Talet på timar oppgitt på timelønn er over 300

  • Oppdatert: 01.01.2022

F504/MAGNET_EDAG-504 

Kvifor denne feilmeldinga

Du har rapportert over 300 timar for same kalendermånad. Det er nesten dobbelt så mykje som det ei full stilling utgjer i en normal arbeidsmånad (162,5 timar). Du skal føre opp talet for timar som ligg til grunn for utbetalinga.

Skal du rapportere etterbetaling av timar som er oppgitt i ei tidlegare a-melding, må du sette talet på timar til 0. Dersom du skal rapportere timelønn for inneverande månad og etterbetaling av timelønn for tidlegare månadar i same a-melding, skal du berre føre opp talet på timar for inneverande månad. Talet på timar for etterbetaling er rapportert tidlegare og du skal ikkje rapportere dei ein gong til.

Feilmeldinga kan kome av at du har

  • rapportert timelønn som er opptent over fleire månader samla i ein kalendermånad
  • tasta feil
  • rapportert inntekta som talet på timar
  • oppgitt talet på timar på etterbetaling av timelønn som du har rapportert tidlegare

 

Må du rette

A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.

Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.

Alvorsgrad: Retningslinje 

 

Slik rettar du

  1. Sjekk om du har oppgitt riktig tal på timar for timelønn og endre dersom det er feil.

  2. Når du har retta feilen, send inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system..
     

Døme

Ein frisørsalong sender a-melding for september med opplysningar om inntekt for Ulrikke som er timelønna. Dei fører opp 800 i talet på timar. Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-F503 fordi talet på timar er høgare enn 300.

Selskapet ser at dei har tasta feil tal i talet på timar. Ulrikke hadde jobba 80 timar i september.

Dei sender ei ny a-melding der dei reduserer talet på timar oppgitt på timelønna tidlegare

Frisørsalongen endrar på talet på timar for Ulrikke til: 
Timelønn  0
Talet på timar - 720

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.