Nettolønnsordning, utrekna skatt for arbeid utført i Noreg
Gjeld utrekna skatt for arbeidstakar med nettolønnsordning.
Kort om utrekna skatt
Før opp utrekna skatt for arbeidstakar med nettolønnsordning.
Utrekna skatt er differansen mellom oppgrossingsgrunnlaget og det oppgrossa beløpet.
Nettolønnsordning er når:
- arbeidstakaren har inngått ein avtale med arbeidsgivar om fast netto utbetalt lønn og andre ytingar og/eller
- arbeidsgivaren har forplikta seg heilt eller delvis å betale inn skatt og trygdeavgift for arbeidstakaren
All lønn og andre ytingar som inngår i nettolønnsordning, skal du markere med «nettolønn» slik at det blir handsama etter eigne skatte- og avgiftsreglar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type inntekt | kontantyting, utrekna skatt |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | nettolønn eller nettolønn for sjøfolk |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tabellnummer | Oppgrossingstabellnummer |
Beløp
Før opp differansen mellom det oppgrossa beløpet og oppgrossingsgrunnlaget.
Slik reknar du ut differansen:
Oppgrossa beløp (samla bruttogodtgjersle) Sum utbetalte nettoytingar, betalt utanlandsk skatt* og utrekna skatt |
|
- |
Oppgrossingsgrunnlag |
= | Differansen |
(*) Når betalt utanlandsk skatt inngår i oppgrossinga
Se også oversikt over oppgrossingstabeller
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «utrekna skatt».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du treng ikkje å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren ikkje er medlem av norsk trygd. Dette gjeld til dømes når inntektsmottakaren
- er omfatta av trygdelovgivinga i eit anna land etter ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda, og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Skatte- og avgiftsregel
Før opp den skatte- og avgiftsregelen som er aktuell:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som er underlagde nettolønnsavtalar
Arbeidsgivaren skal då dekkje den skatten som fell på lønna eller ytinga og fører til at samla netto ytingar må «grossast» opp for å kome fram til rett brutto inntekt.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn».
Skatte- og avgiftsregelen gjeld sjøfolk som:
- er underlagde nettolønnsavtalar, og
- som òg har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn og særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Sjå òg utfyllande informasjon om nettolønn
Tilleggsinformasjon
- Tabellnummer
Oppgi oppgrossingstabellnummer (har arbeidstakar skattekort med kjeldeskatt lønn, oppgi 0000)
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp utrekna skatt den kalendermånaden du har utbetalt nettolønn og andre ytingar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om utrekna skatt til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om utrekna skatt til å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk