Avgiftsgrunnlaget er negativt
F183 / MAGNET_EDAG-183
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt sum avgiftsgrunnlag for lønn med eit negativt beløp.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- brukt feil forteikn på beløpet du har oppgitt på sum avgiftsgrunnlag for lønn. Avgiftsgrunnlaget skal vanlegvis vere eit positivt beløp
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller avgiftsgrunnlag lønn du har oppgitt per undereining, og endre dersom det er feil. I somme tilfelle kan det vere rett at avgiftsgrunnlag lønn er negativt. Sjå òg utfyllande informasjon om arbeidsgivaravgift.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsinformasjon. Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme – brukt feil forteikn
Eit sjukehus har sendt a-melding for mai med opplysningar om grunnlag for arbeidsgivaravgift på lønn på -120 000 kroner.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-183 fordi det er eit negativt beløp oppgitt på summen av grunnlag for arbeidsgivaravgift lønn. Dei finn ut at dei ved ein feil har oppgitt minus framfor beløpet, det skulle ha vore 120 000 kroner.
Sjukehuset sender ny a-melding for å justere beløpet på grunnlag for arbeidsgivaravgift på lønn. | |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift lønn | 240 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum grunnlag for arbeidsgivaravgift lønn på 120 000 kroner (- 120 000 + 240 000).