Slik rettar du feil i mva-rapporteringa

Dersom noko er blitt feil i samband med rapporteringa og betalinga av meirverdiavgifta ved import, må du rette feilen.

Feil i tolldeklarasjonen

Når du avstemmer deklarasjonsoversikta mot fakturaer og tolldeklarasjonar vil du i somme tilfelle oppdage at det er feil i tolldeklarasjonane. Det kan til dømes vere at det er

  • ført opp varer du ikkje har kjøpt
  • ført feil tal på varer
  • ført feil beløp på varer
  • ført feil avgiftssats
  • ført feil varekode

I desse tilfella må du ta kontakt med speditøren eller Tolletaten, slik at dei kan rette tolldeklarasjonane som ligg til grunn for deklarasjonsoversikta. Endringane frå speditøren eller Tolletaten vil komme fram som nye berekningar i deklarasjonsoversikta.

I andre tilfelle vil du oppdage at deklarasjonsoversikta er rett, men at du manglar nokre dokument for at rekneskapen skal bli riktig. I så fall må du kontakte leverandøren eller speditøren og be dei sende deg dokumentasjonen du treng for å føre rekneskapen riktig.

Endringar i mva-meldinga

I mva-meldinga skal du berre rapportere dei kjøpa frå utlandet som stemmer overeins med det verksemda faktisk har kjøpt og som er avstemt mot deklarasjonsoversikta. Dersom deklarasjonsoversikta rommar kjøp som du ikkje har gjennomført, eller informasjonen om kjøpa er feil, skal du ikkje føre dei i mva-meldinga, men ta kontakt med speditøren eller Tolletaten for å endre deklarasjonen.

Viss du ikkje har fått den nødvendige dokumentasjonen til å føre dei korrekte beløpa i mva-meldinga, må du likevel levere mva-meldinga innan fristen. I så fall må du sende ei endringsmelding når du får dokumentasjonen du treng. For terminar før 1. januar 2022 må du sende ei tilleggsmelding.

Det er alltid den sist innsende mva-meldinga som gjeld. Viss du ønskjer å endre noko, må du derfor sende inn ei ny mva-melding.

Du kan gjere endringar innan 3 år etter den opprinnelege innleveringsfristen for mva-meldinga.