Bonus frå åremålskontrakt i Forsvaret
Gjeld bonus ved tilsetting på åremål i Forsvaret. Bonusen blir utbetalt i éin sum når tenesta blir avslutta og blir skattlagd etter særskilde reglar.
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2024.
Kort om bonus frå Forsvaret
Oppgi bonus ved åremålstilsetjing i Forsvaret som blir utbetalt i éin sum ved slutten av tenesta. Det er særskilde reglar for fastsetjing av skatt på bonus ved åremålstilsetjing i Forsvaret, og dette rapporterer du som «Bonus frå Forsvaret». Åremål er ei tidsavgrensa arbeidskontrakt og ikkje ei fast tilsetjing.
Gratiale eller liknande ytingar som blir utbetalte på bakgrunn av ein aldersbestemt arbeidsavtale, til dømes Forsvaret sine T35-kontraktar, er ikkje knytte til åremålstilsetjing og ei slik utbetaling skal rapporterast som ordinær bonus.
Les meir om bonus for tilsette i Forsvaret.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, bonus frå Forsvaret |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
År utbetalinga gjeld | årstal |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «bonus frå Forsvaret».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
Før opp kvart år bonusen gjeld. Du skal berre oppgi årstal
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om bonus frå Forsvaret i skattemeldinga. Av rapporteringa går det fram kva år etterbetalinga gjeld og kor stort beløp som gjeld for kvart einskild år. All etterbetalt bonus blir rekna som personinntekt i utbetalingsåret, og ein skal difor ikkje omberekne trygdeavgifta. Ei omberekning av skattane blir berre lagt til grunn dersom denne fører til lågare skattar enn om bonusen blir skattlagd etter dei vanlege reglane, dvs. i utbetalingsåret.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk