Barnepensjon frå folketrygda
Blir berre nytta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Gjeld barnepensjon frå folketrygda frå 2025.
Nytt frå 2025
Denne ytinga er gyldig frå og med januar 2025. Brukar du denne ytinga for periodar før 2025 vil a-meldinga bli avvist.
Kort om barnepensjon frå folketrygda
Før opp barnepensjon etter folketrygdlova kapittel 18. Barnepensjonen skal førast opp på barnet.
Føremålet med barnepensjon er å sikre inntekt til barn når ein eller begge av foreldra er døde.
Nemninga blir berre nytta for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, barnepensjon frå folketrygda frå 2025 |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode (ved etterbetaling) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «barnepensjon frå folketrygda».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Tilleggsinformasjon
- Periode (gjeld berre ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Døme
NAV skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2022 til 31. desember 2022.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Døme
NAV skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2022.
2021 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2022 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Hvis du skal etterbetale beløp som tilhøyrer 2024, må du bruke nemninga barnepensjon fra folketrygden 2024.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk