Ugyldig 7-sifra yrkeskode
F115B / MAGNET_EDAG-115B
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein 7-sifra yrkeskode som ikkje finst i yrkeskatalogen til SSB.
Feilmeldinga kan til dømes kome av at du har:
- gløymt eit siffer
- skrive eit feil siffer
- oppgitt tre nullar som siste tre siffer
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller yrkeskoden du har brukt og endre til eit gyldig nummer. Du finn gyldige yrkeskodar i Yrkeskatalogen på ssb.no.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Eit universitet sender a-melding for februar med opplysningar om yrkeskode 2310000 for Torbjørn som har eit ordinært arbeidsforhold som lektor ved universitetet.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-115B fordi 2310000 ikkje finst i yrkeskatalogen til SSB.
Universitetet endrar yrkeskode for Torbjørn til: |
|
Yrkeskode |
2310 112 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.