Fritak for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar og andre trygdeytingar

Skattedirektoratet har komme med ein prinsipputtale om fritaket for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar eller andre trygdeytingar. Uttalen får konsekvensar for arbeidsgivaren si rapportering av grunnlaget for arbeidsgivaravgifta og for berekninga av arbeidsgivaravgifta.

Kort om fritak for arbeidsgivaravgift

Lønn og feriepengar under sjukdom, fødselspermisjon og andre ytingar som skal refunderast frå folketrygda er fritatte for arbeidsgivaravgift, jf. folketrygdlova § 23-2 femte ledd første punktum. Fritaket for arbeidsgivaravgift gjeld berre dersom dei aktuelle ytingane faktisk blir refunderte. For å få fritak for arbeidsgivaravgifta må du både krevje refusjon og ha refusjonsrett etter folketrygdlova §§ 8-20 tredje ledd, 8-21 tredje ledd eller 22-3.

Du kan velje mellom å gjere fritaket gjeldande på det tidspunktet du forskotterer ytingane, eller når ytingane blir refunderte frå NAV. Sjå prinsipputtalen frå Skattedirektoratet.

På kva tidspunkt kan du krevje fritak for arbeidsgivaravgift når du forskotterer ytingar frå NAV?

Du kan redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta når du faktisk forskotterer ei yting. På rapporteringstidspunktet må du kunne vise korleis du har komme fram til refusjonsbeløpet du legg til grunn. Det kan til dømes vere ei oversikt over kor mykje den tilsette faktisk har vore borte i perioden rapporteringa gjeld for, og ei berekning av dagsatsen det er sannsynleg at NAV legg til grunn. Dersom du ikkje krev refusjon frå NAV, har du ikkje rett til å redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta.

Som arbeidsgivar er du ansvarleg for at beløpet som blir fritatt for arbeidsgivaravgift er rett. Dersom du ikkje kan berekne kva som truleg er det rette forskotterte beløpet, må du vente med å redusere berekningsgrunnlaget til du får refusjonen frå NAV.

Rapportering i a-meldinga når du reduserer avgiftsgrunnlaget med ytingar du forskotterer for NAV

Når du forskotterer sjukepengar og andre ytingar på vegner av av folketrygda, skal du rapportere dette som ordinær lønn du pliktar å betale arbeidsgivaravgift for. Desse ytingane skal med i avgiftsgrunnlaget for lønn og godtgjersle som ordinære avgiftspliktige ytingar.

For å frita beløpet du har forskottert for arbeidsgivaravgift, oppgir du dette i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV. Du kan berre redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgifta med det beløpet du kjem til å få refundert.

Det fritatte beløpet er eit negativt beløp, og det skal redusere summen av den berekna arbeidsgivaravgifta. Bruk den same avgiftssatsen som du bruker for å berekne arbeidsgivaravgifta.

Ola er sjukmeld frå 1. til 31. august. Den avtalte månadslønna hans er 110 000 kroner. Arbeidsgivaren bereknar at refusjonen frå NAV vil vere 55 000 kroner.

A-melding for august  
Fastlønn (Ola) 110 000
Avgiftspliktig Ja
   
Avgiftsgrunnlag lønn og godtgjersle  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 110 000
   
Avgiftsgrunnlag refusjonar frå NAV  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag -55 000
   
Arbeidsgivaravgift å betale 7 755

 

I tillegg oppgir arbeidsgivaren andre obligatoriske opplysningar.

Totalt avgiftsgrunnlag i august er 55 000 kroner.

Dersom refusjonen frå NAV stemmer med det arbeidsgivaren har berekna som ei forskottert yting, er arbeidsgivaravgifta gjort opp. Dersom det berekna avgiftsfrie beløpet i august er høgare enn beløpet som faktisk blir refundert, må arbeidsgivaren rette rapporteringa for august.

Slik rettar du feil

Dersom du har rapportert for lågt refusjonsbeløp

Dersom du har rapportert eit lågare beløp i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV då du forskotterte ytinga enn beløpet du faktisk får refundert, må du rette opplysningane.  Du kan anten korrigere a-meldinga for den kalendermånaden då avgiftsgrunnlaget vart redusert, eller du kan ta med differansen mellom den tidlegare berekna refusjonen og refusjonen du fekk i den månaden du fekk refusjonen frå NAV. 

Dersom du har rapportert for høgt refusjonsbeløp

Dersom du har rapportert eit høgare beløp i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV då du forskotterte ytinga enn beløpet du faktisk får refundert, må du rette a-meldinga for den kalendermånaden du forskotterte ytinga.

Sjå korleis du kan rette feil i rettleiinga til a-meldinga under emnet Arbeidsgivaravgift.

Kari er sjuk i oktober. Den avtalte månadslønna hennar er 60 000 kroner. Arbeidsgivaren bereknar at refusjonen frå NAV vil vere 30 000 kroner.

Ola var sjuk i heile august, og i oktober får arbeidsgivaren ein refusjon frå NAV på 58 000 kroner. Refusjonen er 3 000 kroner høgare enn arbeidsgivaren la til grunn som forskottert beløp ved rapporteringa i august (55 000 kroner). Arbeidsgivaren tar med differansen mellom refusjonen han fekk og det berekna forskotterte beløpet i august på a-meldinga i den kalendermånaden ha fekk refusjonen (oktober).

Dei forskotterte sjukepengane for Kari i oktober, 30 000 kroner, og differansen mellom refusjonen i august og refusjonen arbeidsgivaren fekk i oktober for Ola, 3 000 kroner, blir rapporterte i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV.

A-melding for oktober  
Fastlønn (Ola) 110 000
Avgiftspliktig Ja
Fastlønn (Kari) 60 000
Avgiftspliktig Ja
   
Avgiftsgrunnlag lønn og godtgjersle  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 170 000 (Ola og Kari)
   
Avgiftsgrunnlag refusjonar frå NAV  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 14,1 prosent
   
Arbeidsgiveravgift å betale 19 317

 

I tillegg oppgir arbeidsgivaren andre obligatoriske opplysningar.

Totalt avgiftsgrunnlag i oktober er 137 000 kroner.

På kva tidspunkt kan du krevje fritak for arbeidsgivaravgift når du får refusjon frå NAV?

Du kan redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta når du faktisk har forskottert ei yting. Dersom du ikkje krev refusjon frå NAV, har du ikkje rett til å redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta. Dersom du krev fritak for arbeidsgivaravgift når du får refusjonen frå NAV, bruker du «Oppgjersrapporten (K27) refusjonar frå NAV» til å dokumentere beløpet som skal vere fritatt for arbeidsgivaravgift.

Rapportering i a-meldinga når du reduserer avgiftsgrunnlaget med refusjonar du har fått frå NAV

Når du forskotterer sjukepengar og andre ytingar på vegner av folketrygda, skal du rapportere dette som ordinær lønn du pliktar å betale arbeidsgivaravgift for. Desse ytingane skal med i avgiftsgrunnlaget for lønn og godtgjersle som ordinære avgiftspliktige ytingar.

Når du får oppgjersrapporten frå NAV, oppgir du det refunderte beløpet i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV. Du kan berre redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgifta med det beløpet du faktisk får refundert.

Det fritatte beløpet er eit negativt beløp, og det skal redusere summen av den berekna arbeidsgivaravgifta. Bruk den same avgiftssatsen som du bruker for å berekne arbeidsgivaravgifta.

Per er sjukmeld frå 1. til 31. august. Den avtalte månadslønna hans er 110 000 kroner.

A-melding for august  
Fastlønn (Per) 110 000
Avgiftspliktig Ja
   
Avgiftsgrunnlag lønn og godtgjersle for august  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 110 000

 

I oktober får arbeidsgivar 58 000 kroner i refusjon frå NAV. Dei rapporterer refusjonen i oktober:

Avgiftsgrunnlag refusjonar frå NAV for oktober  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag -58 000

Slik rettar du feil

Sjå korleis du kan rette feil i rettleiinga til a-meldinga under emnet Arbeidsgivaravgift.

Ekstra arbeidsgivaravgift

Du skal berekne ekstra arbeidsgivaravgift når dei samla avgiftspliktige lønnsytingane til ein inntektsmottakar frå ei juridisk eining går over innslagspunktet på 750 000 kroner i 2023. Arbeidsgivaren si bereknings- og rapporteringsplikt for den ekstra arbeidsgivaravgifta startar på det tidspunktet beløpsgrensa er nådd (innslagspunktet).

Korleis blir innslagspunktet for den ekstra arbeidsgivaravgifta påverka når arbeidsgivaren forskotterer og seinare får refusjonar frå NAV?

Legg du tidspunktet du fekk refusjonen frå NAV til grunn for å frita beløpet for arbeidsgivaravgifta? Då vil det refunderte beløpet du oppgir i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV påverke berekninga av innslagspunktet. Dette påverkar berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta.

  • Får du ein refusjon i 2025 for sjukepengar du har forskottert i 2024, kan du redusere berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta i 2025 dersom du har berekna ekstra arbeidsgivaravgift for inntektsmottakaren i 2023 eller 2024. Reduksjonen i berekningsgrunnlaget kan ikkje vere høgare enn det beløpet som faktisk har inngått i berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta for inntektsmottakaren i 2023 eller 2024.
  • Refusjonar som gjeld for 2022 eller tidlegare år, skal ikkje føre til reduksjon av innslagspunktet eller av berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta.

Finansskatt

Grunnlaget for finansskatt på lønn er det same som avgiftsgrunnlaget for berekning av den ordinære arbeidsgivaravgifta. Det blir ikkje rapportert eit eige særskilt berekningsgrunnlag i a-meldinga.

Ved forskottering og refusjon av sjukepengar o.a. skal du redusere berekningsgrunnlaget for finansskatt slik som for den ordinære arbeidsgivaravgifta, men du skal ikkje oppgi  berekningsgrunnlaget i rapporteringa i a-meldinga.

Har du rapportert for låg finansskatt?

Har du rapportert for lågt beløp i finansskatt fordi du har trekt frå meir enn du faktisk får refundert frå NAV då du forskotterte ytinga frå NAV? Då skal du rette a-meldinga for den kalendermånaden du trekte frå forskotteringsbeløpet.

Har du rapportert for høg finansskatt?

Har du forskottert ei yting frå NAV, men rapportert inn eit for høgt beløp i finansskatt fordi du trekte frå mindre enn du får refundert? Då kan du velje om du vil korrigere a-meldinga for forskotteringsmånaden, eller om du vil trekkje frå differansen i a-meldinga den månaden ytinga blei refundert. 

Du finn meir informasjon om rapportering av finansskatt på lønn i rettleiinga til a-meldinga, under emnet finansskatt.

Krav til bokføring og dokumentasjon

Når du bruker fritak for arbeidsgivaravgift etter folketrygdlova § 23-2 femte ledd første punktum, må dette vere dokumentert. Det gjeld både om du bruker fritaket når du forskotterer og når du får refusjonar frå NAV. Plikta til å dokumentere, bokføre og spesifisere opplysningspliktige ytingar følgjer av bokføringslova og bokføringsforskrifta. Sjå mellom anna bokføringslova § 5 andre ledd nr. 2, § 7 og § 10. For arbeidsgivarar som ikkje har bokføringsplikt følgjer tilsvarande plikter av skattebetalingsforskrifta § 5-11-2.

Tilleggsskatt

Alle feil i rapporteringa gir ein risiko for tilleggsskatt. Har du brukt fritak for arbeidsgivaravgift ved forskottering av sjukepengar og rapporteringa ikkje samsvarer med refusjonen frå NAV, vil vi i utgangspunktet vurdere dette som feil rapportering. Ved ein kontroll må du kunne vise dokumentasjon på at du har gjort ei forsvarleg og sannsynleg berekning av storleiken på fritaket for arbeidsgivaravgifta på forskotterte sjukepengar, for at vi ikkje skal rekne rapporteringa som feil.