Avvik mellom oppgitt avgiftsgrunnlag og summen av avgiftspliktige inntekter for alle inntektsmottakarane
F184-2 / MAGNET_EDAG-184-2
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein sum for avgiftsgrunnlag lønn som ikkje er lik summen av avgiftspliktige inntekter på inntektsmottakarane og samla inntekter utan opplysningsplikt.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt for lågt eller høgt avgiftsgrunnlag på lønn for arbeidsgivaravgifta
- oppgitt ei inntekt som ikkje er avgiftspliktig som avgiftspliktig
- ikkje oppgitt arbeidsgivaravgiftspliktig lønn, som er under opplysningsplikt, i feltet for grunnlag under opplysningsplikt.
Mogelege årsaker til at du får denne feilen, men som du ikkje skal rette (sjå òg døme nedanfor):
- ikkje oppgitt inntekta til sjøfolk i avgiftsgrunnlaget, i tilfelle der du betaler arbeidsgivaravgift for sjøfolk med eit fast beløp i månaden.
- retta arbeidsgivaravgift som gjeld ein annan månad/termin
- fått refusjon av sjukepengar frå NAV
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har oppgitt feil sum avgiftsgrunnlag lønn eller feil i dei einskilde avgiftspliktige ytingane på alle inntektsmottakarane.
- Om du har betalt ut lønn som er avgiftspliktig utan opplysningsplikt, må du sjekke om summen er oppgitt som samla grunnlag under opplysningsplikt.
- Er det rett rapportert og avviket stemmer, treng du ikkje gjere noko.
- Er det feil avgiftsgrunnlag, rettar du dette. Er det feil yting, rettar du denne.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.
Døme på feil du må rette
Døme 1 – avgiftsgrunnlaget er oppgitt for høgt
Eit vikarbyrå betaler 7 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Per i mai. Dei oppgir lønna på 7 000 kroner og grunnlag for arbeidsgivaravgift på 10 000 kroner. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184-2 med opplysning om avvik på 3 000 kroner i avgiftsgrunnlaget.
Vikarbyrået rette slik at avgiftsgrunnlaget blir lik det som er oppgitt på avgiftspliktig lønn. | |
Avgiftsgrunnlag for lønn | - 3 000 |
I tillegg oppgir de andre obligatoriske opplysninger.
Totalt for mai har de nå oppgitt sum avgiftsgrunnlag for lønn på 7 000 kroner (10 000 - 3000), som er det samme som den avgiftspliktige lønnen til Per.
Døme 2 – inntekt som ikkje er avgiftspliktig
Eit cruiseskipselskap har sendt a-melding for januar, februar og mars med opplysningar om avgiftspliktig lønn for Per opptent i utlandet på totalt 60 000 kroner. I april får dei melding om at Per ikkje er medlem av folketrygda og lønna er derfor ikkje arbeidsgivaravgiftspliktig.
Cruiseskipselskapet reduserer avgiftsgrunnlaget på lønn for april med - 60 000 kroner.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184-2 med opplysning om avvik på 60 000 kroner i avgiftsgrunnlaget mellom det som er oppgitt som avgiftspliktig lønn for april.
A-melding for dei tre første månadene (inga endring)
Sum i a-meldingen for dei tre første månadene (undereining) | |
Beregningskode | generelle næringar |
Sone | 1 |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
Avgiftsgrunnlag | 60 000 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar
A-melding for månad 4
Opplysningar om retting som blir tatt med og summert med positive lønnsytingar for perioden | |
Beregningskode | generelle næringer |
Sone | 1 |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
Avgiftsgrunnlag | -60 000 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
Cruiseselskapet vil få tilbakemelding med retningslinje MAGNET_EDAG-184-2 fordi det er avvik mellom totalt oppgitt avgiftsgrunnlag og summen av avgiftspliktige inntekter. Dette er OK og dei treng ikkje rette.
Døme på feilmelding når du ikkje må rette
Døme 3 – a-meldinga inneheld sjøfolk som har avgift med eit fast beløp
Eit reiarlag betaler 7 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Ola og 10 000 kroner i lønn til Emma. For Ola skal reiarlaget betale vanleg arbeidsgivaravgift, medan for Emma gjeld reglane for sjøfolk som skal betale avgift med eit fast beløp i månaden. Dei oppgir grunnlag i arbeidsgivaravgift lønn på 7 000 kroner.
Reiarlaget får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184-2 med opplysning om avvik på 10 000 kroner i avgiftsgrunnlaget. Dette er OK, fordi avviket gjeld avgiftspliktig lønn som ikkje inngår i det vanlege arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget, fordi det er ein fast sats som gjeld for Emma.
Døme 4 - rettar arbeidsgivaravgift som gjeld ein annan periode
Eit vikarbyrå betaler 10 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Ola. I tillegg skal dei korrigere for mykje betalt arbeidsgivaravgift som gjeld ein tidlegare månad. Avgiftsgrunnlaget for korrigering er - 4 000 kroner. Dei oppgir 6 000 kroner i grunnlag for arbeidsgivaravgift på lønn.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184-2 med opplysning om avvik på - 4 000 kroner i avgiftsgrunnlaget. Dette er OK, fordi avviket gjeld avgift for ein tidlegare periode.