Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
F297/ MAGNET_EDAG-297
Kvifor denne feilmeldinga
Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet. Dersom du oppgir sluttdato for arbeidsforholdet så må du oppgi årsak til sluttdato. Dersom du oppgir årsak til sluttdato så må oppgi sluttdato for arbeidsforholdet.
Feilmeldinga kan skuldast at du har
- gløymt å oppgi årsak til sluttdato
- gløymt å oppgi sluttdato for arbeidsforholdet
- oppgitt feil informasjon om sluttdato eller årsak til sluttdato, og at ingen av delane skal rapporterast
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Sjekk kva arbeidsforhold du har oppgitt feil informasjon om, og oppgi anten sluttdato eller årsak til sluttdato. Dersom du ikkje skulle ha lagt inn desse opplysningane, fjernar du dei for arbeidsforholdet.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Ved bruk av lønnssystem kan du sjekke med systemleverandøren din dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
Døme
Eit legekontor sender inn a-melding for juni med opplysningar om at Ola skal slutte i jobben, og set sluttdato på arbeidsforholdet.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-297 fordi dei har gløymt å oppgi årsak til sluttdato på arbeidsforholdet.
Legekontoret legg inn årsaka til sluttdatoen for Ola: |
|
Årsak til sluttdato | Arbeidstaker har sjølv sagt opp |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.