Refusjon av meirverdiavgift til utanlandske næringsdrivande
Er du utanlandsk næringsdrivande utan forretningsstad i Noreg, kan du ha rett til refusjon av meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester i Noreg.
Kriterium for å ha rett på refusjon
- Verksemda har ikkje forretningsstad i Noreg.
- Verksemda har ikkje selt avgiftspliktige varer eller tenester i Noreg dei siste 12 månadene. Dette gjeld også sal gjennom underleverandørar.
- Omsetninga utanfor Noreg ville gitt plikt til å registrere verksemda i det norske meirverdiavgiftsregisteret dersom omsetninga hadde skjedd i Noreg.
- Varene eller tenestene verksemda søkjer refusjon av meirverdiavgift for må vere til bruk i verksemda, og fakturaen må vere adressert til verksemda. Til dømes kan ikkje eit morselskap søkje for dotterselskapet.
Hovudregelen er at ei avgiftspliktig verksemd kan få tilbake meirverdiavgift på kostnader som blir brukte i verksemda, men det finst unntak. Til dømes kan ein ikkje få tilbake meirverdiavgift på kostnader til mat og drikke, og personkøyretøy.
Utanlandske næringsdrivande som berre omset transporttenester direkte til eller frå område utanfor Noreg, kan også ha rett til å søkje refusjon etter dei same vilkåra som nemnt over. Det må då vere etablert ein avtale om samanhengande transport.
Du kan ikkje søkje refusjon viss verksemda har omsetning i Noreg
Då kan det hende ho skal registrerast i det ordinære Meirverdiavgiftsregisteret.
Finn ut om du skal registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret
Dette må du gjere:
Søknadsperiode
Søknaden må dekkje ein periode på minst 3 månader og vere innanfor eit kalenderår. Døme på korrekte periodar kan vere eit kvartal, eit halvt år eller eit heilt kalenderår.
Ein søknadsperiode kan vere kortare enn 3 månader om du søkjer for ein periode på slutten av året, til og med desember. Då kan du til dømes søkje for november og desember eller berre desember.
Søknadsbeløp
Beløpet må vere på minst 5 000 kroner, men om du ventar med å sende søknaden til året er omme, kan du søkje på beløp heilt ned til 500 kroner. I så fall må du sende søknaden etter 31. desember.
Dersom du ønskjer å søkje tidlegare, og til dømes har gjort eit større kjøp i januar, må beløpet du søkjer om vere minst 5 000 kroner. I dette dømet kan du då søkje etter utgangen av mars, det vil seie etter at det første kvartalet er omme.
Fakturaer og kvitteringar
Du må leggje ved kopiar av alle fakturaene og kvitteringane for kjøpa du ber om refusjon for. Vi returnerer ikkje dokument med mindre du ber om det i søknaden.
Attest frå offentleg styresmakt eller register i heimlandet for verksemda
Du må leggje ved ein attest som skildrar aktiviteten til verksemda.
Attesten må gjelde perioden du søkjer refusjon for, og han er berre gyldig hos oss i eitt år etter at han er utferda. Har du allereie sendt inn ein attest for tidlegare søknader, og attesten framleis er gyldig, treng du ikkje å sende inn ein ny attest.
Attesten skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Dersom han er utferda på eit anna språk, må du leggje ved ei stadfesta omsetjing.
Vi godtar at du sender inn ein kopi av attesten.
Dersom verksemda søkjer refusjon gjennom ein fullmektig, må ei original fullmakt signert for hand leggjast ved søknaden. Fullmakta må innehalde tydeleg informasjon om kva for nokon rettar fullmektigen har, til dømes om fullmektigen kan få refundert beløp til kontoen sin. Fullmakta skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Vi godtar ikkje ein kopi.
Dersom verksemda har kjøpt varer som kunne ha vore selde vidare i Noreg, må du leggje ved ein norsk tolldeklarasjon som viser utførsel.
Ein norsk tolldeklarasjon for utførsel må attesterast med stempel og signatur (felt B) av det norske tollvesenet før varene blir tatte ut av Noreg. Dersom ein norsk transportør står for utførselen, kan transportøren attestere deklarasjonen med stempelet og signaturen sin.
Dersom du fyller ut søknaden for hand, må du bruke blokkbokstavar. Skjemaet må fyllast ut på anten norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Hugs på når du søkjer:
- Søknaden må vere datert og signert.
Signaturen må vere original og handskriven. Vi godtar ikkje elektronisk signatur, kopi eller bilete av signaturen. - Dersom du har søkt om refusjon tidlegare, fyll inn identifikasjonsnummeret til verksemda i søknaden.
Førstegongssøkjarar får tildelt eit identifikasjonsnummer når vi registrerer søknaden. Dette nummeret skal brukast i alle framtidige førespurnader. - Svar på desse spørsmåla i søknaden (informasjon i boks 7):
- Kvifor har verksemda kjøpt varer/tenester i Noreg?
- Korleis er varene/tenestene til bruk i den utanlandske verksemda?
Dersom verksemda er fellesregistrert for meirverdiavgift i heimlandet, må du søkje per verksemd
Søknader skal sendast i namnet til kvar enkelt juridisk eining, og kostnaden du søkjer refusjon på skal vere til bruk i denne verksemda.
Det er viktig at du gjer dette rett, då det ikkje er mogleg å korrigere og sende inn ein ny søknad etter søknadsfristen.
Du kan berre søkje refusjon på fakturaer som er adresserte til verksemda som søkjer.
Søknadsfristen for det førre kalenderåret er 30. september. Det betyr til dømes at søknader for 2024 må sendast seinast 30. september 2025.
Send søknaden per post til:
Skatteetaten
Postboks 103
1501 Moss
Om du skal sende søknaden med bod, bruk denne adressa:
Skatteetaten
Bernt Ankers gate 17
1534 Moss
Vi tar ikkje imot søknader på e-post.
Den forventa saksbehandlingstida er 10 til 12 månader
Du får ei kvittering per brev når søknaden er mottatt hos oss.
Har du spørsmål om søknaden, kan du kontakte oss på e-post: vatrefund@skatteetaten.no
Du kan berre bruke denne e-posten om du har spørsmål om refusjon av meirverdiavgift til utanlandske næringsdrivande. Vi svarer ikkje på andre typar førespurnader via denne e-posten.
Har du andre spørsmål, kan du kontakte oss.
.