Trekkfri kostgodtgjersle for besøksreiser til heimen for arbeidstakar med fri kost på arbeidsstaden
Gjeld kostgodtgjersle for besøksreiser til heimen for arbeidstakar med fri kost på arbeidsstaden.
Kort om trekkfri kostgodtgjersle for besøksreiser til heimen for arbeidstakar med fri kost på arbeidsstaden
Før opp trekkfri kostgodtgjersle for besøksreiser til heimen for arbeidstakar med fri kost på arbeidsstaden.
Arbeidsgivar kan dekkje kostgodtgjersle for besøksreiser trekkfritt når arbeidstakaren har:
- fri kost på arbeidsstaden og
- besøksreisa mellom heimen og staden for arbeidsopphald varer 6 timar eller meir
Godtgjersla er trekkfri når ho ikkje overstig Skattedirektoratets satsar for trekk- og skattefri kostgodtgjersle.
Sjå utdjupande informasjon om meirkostnadar og kost på besøksreiaser i Skatte-ABC
Utanlandsk pendlar med skattekort med standardfrådrag eller skattekort med kjeldeskatt på lønn, kan ikkje få dekt ei slik kostgodtgjersle trekkfritt, sjå Trekkpliktig godtgjersle til kost til utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg.
Ein norsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i Noreg,
- pendlar mellom bustad i Noreg og bustad i Noreg eller utlandet og
- har krav på frådrag for meirutgifter ved arbeidsopphald utanfor heimen.
Ein utanlandsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i utlandet,
- pendlar mellom bustad i utlandet og bustad i Noreg og
- er utanlandsk arbeidstakar som pendlar frå EØS-land og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn, eller
- utanlandsk arbeidstakar med avgrensa skatteplikt til Noreg som pendlar frå eit land utanfor EØS og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, besøksreiser heimen kost |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på reiser |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «besøksreiser heimen kost».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på reiser.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om kostgodgjersle for besøksreiser til pendlar til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk