av fallrett 
  • tomtesal eller tomtefeste  
  • langtidsutleige av 1-4 hytter 

Kostnader er ting du kjøper eller leiger som er nødvendige for å drive skogbruksverksemda. Dette kan til dømes vere

  • planting og kulturarbeid
  • skogavgift
  • skogsvegar, skal førast direkte til frådrag
  • skogforsikring
  • driftskostnader for hogstarbeid/avverking
  • skogbruksplan og takstar
  • kjøp og driftskostnader til maskinar og utstyr

Du får frådrag for kjøp av maskiner og utstyr som kostar under 15 000 kroner. Kostar dei 15 000 kroner eller meir, og har ei forventa levetid på 3 eller meir, skal dei aktiverast og avskrivast i rekneskapen.

 

Skattemelding

Du må levere skattemeldinga med næringsspesifikasjon seinast 31. mai.

Rekneskapen din legg grunnlaget for utfyllinga av næringsspesifikasjonen. Du må oppgi alle inntekter og kostnader du har i næringsverksemda.

Tømmerkonto skal hjelpa med å jamna ut inntekter og kostnader slik at skogeigarar får jamnare skatt. (Tømmerkontoen blir oppretta i næringsspesifikasjonen.)

Overskot 

Viss du har eit enkeltpersonføretak, må du berekna og oppgi personinntekt for næringsverksemda di.

Viss ektefellar driv skogbruksverksemd saman, kan dei fordela overskotet. Begge ektefellar må arbeida i skogbruksverksemda, men begge treng ikkje å eiga verksemda. 

Viss berre éin ektefelle arbeider i skogbruksverksemda, skal heile overskotet førast på henne. 

Viss begge ektefellar arbeider i skogbruksverksemda, kan dei fordela overskotet mellom seg etter arbeidsinnsats. 

Underskot 

Underskot i skogbruksverksemda skal fordelast til den av ektefellane som er ansvarleg innehavar av verksemda, eventuelt begge viss begge er ansvarlege. 

 

Viss du har eit enkeltpersonforetak, må du berekne og oppgje personinntekt for næringsverksemda di.

Inntekta frå skogen skal normalt skattast som kapitalinntekt. I skattemeldinga skal inntekt frå kapitalskog førast i den personlege skattemeldinga til den som eig skogen.

Eit høgt aktivitetsnivå i skog med nyttbar tilvekst opptil 200 m3 kan bli rekna som næringsskog, dersom vilkåra for næringsverksemd er oppfylte.


Dette må du gjere om du har kapitalskog

Meirverdiavgift

Du skal ikkje vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret når du har kapitalskog.

Inntekter og kostnader

Du må halde oversikt over alle inntekter og kostnader i kapitalskogen. Mottatt meirverdiavgift ved sal av tømmer skal takast med som inntekt, og betalt meirverdiavgift skal takast med som ein del av kostnaden.

Døme på inntekter er sal av skogvirke (tømmer), ved, juletre, pyntegrønt og biobrensel, utbetaling frå skogfond, utleige av jakt- eller fiskerettar. Uttak av ved til eige forbruk er også skattepliktig.

Retten til frådrag for kostnader til skogkultur, som til dømes grøfting, planting, såing og markbearbeiding, rydding av hogstflater, ungskogpleie, tynning og liknande, og i tillegg bygging og påkostingar på skogsvegar, gjeld uavhengig av om aktiviteten i skogen blir rekna som verksemd eller som passiv kapitalavkastning. Det blir også gitt frådrag for avsetning til skogfond.

Du skal føre inntekter og kostnader direkte i skattemeldinga.

Dersom kostnadene er større enn inntektene, vil ikkje aktiviteten frå skogen gi overskott. Inntektene frå skogen vil då vere skattefrie, og du får ikkje frådrag for kostnadene. Dette blir vanlegvis kalla hobbyskog.

Større enkelthogst blir ofte omtalt som eingongsavverking. Korleis inntekta frå slik enkelthogst skal skattleggjast kjem an på kva type skog du har (næringsskog, kapitalskog eller hobbyskog).

Skattesatsar

Kor mykje du skal skatte kjem an på om skogen blir rekna som ein næringsskog eller ein kapitalskog.

  • Har du næringsskog, skal du betale ein høgare skatteprosent enn 22 prosent av overskottet. Kor mykje du skal betale i skatt kjem an på kva du har av anna personinntekt. Vi kan derfor ikkje seie nøyaktig kva prosentsats som gjeld deg.
  • Har du kapitalskog, skal du betale 22 prosent skatt av overskottet.

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon eller leggje ved noko i skattemeldinga, men du må ta vare på rekneskapen med bilag og annan dokumentasjon. Du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.