Trekkfri kostgodtgjersle ved arbeidsopphald utover 28 døgn
Gjeld kostgodtgjersle ved arbeidsopphald utover 28 døgn.
Kort om trekkfri kostgodtgjersle ved arbeidsopphald utover 28 døgn
Før opp utbetalt trekkfri kostgodtgjersle når
- arbeidsopphaldet på same stad har vart i over 28 døgn, og
- arbeidstakaren har budd på hotell
Gjeld godtgjersle utbetalt frå og med det 29. døgnet.
Sjå Skattedirektoratet sine forskotssatsar for trekkfri kostgodtgjersle.
Skattebetalingsforskriften § 5-6-12 beskriv andre vilkår for trekkfri utgiftsdekning på reise med overnatting.
Eit eventuelt overskot skal du føre opp som trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, reise kost overnatting på hotell beordring utover 28 døgn |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på døgn |
Oppteningsland | landkode dersom ytinga er opptent i utlandet |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «reise kost overnatting på hotell beordring utover 28 døgn».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Dersom ytinga er opptent i utlandet kan du ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar.
Tilleggsinformasjon
- Tal
Før opp talet på døgn
Talet på døgn du skal rapportere skal svare til talet på døgn med krav på diett.
Til dømes:- varar reisa 1 døgn og 6 timar skal du føre opp 2 døgn
- varar reisa i 1 døgn og mindre enn 6 timar inn i neste døgn skal du føre opp 1 døgn
- Oppteningsland
Dersom ytinga er opptent i utlandet, må du føre opp landkoden for oppteningslandet.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning. Eit eventuelt overskot skal overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk