Trekkfritt ulegitimert nattillegg på innanlandsreiser
Gjeld ulegitimert nattillegg på innanlandsreiser.
Kort om trekkfritt ulegitimert nattillegg på innanlandsreiser
Før opp trekkfritt ulegitimert nattillegg på innanlandsreiser.
Vilkår for trekkfritak fremgår av skattebetalingsforskriften § 5-6-12.
For utbetaling av trekkfritt ulegitimert nattillegg skal reiserekninga innehalde desse legitimasjonskrava:
- namnet, adressa og underskrifta til arbeidstakarenp
- dato og klokkeslett for avreise og heimkomst
- føremålet med reisa
- kva for arrangement arbeidstakaren har delteke på
- type losji fordelt på hotell, pensjonat eller anna losji som er oppgitt, og opplysning om overnattingsstaden har kokemoglegheit
Nattillegget må ikkje overstige den trekkfrie satsen på kr 452 per døgn for 2025, jf. forskrift om satser mv. til bruk for forskudd og skattefastsetting for 2025.
Se utdjupande informasjon om ulegitimert nattillegg på reisar innanlands i Skatte-ABC
Viss arbeidsgivaren utbetaler eit ulegitimert nattillegg som overstig satsen, skal heile beløpet rapporterast i a-meldinga som trekkpliktig anna godtgjersle på reise.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, reise nattillegg |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på døgn (når 5 timar eller meir av natta tilbringes utanfor heimen iht statlig regulativ) |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «reise nattillegg».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på døgn.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning. Eit eventuelt overskot skal overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk