Feil i arbeidsgivaravgift
F185 / MAGNET_EDAG-185
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit beløp for arbeidsgivaravgift å betale som ikkje er det same som sum arbeidsgivaravgift for alle undereiningane.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- gløymt å føre opp avgiftsgrunnlag på ei av undereiningane
- oppgitt for høgt eller for lågt beløp på eit av avgiftsgrunnlaga på undereiningane
- oppgitt for høgt eller for lågt beløp på sum arbeidsgivaravgift å betale
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller avgiftsgrunnlag, sone, sats og utrekningskode som du har oppgitt for kvar undereining, og endre der det er feil. Er du usikker på kva som er rett, kan du sjå utfyllande informasjon om arbeidsgivaravgift.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsinformasjon. Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme – oppgitt feil avgiftsgrunnlag
Eit cruiseskip sender a-melding for mai og oppgir arbeidsgivaravgift å betale til 1 410 kroner, avgiftsgrunnlaget er 1 000 kroner og satsen på utrekning av arbeidsgivaravgift er 14,1 prosent.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-185 fordi 1 000 kroner*14,1 prosent = 141 kroner, og ikkje 1 410 kroner. Opplysningspliktig finn ut at han har oppgitt feil avgiftsgrunnlag. Rett avgiftsgrunnlag skal vere 10 000 kroner.
Cruiseskipet sender ei ny a-melding for å justere slik at sum arbeidsgivaravgift å betale stemmer med avgiftsgrunnlaget * satsen. | |
Avgiftsgrunnlag | 9 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt arbeidsgivaravgift å betale til 1 410 kroner (1 410 + 0) og et avgiftsgrunnlag på 10 000 kroner (1 000 + 9 000).