Utleige av gardsbruk
Inntekt frå utleige av gardsbruk er skattepliktig og må førast i skattemeldinga. Det same gjeld utleige av rettar som er knytte til slik eigedom, til dømes utleige av mjølkekvotar eller jakt- og fiskerettar.
Du kan få frådrag for kostnader knytte til utleiga.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som leiger ut eit gardsbruk eller rettar knytte til eit gardsbruk. Det kan til dømes vere utleige av
- jord
- driftsbygningar (fjøs, løer og liknande)
- mjølkekvotar
- jakt- og fiskerettar
- beiterett, vegrett og liknande
- fallrett, til dømes utleige av vassfallsrettar til eit kraftselskap
Utleige av bustader på gardsbruket følgjer dei same reglane som utleige av bustad.
Dette må du gjere
I skattemeldinga di må du oppgi
- inntekta frå utleiga
- frådrag for kostnader knytte til utleiga
Viss du driv jordbruksverksemd som næringsdrivande, må du oppgi alle inntekter og kostnader som er knytte til denne verksemda.
Spesielt for deg som
Utleige av gardsbruk, fast eigedom, bygningar og liknande er vanlegvis ikkje næringsverksemd. Viss utleiga omfattar både bygningar og eigedelar til bruk i næring (driftsmiddel) der utleigaren har ansvaret for vedlikehaldet, kan utleiga bli rekna som næringsverksemd. Dette må vurderast i kvart tilfelle, basert på leigeavtalen.
Frådrag
Du kan få frådrag for kostnader knytte til utleiga. Det kan til dømes vere frådrag for
- forsikringar
- kommunale avgifter for eigedommen du leiger ut
- vedlikehald
- avskriving på eigedelar
Døme
Kari leiger ut delar av jordbruksarealet sitt med løe og fjøs. Ho kan då få frådrag for forsikringar, kommunale avgifter og avskrivingar på løe og fjøs. Viss Kari har utgifter til vedlikehald, til dømes til å byte vindauge på løa, kan ho også få frådrag for dette.
Dokumentasjon
Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss me spør.