Kostinnsparing i heimen for pendlarar
Gjeld kostinnsparing i heimen under pendlaropphald utanfor heimen
Kort om kostinnsparing i heimen for pendlarar
Før opp kostinnsparing i heimen for ein arbeidstakar som har fri kost under pendlaropphald utanfor heimen (ikkje tenestereise). Gjeld når arbeidstakaren får dekt skattefri og trekkfri fri kost eller kost dekt etter rekning (refusjon) under pendlaropphaldet.
Kostinnsparing er eit berekna tillegg i inntekta som skal representere innsparingar av kost i heimen fordi arbeidstakaren får kosten dekt av arbeidsgivaren.
Du skal leggje Skattedirektoratet sine satsar for kostinnsparing til grunn ved verdsettinga.
Fri kost om bord på skip
For fri kost om bord på skip skal du ikkje rekne ut kostinnsparing i heimen når ytinga er unnateken frå skattlegging.
Fri kost på sokkelinnretning
For fri kost på sokkelinnretning skal du ikkje rekne ut kostinnsparing i heimen når ytinga er unnateken frå skattlegging.
Du skal ikkje bruke nemninga for utanlandske arbeidstakarar som har eit skattkort med kjeldeskatt på lønn.
Ein norsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i Noreg,
- pendlar mellom bustad i Noreg og bustad i Noreg eller utlandet og
- har krav på frådrag for meirutgifter ved arbeidsopphald utanfor heimen.
Ein utanlandsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i utlandet,
- pendlar mellom bustad i utlandet og bustad i Noreg og
- er utanlandsk arbeidstakar som pendlar frå EØS-land og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn, eller
- utanlandsk arbeidstakar med avgrensa skatteplikt til Noreg som pendlar frå eit land utanfor EØS og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, kostinnsparing i heimen |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på døgn |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «kostinnsparing i heimen».
Trekkpliktig
Ytinga er trekkpliktig.
Ein skal berre ta kostinnsparinga med i trekkgrunnlaget dersom det løpande eller for det oppdraget arbeidsforholdet er knytt til, blir utbetalt lønn eller anna trekkpliktig godtgjersle for arbeid. For å kunne gjennomføre forskotstrekk i kostinnsparing må ein betale ut ytingar det er råd å gjennomføre forskotstrekk i.
Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd, er fritekne for plikta til å gjennomføre forskotstrekk i verdien av kostinnsparing når den samla lønnsutbetalinga o.a. til ein person i løpet av inntektsåret ikkje overstig 10 000 kroner (eksklusive kostinnsparing). Trekkplikta tek til å gjelde frå og med det tidspunktet når lønn og andre ytingar overstig 10 000 kroner.
Gjeld ikkje om trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på døgn.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har gitt fri kost under pendlaropphald.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om kostinnsparing i heimen for pendlar til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk