Lønn til dagmamma eller praktikant som passar barn i barnet sin heim
Gjeld lønn og andre godtgjersler til dagmamma eller praktikant / au pair som passar barn i barnet sin heim, når du som privatperson er arbeidsgivar.
Kort om lønn til dagmamma eller praktikant
Før opp lønn og andre godtgjersler for privat barnepass utført i heimen til barnet når:
- barnet ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret eller
- barnet har eit særskilt behov for omsorg og pleie, gjeld òg for barn over 12 år.
Les meir om betalt barnepass i privat heim
Forenkla a-melding om lønna arbeid i heimen
Dersom du betaler for pass av barn i heimen din, skal du sende opplysningar om lønna i eigen forenkla a-melding om lønna arbeid i heimen.
Er du usikker på korleis du skal gjere dette, finn du informasjon om skjemaet og ordninga på skjemasida.
Du kan ikkje bruke dette skjemaet dersom du har gitt pengegodtgjersler for å dekkje utgifter utanom lønna, eller gitt andre naturalytingar enn kost og losji. Då må du sende ei ordinær a-melding (A01 eller A02).
Til skjemasida for forenkla a-melding om lønna arbeid i heimen
Dersom du sender inn ei ordinær a-melding (A01 eller A02) må du føre opp deg sjølv med ditt fødsels- og personnummer/d-nummer som arbeidsgivar. Du kan ikkje betale ut denne typen lønn frå eit firma du har ført opp med eit organisasjonsnummer.
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk