Timelønn

  • Oppdatert: 21.03.2019

Gjeld lønn lønn for ansatte med avtalt timelønnssats, der samla beløp er berekna ut frå talet på timar som er arbeidd.

Kort om timelønn

Før opp samla timelønn for tilsette som har avtalt timelønnssats, døgnssats etc., og spesifiser talet på timar som ligg til grunn for timelønna. Det same gjeld for overtidsgodtgjersle, men overtid skal du ikkje føre opp som en del av timelønna. Sjå overtidsgodtgjerlse.

For tilsette med avtalt timelønssats og betalt kviletid, skal betaling for kviletid førast som timeløn. Talet på timar kviletid skal ikkje rapporterast.

For tilsette med betalt døgnlønn skal det rapporterast 7,5 timar per betalt døgn. For tilsette med avtalt timelønssats og unntak frå normal arbeidstid i arbeidsmiljølova, skal det oppgjevast 7,5 timar per dag dersom arbeidstida klart overstig ein normal arbeidsdag. Dette gjeld mellom anna heimearbeidarar, avlastarar og andre tilsette med omsorgsoppgåver.

For honorarer, akkord, prosent eller provisjonslønn skal du nytte ei eiga inntektsnemning. Beredskapstillegg og liknande skal rapporterast som uregelrette tillegg knytta til ikkje-arbeidd tid.

 

Døme 1
Martin har ei deltidsstilling på 30 prosent og har avtalt timelønssats på 300 kr. Ein månad tek han ekstra vakter og arbeider totalt 120 timar. Det var berre ordinær arbeidstid, og ingen overtid.

På timelønn rapporterast den utbetalte timelønna på 36 000 kr. På talet på timar skal det rapporterast 120 timar. Den avtalte stillingsprosenten skal ikkje endrast som følgje av slik ekstra arbeid.

Døme 2
Stine arbeider heiltid med ei avtalt timelønssats på 200 kr. Ho har òg avtalt betalt kviletid på 100 kr per time. Ein månad arbeider ho 140 timar med ordinær timelønn og har 100 timar betalt kviletid.

På timelønn rapporterast det samla beløpet på 38 000 kr for ordinært arbeid (28 000 kr) og kviletid (10 000 kr). På talet på timar rapporterast 140 timar for arbeidet med avtalt timelønn. Timane for kviletid skal ikkje rapporterast.

 

Kva for opplysningar skal du oppgi

Beløp x kroner
Type lønn eller yting kontantyting, timelønn
Trekkplikt ja
Grunnlag for arbeidsgivaravgift  ja/nei
Skatte- og avgiftsregel  dersom aktuelt

Tilleggsinformasjon:
 
Talet på timar x timer

 

Beløp

Før opp bruttobeløpet.

 

Type lønn eller yting

Før opp «kontantyting» og «timelønn». Du skal òg føre opp talet på timar saman med nemninga timelønn, sjå nemning under tilleggsinformasjon.

 

Trekkpliktig

Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.

Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

 

Grunnlag for arbeidsgivaravgift

Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.

Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren

  • kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
  • er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn

Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.

Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.

Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.

Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.

 

Skatte- og avgiftsregel

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:

Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

  • sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
  • når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».

Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

  • inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».

Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».

Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.

Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

  • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

 

Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:

Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".

Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.

 

Tilleggsinformasjon

  • Talet på timar
    Før opp talet på timar som ligg til grunn for utbetalinga.

    Skal du føre opp etterbetaling for timar der talet på timar er ført opp i ei tidlegare a-melding, set du talet på timar til 0.

 

Oppteningsperiode (frivillig)

Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

 

Når skal du rapportere

Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.

 

Rette feil

 

Kva brukar vi opplysningane til

NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.

NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningar om talet på timar saman med feltet «talet på timar per veke som ei full stilling svarar til» til å rekne ut stillingsprosenten for timelønte når denne ikkje er oppgitt.

Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.

SSB brukar opplysningane til statistikkføremål.