Avslutte jordbruksverksemda
Viss du sluttar å drive jordbruksverksemd, vil du ikkje lenger få frådrag for kostnader knytte til verksemda.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som har
- avslutta verksemda
- redusert verksemda
- selt gardsbruket
- overdratt gardsbruket (generasjonsskifte)
- avslutta verksemda og gått over til utleige av gardsbruket
Vurder om jordbruksverksemda er avslutta
Du må sjølv vurdere om jordbruksverksemda er avslutta.
Ofte vil sal av dyr og avslutta produksjon av jordbruksprodukt vere teikn på at verksemda er avslutta. Det same gjeld om du sel eller overdrar garden til andre. Viss du gradvis trappar ned aktiviteten, vil ofte jordbruksverksemda avsluttast etter nedtrappinga.
Ei verksemd blir ikkje rekna som avslutta medan ho er under avvikling.
Driftsmiddel
Du treng ikkje å lage eit oppgjer for driftsmidla dine før du eventuelt sel dei eller tar dei ut til privat bruk.
Viss du sel driftsmiddel i opphøyrsåret, skal gevinsten eller tapet førast i næringsspesifikasjonen.
Seinare år skal gevinsten eller tapet førast i skattemeldinga.
Viss du har driftsmiddel som går over frå næringsverksemd til privat bruk, må verdien av driftsmiddelet førast som inntekt i næringsspesifikasjonen.
Frådrag
Når verksemda er avslutta, får du ikkje lenger frådrag for driftskostnader, vedlikehald og liknande.
Du får heller ikkje frådrag for avskrivingar på eigedelar til bruk i verksemda (driftsmiddel) når drifta er avslutta. Dette gjeld frå og med det året du avsluttar drifta.
Spesielt for deg som
Tilskott og bonus er skattepliktige i det året dei blir utbetalte, ikkje det året dei blir opptente.
Har du fått produksjonstilskott, kan dette takast med i inntekta i det året du avsluttar verksemda, sjølv om tilskottet er utbetalt året etter. Produksjonstilskottet skal då vere med i grunnlaget for berekninga av personinntekta i det året det blir tatt til inntekt.