Trekkfri kostgodtgjersle ved overnatting for langtransportsjåfør for køyring innanlands
Gjeld kostgodtgjersle til langtransportsjåførar for køyring innanlands.
Kort om trekkfri kostgodtgjersle ved overnatting for langtransportsjåfør
Før opp utbetalt kostgodtgjersle til tilsette langtransportsjåførar og deira hjelpemannskap på køyreoppdrag der fråværet frå heimen er minimum eit døgn.
Sjå Skattedirektoratets forskotssatsar for trekk- og skattefri kostgodtgjersle.
For trekkfri utbetaling av kost etter sats til langstransportsjåførar skal det være leverte reiseregning som minimum viser:
- arbeidstakarens namn, adresse og underskrift
- dato og klokkeslett for avreise og hjemkomst for hvert kjøreoppdrag
- formålet med reisen
Eit eventuelt overskot skal du føre opp som trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser.
Trekkfri kostgodtgjersle for overnatting for langtransportsjåfør for køyring i utlandet skal rapporterast i ei eiga nemning.
Denne nemninga gjeld ikkje for langtransportsjåførar som er med i kjeldeskatt på lønn-ordninga. Dersom tilsett langtransportsjåfør er med i kjeldeskatt på lønn-ordninga, skal du bruke nemninga for trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser. Les meir om kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar.
Sjå utdypande informasjon om meirkostnadar og kost til tilsett langtransportsjåfør i Skatte-ABC.
Langtransportsjåførar blir ikkje rekna som å vere på yrkesreise når dei er på køyreoppdrag. Eventuell kostgodtgjersle kan difor ikkje overskotsreknast etter satsane for kostgodtgjersle på reiser utan overnatting (dagdiett). Les meir i Skatte-ABC.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, reise kost med overnatting til langtransportsjåfør for køyring innanlands |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på døgn |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «reise kost med overnatting til langtransportsjåfør for køyring innanlands».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på døgn. Til dømes: Varer fråværet i 1 døgn og mindre enn 24 timar inn i neste døgn, skal du oppgi 1 døgn. Varer fråværet i 48 timar, skal du oppgi 2 døgn.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningane til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning. Eit eventuelt overskot skal overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk