Slik trekkjer du rett skatt
Du som arbeidsgivar må hente skattekorta elektronisk og trekkje rett skatt for dei tilsette. Som arbeidsgivar pliktar du å melde dei tilsette inn i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret ved å sende inn a-meldinga.
Du kan gå til det punktet i rettleiaren som du er mest interessert i.
Du som arbeidsgivar hentar skattekortet for den tilsette.
Les om kva typar skattekort som finst og korleis du som arbeidsgivar bruker dei.
Ver merksam på om den tilsette har eit skattekort for kjeldeskatt på lønn eller eit ordinært skattekort.
Før du som arbeidsgivar hentar skattekortet og trekkjer skatt, må du sjekke at lønna er høgare enn minstebeløpet.
Sjå oversikta med minstebeløpa nedanfor. Du treng ikkje å hente skattekortet for å utbetale feriepengane for i fjor.
Arbeidsforhold | Beløp det ikkje skal trekkjast skatt for | Periode |
Vanlege arbeidsgivarar | Samla forskottstrekk på inntil 100 kroner | Per kalendermånad |
Vanlege arbeidsgivarar | Samla trekkpliktige ytingar på inntil 500 kroner | Per kalendermånad |
Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar | Lønnsutbetalingar på inntil 10 000 kroner | Per inntektsår |
Personlege arbeidsgivarar | Lønnsutbetalingar på inntil 6 000 kroner | Per inntektsår |
Du finn meir informasjon om beløpsgrensene for vanlege arbeidsgivarar i skattebetalingsforskrifta § 5-4-3 (1).
Meir informasjon om opplysningsplikta til arbeidsgivararar og beløpsgrensene for skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar og for personlege arbeidsgivarar, finn du i skatteforvaltningsforskrifta § 7-2-1.
For å kunne hente skattekorta treng du ei oversikt over dei tilsette, og fødselsnummera eller d-nummera deira.
NB! Du må hugse å fjerne fødselsnummer eller d-nummer på tilsette som har slutta.
Som arbeidsgivar er du ansvarleg for å hente skattekorta for alle dei tilsette ved overgangen til eit nytt inntektsår.
Skattekorta må hentast i forkant av den første lønnskøyringa. Ved nytilsetjingar i løpet av året må du hente skattekortet i forkant av den første lønnskøyringa for den nytilsette.
Du kan hente skattekorta på to måtar:
- Hent skattekorta utan eit lønnssystem. Du får tilgang til skattekorta med ein gong, og dei blir sende direkte til innboksen i Altinn.
- Hent skattekorta via eit lønnssystem. Om du har eit lønnssystem, tilrår vi at du kontaktar lønnssystemleverandøren din før du byrjar å bruke denne tenesta. Skattekorta blir sende til innboksen i Altinn og/eller til lønnssystemet ditt.
Korleis hente frikort?
Frikort hentar du på same måten som vanlege skattekort. Den tilsette må ha bestilt frikortet før du som arbeidsgivar kan hente det. Med frikortet følgjer heile eller delar av fribeløpet.
Viss du får 0 i beløp, betyr det at arbeidstakaren må tildele deg eit beløp. Dette kan skje viss ein annan arbeidsgivar har henta frikortet før deg.
Du vil få eit varsel om endra skattekort når skattekortet eller frikortet er klart til å bli henta.
Tilgangar i Altinn
Du treng rolla: Utfyllar/Innsendar
- Du vil få beskjed frå Skatteetaten viss ein av dei tilsette ikkje har noko skattekort eller frikort.
- Den tilsette må sjølv bestille skattekortet før du kan hente det.
- Du som arbeidsgivar kan søkje om skattekort på vegner av ein utanlandsk tilsett.
Om du likevel manglar skattekortet før den første lønnskøyringa i januar, kan du bruke skattekortet til den tilsette frå fjoråret for å trekkje skatt av utbetalingar i januar.
Bruker du skattekortet for fjoråret ved den første lønnskøyringa i januar, må du korrigere trekket etter det nye, gjeldande skattekortet innan utgangen av februar. Manglar du framleis det nye skattekortet ved utgangen av februar, må du korrigere trekket etter dei same satsane som ved manglande skattekort.
Manglande skattekort
Manglar du skattekortet ved utbetalingar resten av året, skal du trekkje 50 prosent i skatt av lønn, og 30 prosent i skatt av pensjonar og andre trygdeytingar, inntil den tilsette har bestilt skattekortet.
Gi informasjon til den tilsette
Informer den tilsette om at det blir trekt 50 prosent i skatt av lønn og 30 prosent i skatt av pensjonar og andre trygdeytingar. Den tilsette må bestille skattekort eller frikort. Om den tilsette ikkje har eit skattekort, gjeld ikkje ordninga med trekkfritak ein månad om sommaren og ein halv månad før jul.
Utanlandske arbeidstakarar som skal opphalde seg og jobbe i Noreg i ein kortare periode, får tildelt eit d-nummer.
Ettersom opphaldet er mellombels, vil den utanlandske arbeidstakaren berre få eit skattekort for det inneverande året. Du som arbeidsgivar kan søkje om skattekort for ein utanlandsk arbeidstakar.
Når arbeidstakaren har fått tildelt eit skattekort, vil du som arbeidsgivar få eit varsel dersom du tidlegare har prøvd å hente dette.
Du får berre den informasjonen som er nødvendig for å sikre rett forskottstrekk. I hovudsak er dette opplysningar om tabell og trekkprosent. For utanlandske tilsette med skattekort for kjeldeskatt på lønn, vil det vere tilleggsinformasjon om dette i skattekortet.
Du er ansvarleg for å trekkje skatt i samsvar med det siste skattekortet som gjeld for den tilsette.
Hovudarbeidsgivaren skal bruke tabellen ved berekning av skattetrekket. Biarbeidsgivarar og ytingar som gjeld ein annan periode enn den lønna blir betalt ut for, skal bruke prosenttrekket i skattekortet.
NB! Om du er i tvil om du er hovud- eller biarbeidsgivar, må du avklare dette med den tilsette.
Får du inn nytilsette i løpet av året, bør det å avklare om du er hovud- eller biarbeidsgivar for den du skal tilsetje vere ein del av tilsetjingsrutinen.
Dersom du ikkje får avklart om du er hovud- eller biarbeidsgivar, skal du trekkje etter prosent. Sjå skattebetalingsforskrifta § 5-1-4 (3)
Har den tilsette eit skattekort for kjeldeskatt på lønn, skal du kvar månad trekkje etter den faste prosentsatsen som kjem fram av skattekortet. Dette gjeld også i feriepengane og i lønna før jul.
Skattetrekk av alderspensjon
For utbetalingar av alderspensjon, eller andre ytingar med låg trygdeavgift, skal du nytte månadstabellen for pensjon. Ved andre trekkperiodar enn månadlege, skal tabellen brukast forholdsmessig.
Tabelltrekk
Reglar for korleis tabelltrekket skal bereknast for ulike periodar finn du i skattebetalingsforskrifta § 5-10-2.
- Du finn meir om bruk av tabell- og prosenttrekk i skattebetalingsforskrifta §§ 5-10-1, 5-10-3 og 5-10-4.
- Du finn meir om fritak for trekk i feriepengar og lønn før jul i skattebetalingsforskrifta §§ 5-7-1 og 5-7-2.
Frikort
Dersom den tilsette har eit frikort med beløpsgrense, gjeld trekkfritaket for all trekkpliktig lønn og godtgjersle som du utbetaler til den tilsette inntil den fastsette beløpsgrensa på 100 000 kroner (2025).
Ekstra skattetrekk
Dersom den tilsette i god tid før trekket skal gjennomførast, krev høgare trekk enn skattekortet tilseier, pliktar du å trekkje slik den tilsette krev.
Du får beskjed i innboksen i Altinn, i tillegg til ein e-post eller SMS, viss ein av dei tilsette endrar skattekortet sitt i løpet av året.
Du må hente det nye skattekortet før den neste lønnskøyringa. Det nye skattekortet hentar du via den same tenesta som du brukte for å bestille skattekortet:
Dersom du hentar skattekort frå eit lønnssystem, er det mogleg å slå av varslingsfunksjonen. Dette kan lønnssystemleverandøren din svare på.
Dei tilsette kan også be deg trekkje meir skatt enn skattekortet viser
Dette bør du leggje inn som eit tilleggstrekk, ikkje korrigere prosent/tabell.
Som arbeidsgivar pliktar du å gjere skattetrekk i lønna til dei tilsette. Det finst to typar skattetrekk i lønn til arbeidstakarar:
Etter at du har berekna forskottstrekket, skal du redusere bruttolønna med forskottstrekket og utbetale nettolønna til den tilsette. Dette gjer du seinast på det tidspunktet den tilsette kan krevje å få lønna utbetalt, til dømes på den avtalte lønningsdatoen.
Når den tilsette får naturalytingar, må du gjere forskottstrekk så langt som kontantytingane rekk. Dersom lønnsutbetalinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje forskottstrekk for naturalytingar, må du straks melde frå til skattekontoret.
Som arbeidsgivar med tilsette pliktar du å ha ein særskild bankkonto kalla skattetrekkskonto
Skattetrekkskontoen skal berre brukast til innskott av forskottstrekk, og eventuelt til utleggstrekk når Skatteetaten har pålagt dette.
Seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga må du setje forskottstrekket inn på skattetrekkskontoen. Som eit alternativ til fortløpande innbetalingar kan du halde saldoen på skattetrekkskontoen så høg at den til kvar tid dekkjer det løpande trekkansvaret, til dømes ved at du set inn eit a-kontobeløp.
For arbeidsgivarar med rett til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsverksemdslova, til dømes bankar, kan det bli godtatt at det blir stilt garanti for beløpet.
Skattetrekket tilhøyrer skattestyresmaktene
Utan Skatteetaten sitt samtykke, kan du ikkje disponere over skattetrekkskontoen på annan måte enn ved overføring til oss, eller ved å overføre midlane til ein annan skattetrekkskonto i ein annan bank.
Ved kvar lønnsutbetaling må du gi den tilsette ei kvittering for forskottstrekk og utleggstrekk du har gjort. Denne kvitteringa kan vere lønnsslippen til den tilsette.
I desember kvart år vil arbeidstakaren få ei oversikt over kva for arbeidsgivarar som har henta skattekortet i løpet av det siste året.
Du har berre lov til å hente skattekort for personar du skal utbetale trekkpliktige ytingar til.
Med tenesta Mine arbeidsgivarar kan arbeidstakarane sjå oppdatert informasjon om kva arbeidsgivarar som har henta skattekorta deira elektronisk.
Med tenesta Mine inntekter og arbeidsforhold kan dei tilsette sjå kva du har rapportert inn for dei.
Du har berre lov til å hente skattekort for personar du skal utbetale trekkpliktige ytingar til.
Du må ha fødselsnummeret eller d-nummeret til den tilsette.
Alle arbeidstakarar blir informerte av Skatteetaten om kven som har innhenta skattekorta deira.
Behandlinga av personopplysningane som kjem fram av det elektroniske skattekortet, blir regulert av personopplysningslova. Vilkåra for å behandle personopplysningane kjem fram av personopplysningslova § 8. Krava til behandlinga av personopplysningane kjem fram av personopplysningslova § 11.
Innhenting av skattekort føreset såleis at opplysningane blir behandla i samsvar med personopplysningslova. Dette inneber mellom anna at dersom ein har innhenta skattekort, men utbetaling av trekkpliktige ytingar ikkje blir aktuelt, må opplysningane slettast, jf. personopplysningslova § 11 bokstav e, jf. § 28.
Ugyldig eller manglande vedlegg
"Den innsende fila er ikkje i samsvar med spesifikasjonane til Skatteetaten". Får du denne meldinga, kan det vere feil formatering i fila. I så fall må du ta kontakt med lønnssystemleverandøren din.
Feil fødselsnummer / feil organisasjonsnummer:
Fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret i fila er ikkje gyldig. Send inn ny førespurnad med korrekt arbeidstakaridentifikator/arbeidsgivaridentifikator.
Utgangspunktet er at den tilsette ikkje skal få betalt tilbake for mykje trekt forskottstrekk før ved skatteoppgjeret. Forskottstrekket kan likevel korrigerast i a-ordninga dersom feilen blir oppdaga før 31. januar i året etter inntektsåret.
Dersom du har gjennomført forskottstrekket etter det gamle skattekortet fordi du ikkje hadde tilgang på det nye, eller du har trekt 50 prosent fordi du ikkje hadde tilgang på skattekortet til den tilsette i det heile, kan du korrigere forskottstrekket i same inntektsåret så snart du får inn det nye skattekortet.