Trekkfri kostgodtgjersle ved overnatting på hybel med kokemoglegheit eller privat
Gjeld kostgodtgjersle ved overnatting på hybel eller privat med kokemoglegheiter utbetalt fra 2023.
Kort om trekkfri kostgodtgjersle ved overnatting på hybel med kokemoglegheit eller privat
Oppgi godtgjersla til kost på tenestereise eller yrkesreise når arbeidstakaren har overnatta på hybel eller privat, med kokemoglegheiter.
Viss det blir utbetalt meir enn trekkfri sats per døgn, skal du oppgi dette som trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser.
Er kostgodtgjersla opptent i 2024, men utbetalinga skjer i 2025, skal du leggje satsane for 2025 til grunn for overskottsberekninga. Sjå Skattedirektoratet sine forskottssatsar for trekkfri kostgodtgjersle.
Skattebetalingsforskriften § 5-6-12 skildrar andre vilkår for trekkfri utgiftsdekning på tenestereise.
Denne skildringa gjeld ikkje for pendlarar. Ved pendlaropphald er det ein føresetnad for trekkfritak at det ikkje er kokemoglegheiter på opphaldsstaden. Viss pendlaren får dekt kostgodtgjersle, blir skildringa trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser brukt.
Hvilken informasjon skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, reise kost med overnatting på hybel med kokemoglegheit eller privat |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | hvis aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | |
Antall | Talet på døgn |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Oppgi «utgiftsgodtgjersle» og «reise kost med overnatting på hybel med kokemoglegheit eller privat».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregler:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på døgn. Talet på døgn du skal rapportere skal svare til talet på døgn med krav på diett.
- til dømes
- varar reisa 1 døgn og 6 timar skal du føre opp 2 døgn varar reisa i 1 døgn og mindre enn 6 timar inn i neste døgn skal du føre opp 1 døgn
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Hva bruker vi opplysningene til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningane til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning. Eit eventuelt overskot skal overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk