Rekne ut og rapportere meirverdiavgift ved import av varer

Mva-registrerte verksemder skal rekne ut meirverdiavgifta ved innførsel av varer sjølve og føre henne i mva-meldinga.

Dette gjeld for alle kjøp av varer, både varer til bruk i verksemda og varer som skal seljast vidare. Det gjeld òg for varer verksemda ikkje har frådragsrett for.  

 

Når du leverer mva-meldinga i nytt format, skal du bruke mva-kodar. Sjå oversikt over kva mva-kodar som svarer til postane i den gamle mva-meldinga.

Privatperson eller ikkje mva-registrert?

Dersom du er ein privatperson eller ei verksemd som ikkje er mva-registrert, betaler du til Tolletaten når du tar vara inn i landet, eller til speditøren eller transportfirmaet som tar inn vara på vegner av deg. Denne vegvisaren er ikkje relevant for deg.

Slik gjer du det:

Når du kjøper varer frå utlandet, må nokon fylle ut ein tolldeklarasjon. Dersom vara blir send via ein speditør, er det speditøren som fyller han ut. Du kan òg fylle han ut sjølv.

Kontroller at tolldeklarasjonen er korrekt. Opplysningane om verdi, fraktkostnader, forsikringar og så vidare, skal samsvare med fakturaene du får frå vareleverandøren, speditøren eller andre.

Viss du oppdagar feil, bør du kontakte dei ansvarlege og få dei til å endre tolldeklarasjonen.

Det er fakturadatoen som avgjer kva for termin kjøpa skal bokførast. Det finst òg ein ekspedisjonsdato som er den datoen Tolletaten registrerer vara som kommen til landet. Det er ekspedisjonsdatoen som avgjer kva for periode innførselen skal deklarerast i mva-meldinga.

I somme tilfelle høyrer fakturadatoen og ekspedisjonsdatoen til ulike periodar. I slike tilfelle skal kjøpet bokførast i den perioden fakturadatoen høyrer til, og deklarerast på mva-meldinga for den perioden ekspedisjonsdatoen høyrer til.

Hugs å ta vare på tolldeklarasjonen. Du skal bruke han når du reknar ut meirverdiavgifta for innførselen. Han er òg viktig dokumentasjon for bokføringa.

Dersom du tar imot varer som du skal returnere, til dømes fordi dei var øydelagde då du fekk dei, skal du behandle det som all annan import. Du skal inkludere varene som skal returnerast i sum innførsel. Du har som regel full frådragsrett for kjøpet i mva-meldinga.

Når du skal returnere vara er det viktig at du bruker riktig prosedyrekode for retur av varer, slik at returen ikkje ser ut som omsetning til utlandet. Det finst fleire prosedyrekodar for retur av varer. Riktig prosedyrekode finn du på Tolletaten sine nettsider.

Det skal gå fram av tolldeklarasjonen om ei vare er mellombels innført. Du skal avstemme dette mot deklarasjonsoversikta. Ein mellombels innførsel har ofte nullsats og skal inn i kode 85 i mva-meldinga for periodar frå og med 1. januar 2022.

Dersom du leverer mva-melding for periodar til og med 31. desember 2021, skal du bruke post 11 i mva-meldinga.

Dersom ei vare går frå å vere mellombels til permanent innført, til dømes ved sal i Noreg, må du endre tolldeklarasjonen til ordinær innførsel. Det gjer du ved å kontakte speditøren eller Tolletaten.

Det skal gå fram av tolldeklarasjonen om ei vare er gjeninnført. Du skal avstemme dette mot deklarasjonsoversikta. Gjeninnførsel har som regel nullsats og skal inn i kode 85 i mva-meldinga for periodar frå og med 1. januar 2022.

Dersom du leverer mva-melding for periodar til og med 31. desember 2021, skal du bruke post 11 i mva-meldinga.

Har du alle tolldeklarasjonane?

For å kontrollere at du har alle tolldeklarasjonane kan du bruke deklarasjonsoversikta som du mottar frå Tolletaten i Altinn. Du skal rapportere meirverdiavgifta i den terminen ekspedisjonsdatoen på tolldeklarasjonen høyrer til.

Når du avstemmer deklarasjonsoversikta mot fakturaene og tolldeklarasjonane, vil du i somme tilfelle oppdage at det er feil i tolldeklarasjonane. Det kan til dømes vere at det er

  • ført opp varer du ikkje har kjøpt
  • ført feil tal på varer
  • ført feil beløp på varer
  • ført feil avgiftssats
  • ført feil varekode

Dersom du finn feil når du avstemmer, må du kontakte speditøren eller Tolletaten, slik at dei kan rette tolldeklarasjonane som ligg til grunn for deklarasjonsoversikta. Viss speditøren eller Tolletaten gjer ei retting, vil det komme fram som ei ny berekning i deklarasjonsoversikta. Hugs at det er fakturadatoen som avgjer kva for termin kjøpa skal bokførast. 

I andre tilfelle vil du oppdage at deklarasjonsoversikta er rett, men at du manglar nokre dokument for at rekneskapen skal bli riktig. I så fall må du kontakte leverandøren eller speditøren og be dei sende deg dokumentasjonen du treng for å føre rekneskapen riktig.

I mva-meldinga skal du berre rapportere dei kjøpa frå utlandet som finst i rekneskapen din og er avstemte mot deklarasjonsoversikta. Viss du ikkje rekk å få grunnlaget du treng for å føre rett innførsel i den inneverande mva-terminen, må du endre det når du får dokumentasjonen du treng.

I deklarasjonsoversikta frå Tolletaten kjem òg nye berekningar fram. Ver merksam på at dei kan gjelde tidlegare periodar, som då ikkje skal takast med i mva-meldinga for den gjeldande perioden. 

  • Har organisasjonsnummeret ditt tilknytte bedrifter (BEDR) i Einingsregisteret? Éi deklarasjonsoversikt for kvar BEDR kjem til meldingsboksen til den overordna verksemda i Altinn.
  • Har organisasjonsnummeret ditt tilknytte organisasjonsledd (ORGL) i Einingsregisteret? Deklarasjonsoversikt blir send til meldingsboksen til kvart einskilt ORGL i Altinn.

Fellesregistrerte verksemder må sjekke alle organisasjonsnummera sine.

Når deklarasjonsoversikta er avstemt mot rekneskapen, er du klar til å rekne ut tala som skal fyllast inn i mva-meldinga. Du bruker mva-kodane under "Kjøp av varer frå utlandet (import) om du rapporterer for periodar frå og med 1. januar 2022 og postane "Innførsel av varer" dersom du leverer mva-meldingar for periodar til og med 31. desember 2021.

Grunnlaget for utrekning av meirverdiavgift ved innførsel er summen av statistisk verdi + toll og avgifter:

Statistisk verdi

Med statistisk verdi meiner vi ein samla verdi på innførselen som Statistisk sentralbyrå har bestemt skal stå på tolldeklarasjonen. Denne verdien er summen av fleire verdiar i innførselen.

Den statistiske verdien kjem fram i tolldeklarasjonen i post 46 og er verdien på innførselen i norske kroner. 

Det finst somme unntak frå hovudregelen om at mva-grunnlaget = statistisk verdi + toll og andre avgifter. Det gjeld til dømes innførsel av kunstverk, tanntekniske arbeid eller gjeninnførsel etter reparasjon eller tilarbeiding. Les meir om unntaka i Merverdiavgiftshåndboken.

I tolldeklarasjonen har desse eigne prosedyrekodar i rubrikk 37. Det er òg andre reglar som verkar inn på tollverdien.

Du kan lese meir om tollverdi hos Tolletaten.

Toll og andre avgifter

Toll og andre avgifter som særavgift, forskingsavgift og liknande finn du i rubrikk 47 i tolldeklarasjonen.

Andre avgifter kan vere

  • særavgift, dersom denne er oppgitt i tolldeklarasjonen
  • forskingsavgift

Du skal leggje saman alle avgiftene som står i rubrikk 47. Denne summen skal du leggje saman med statistisk verdi for å få mva-grunnlaget.

Finn toll og andre avgifter

Døme

Sum

Toll

1 000 kroner

Særavgifter

500 kroner

Forskingsavgift

200 kroner

Summen du skal leggje til statistisk verdi

1 700 kroner

 

 

Legg saman tollverdien, toll og andre avgifter

 

Døme

Sum

 

Statistisk verdi

3 000 kroner

+

Toll og andre avgifter

1 700 kroner

=

Mva-grunnlag

4 700 kroner

 

Du har no funne grunnlaget for meirverdiavgifta. Dette skal du bruke for å leggje på rett sats og rekne ut meirverdiavgifta.

Finn meirverdiavgifta

 

Døme

Sum

 

Mva-grunnlag

4 700 kroner

*

Mva-sats

25 %

=

Meirverdiavgift

1 175 kroner

I mva-meldingane er postane eller kodane fordelte på ulike avgiftssatsar. Det er varegruppa og bruksområdet til vara som avgjer kva for avgiftssats kvar einskild vare skal ha.

Hovudregelen er at dei fleste varer har 25 prosent meirverdiavgift, mens næringsmiddel har 15 prosent meirverdiavgift. Det er òg somme varer som har nullsats. Det gjeld til dømes fartøy, luftfartøy og liknande. Viss du lurer på kva for sats du skal bruke for dei varene du har kjøpt frå utlandet, kan du sjå i oversikta over satsar for meirverdiavgift.

I mva-meldingar for periodar frå og med 1. januar 2022, er det fem kodar som gjeld meirverdiavgift for innførsel på varer:

  • Kode 81 - Kjøp av varer frå utlandet med frådragsrett (høg sats) (gjeld også ved forholdsmessig frådragsrett)
  • Kode 82 - Kjøp av varer frå utlandet utan frådragsrett (høg sats)
  • Kode 83- Kjøp av varer frå utlandet med frådragsrett (middels sats) (gjeld også ved forholdsmessig frådragsrett)
  • Kode 84 - Kjøp av varer frå utlandet utan frådragsrett (middels sats)
  • Kode 85 - Kjøp av varer frå utlandet som det ikkje skal reknast meirverdiavgift på (nullsats)

Skal du levere mva-meldinga for periodar til og med 31. desember 2021, er det tre postar som gjeld meirverdiavgift for innførsel på varer:

  • Post 9 Innførsel av varer, og berekna avgift 25 prosent
  • Post 10 Innførsel av varer, og berekna avgift 15 prosent
  • Post 11 Innførsel av varer som det ikkje skal bereknast meirverdiavgift av

I post 11 fører du berre grunnlaget for meirverdiavgift, men du skal ikkje berekne avgift av det.

Har du frådrag for innførselsmeirverdiagifta, skal du føre det i post 17 og 18.

Det skal gå fram av tolldeklarasjonen om ei vare er mellombels innført. Du skal avstemme dette mot deklarasjonsoversikta. Mellombels innførsel har ofte nullsats og skal inn i kode 85 for periodar frå og med 1. januar 2022.

Leverer du mva-meldinga i nytt format for periodar til og med 31. desember 2021, skal du bruke post 11 i mva-meldinga.

Du kan lese meir om reglane for mellombels innførsel hos Tolletaten.

Dersom ei vare går frå å vere mellombels til permanent innført, til dømes ved sal i Noreg, må du endre tolldeklarasjonen til ordinær innførsel. Det gjer du ved å kontakte speditøren eller Tolletaten.

Det skal gå fram av tolldeklarasjonen om ei vare er gjeninnført. Du skal avstemme dette mot deklarasjonsoversikta.

Gjeninnførsel har som regel nullsats og skal inn i kode 85 for periodar frå og med 1. januar 2022.

Leverer du mva-meldinga for periodar til og med 31. desember 2021, skal du bruke post 11 i mva-meldinga.

Du kan lese meir om gjeninnførsel hos Tolletaten.

Du skal bokføre mva-grunnlaget som du rekna ut i rekneskapen, slik at du kan rapportere dette i mva-meldinga.

Du kan bokføre dette på ein eigen konto med motkonto, slik at det går i null i rekneskapen. Du kan òg føre mva-grunnlaget til debet og kredit på ein resultatkonto med mva-kode.

Du skal bokføre innførselsmeirverdiavgifta i balansen. Du treng eigne balansekonti for denne, sidan innførselsmeirverdiavgifta skal spesifiserast i mva-meldinga.

Du kan bokføre anten løpande eller samla per månad. Du skal dokumentere utrekninga av grunnlaget og avgifta per mva-sats per tolldeklarasjon.

For å vite kva for konto du skal føre det på, må du vite

Rekneskap

Har du eit rekneskapssystem, må det vere oppdatert med nye mva-kodar og konti.

Har du ikkje noko rekneskapssystem, opprettar du sjølv dei nødvendige kontoane i rekneskapen din. Ta utgangspunkt i mva-meldinga for å sjå korleis du skal spesifisere mva-grunnlaget og avgifta.

Frådragsrett

Dei same reglane gjeld for frådrag for kjøp frå utlandet som for kjøp av varer og tenester i Noreg. 

Dette må du dokumentere

  • Tolldeklarasjonen med vedlegg. Dette er hovuddelen av dokumentasjonen. For varer der ein ikkje skal rekne ut meirverdiavgift, er tolldeklarasjonen med vedlegg tilstrekkeleg dokumentasjon.
  • Grunnlaget for å rekne ut meirverdiavgifta, og meirverdiavgifta. Du må dokumentere det berekna grunnlaget for meirverdiavgift ved innførsel av varer, og den utrekna meirverdiavgifta. Dokumentasjonen skal vise grunnlaget og avgifta per avgiftssats for kvar tolldeklarasjon.

Det er ikkje eit krav at den inngåande varefakturaen refererer til vedlegget for innførselsmeirverdiavgifta i rekneskapen. Det er heller ikkje eit krav at den inngåande varefakturaen refererer til tolldeklarasjonen, men du må kunne dokumentere dette.

Aktuelle lenkjer