Uregelrette tillegg knytt til arbeidd tid

  • Oppdatert: 23.01.2025

Gjeld tillegg som er uregelrette og der opptjeningen er knytta til stilling, yrke, arbeidsmengd, arbeidstid eller arbeidsstad, som skifttillegg og turnustillegg.

Kort om uregelrette tillegg knytte til arbeidd tid

Før opp uregelrette eller sporadiske tillegg for arbeida tid som er knytte til stillinga eller yrket, arbeidsmengd, arbeidstid eller arbeidsstad slik at  opptjeninga kan variere mellom lønnsutbetalingane.

Gjeld tillegg som:

  • skifttillegg
  • turnustillegg
  • offshoretillegg
  • tillegg for deling av lugar «hotbedding»
  • tillegg for arbeid på laurdag og søndag
  • tillegg for arbeid på kveld eller om natta


Ein reknar det som arbeidd tid så lenge den tilsette må opphalde seg på arbeidsstaden. Dette gjeld sjølv om det ikkje er utført nokon arbeidsoppgåver.

Dersom den tilsette ikkje må oppholde seg på arbeidsplassen, sjå Uregelrette tillegg knytte til ikkje-arbeidd tid.

 

Kva for opplysningar skal du oppgi

Beløp x kroner
Type lønn eller yting kontantyting, uregelrette tillegg knytte til arbeidd tid
Trekkplikt ja
Grunnlag for arbeidsgivaravgift  ja/nei
Skatte- og avgiftsregel  dersom aktuelt
Tilleggsinformasjon:  -

 

Beløp

Før opp bruttobeløpet.

 

Type lønn eller yting

Før opp «kontantyting» og «uregelrette tillegg knytte til arbeidd tid».

 

Trekkpliktig

Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.

Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

 

Grunnlag for arbeidsgivaravgift

Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.

Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren

  • kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
  • er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn

Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.

Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.

Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.

Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.

 

Skatte- og avgiftsregel

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:

Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

  • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

  • inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».

Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».

Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.

Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

  • sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
  • når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».

 

Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:

Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".

Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.

 

Tilleggsinformasjon

Ingen tilleggsinformasjon.

 

Oppteningsperiode (frivillig)

Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

 

Når skal du rapportere

Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.

 

Rette feil

 

Kva brukar vi opplysningane til

NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.  

Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.

Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.