Lønn og anna godtgjersle for arbeid utført i utlandet
Gjeld fastlønn, timelønn, bonus, feriepengar og andre ytingar for arbeid som er utført i utlandet.
Kort om lønn og anna godtgjersle for arbeid utført i utlandet
Før opp lønn og andre kontante ytingar for arbeid som er utført i utlandet og/eller på utanlandsk kontinentalsokkel. Inntektsmottakaren kan vere skattemessig busett i Noreg eller i utlandet.
Unnatak
Det er ikkje opplysningsplikt dersom:
- inntektsmottakaren ikkje er skattemessig busett i Noreg og
- utbetalinga skal belastast ein fast driftsstad som arbeidsgivaren har i eit land som Noreg har skatteavtale med.
Norske skatte- og avgiftsmyndigheiter har i praksis lagt til grunn at det ikkje gjeld lønnsopplysningsplikt for lønn og anna godtgjersle for arbeid utført utanfor norsk territorium, dersom arbeidsgivaren ikkje er skattemessig heimehøyrande i Noreg.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
|
|
Talet på timar | for timelønn og overtidsgodtgjersle |
Oppteningsland | landkode |
Opptent på kontinentalsokkel | ja/nei |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og ei av desse lønnsytingane:
- Fastlønn
- Timelønn
- Faste tillegg
- Uregelrett tillegg knytt til arbeidd tid
- Helgedagstillegg
- Uregelrett tillegg knytt til ikkje-arbeidd tid
- Bonus
- Overtidsgodtgjersle
- Sluttvederlag
- Feriepengar
- Anna
- Trekk i lønn for ferie (beløpet skal alltid vere negativt)
- Honorar, akkord, prosent eller provisjonslønn
Trekkplikt
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk:
- dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk
- for arbeid utført i utlandet når inntektsmottakaren ikkje er skattemessig busett i Noreg eller mellombels oppheld seg her
- dersom det er innvilga trekkfritak eller sendt inn skjema NT2 (bekreftelse på trekk i arbeidsstat etter nordisk skatteavtale)
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- ikkje er frivillig eller pliktig medlem av norsk folketrygd etter folktrygdlova
- tek imot godtgjersle for religiøst, humanitært eller filantropisk arbeid utført av ein person som er utstasjonert i utlandet av misjonsselskap, trussamfunn eller humanitær organisasjon, når opphaldet i utlandet varer i minst to år
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Svalbard kan ikkje nyttast for inntekt opptent på kontinentalsokkel.
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Tilleggsinformasjon
- Talet på timar
Dersom du oppgir timelønn eller overtidsgodtgjersle, skal du òg føre opp talet på timar.
- Oppteningsland
Før opp landkoden til det landet der inntekta er opptent.
- Opptent på kontinentalsokkel
Før opp ja/nei under «opptjent på kontinentalsokkel» dersom ytinga er tent opp i utlandet. Du kan ikkje kombinere "opptent på kontinentalsokkel" med skatte- og avgiftsregel Svalbard.
Døme
Kari er utsend til Tyskland av den norske arbeidsgivaren sin. Ho har ei fastlønn på 60 000 kroner.
Kari har i tillegg jobba 10 timar overtid som utgjer 7 000 kroner.
Desse opplysningane gir arbeidsgivaren om fastlønna: | |
Beløp | 60 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, fastlønn |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
|
|
Oppteningsland | DE |
Desse opplysningane gir arbeidsgivaren om overtida: | |
Beløp | 7 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, overtidsgodtgjersle |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgiveravgift | ja |
|
|
Talet på timar |
10 |
Oppteningsland | DE |
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten nyttar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk