Lønn frå velgjerande eller allmennyttig organisasjon
Gjeld lønn og godtgjersle utbetalt av ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon.
Kort om lønn og godtgjersle frå ein velgjerande eller allmennyttig organisasjon
Før opp lønn det ikkje er plikt å betale arbeidsgivaravgift av, og som blir utbetalt frå ein velgjerande eller allmennyttig organisasjon eller institusjon.
Les meir om kva ein velgjerande eller allmennyttig organisasjon er i Skatte-ABC.
Ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon skal ikkje betale arbeidsgivaravgift for lønna arbeid som ikkje er knytt til den skattepliktige næringsverksemda til institusjonen eller organisasjonen, innanfor visse beløpsgrenser.
Ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon som kjem inn under grensene for fritak for arbeidsgivaravgift, kan nytte ei forenkla a-melding.
Dette gjeld til dømes:
- humanitære og sosiale organisasjonar, som Norges Røde Kors, sanitetsforeiningar e.l.
- idrettsorganisasjonar og idrettslag
Forenkla a-melding for velgjerande og allmennyttig organisasjon eller ordinær a-melding
Korleis du kan sende opplysningane, kjem an på kor mykje du betaler ut i løpet av eit inntektsår. Du finn informasjon om beløpsgrensene på skjemasida.
Til skjemaside for forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon
Kva for opplysningar skal du oppgi dersom du sender ei ordinær a-melding
Gjeld berre deg som sender ordinær a-melding (direkte på skatteetaten.no eller via eit lønnssystem). Dersom du sender forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon, kan du lese meir om dette på skjemasida.
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, lønn utbetalt av ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «lønn utbetalt av velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Send inn skjema for forenkla a-melding for velgjerande og allmennyttig organisasjon kvar gang du har utbetalt lønn.
Sender du ordinær a-melding skal du føre opp ytinga den kalendermånaden du har betalt ut beløpet.
Rette feil
Dersom du har brukt forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon og skal rette feil, finn du informasjon om korleis du skal rette på skjemasida.
For deg som har sendt ordinær a-melding, sjå kva for måtar du kan rette på her:
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk