Ny jobb i anna undereining hjå same arbeidsgivar
Set sluttdato og årsak til sluttdao på arbeidsforholdet i den eksisterande undereininga, og opprett eit nytt arbeidsforhold med ein ny startdato i den nye undereininga.
Gjeld når ein tilsett flyttar fast frå ei undereining til ei anna hjå same arbeidsgivar, og når ein fast tilsett får eit mellombels vikariat i ei anna undereining hjå same arbeidsgivar.
Eit arbeidsforhold kan berre vere knytt til ei undereining.
Kva du må gjøre
Dersom ein av dine tilsette byter jobb internt, frå ei undereining til ei anna, skal du
- avslutte arbeidsforholdet i den opphavlege undereininga ved å leggje inn sluttdato og årsak til sluttdato
- opprette eit nytt arbeidsforhold i den nye verksemda med ein ny startdato
- kontrollere om du må endre andre opplysningar om arbeidsforholdet
Dette gjelder opplysninger om:
• Yrkeskode
• Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling
• Stillingsprosent
• Siste dato for endring av stillingsprosent
• Arbeidstidsordning
• Årsak til sluttdato
• Siste lønnsendringsdato
• Lønnsansiennitet
• Lønnstrinn
• Opplysningar om permisjon eller fartøy - Kontrollere om det blir endringar i arbeidsgivaravgifta.
Når ein tilsett flyttar frå ei verksemd til ei anna hjå same arbeidsgivar, kan det bli endring i arbeidsgivaravgifta. Dette gjeld når verksemdene er i ulike arbeidsgivaravgiftssoner.
Døme - får ei ny stilling i ei anna undereining
Hovedeining 1 har to verksemder, undereining A og undereining B. Lise har jobba som salskonsulent i undereining A sidan 1. februar. Frå og med 10. august skal Lise vere dagleg leiar i undereining B.
Arbeidsgivar må avslutte arbeidsforholdet for Lise i undereining A og opprette eit nytt arbeidsforhold for Lise i undereining B. Dette må dei gjere i a-meldinga for august.
A-melding for august | |
Hovedeining | 1 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Lise |
ArbeidsforholdsID | 10 |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. februar |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 9. august |
Årsak til sluttdato | Endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte |
Undereining | B |
Inntektsmottakar | Lise |
ArbeidsforholdsID | 10 |
Startdato på arbeidsforholdet | 10. august |
Sluttdato på arbeidsforholdet |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

Døme – Mellombels vikariat i ei anna undereining
Hovedeining 1 har to verksemder, undereining A og undereining B. Bente har ei fast stilling som salskonsulent i undereining A, kor ho har jobba i mange år. Frå og med 10. august skal Bente fungere som dagleg leiar i undereining B. Vikariatet er på 10 månader. Etter at vikariatet avsluttast skal ho tilbake til den faste stillinga si i undereining A.
Dei må oppgi permisjon for arbeidsforholdet Bente har i undereining A og opprette eit nytt arbeidsforhold for Bente i undereining B. Dette må dei gjere i a-meldinga for august.
A-melding for august: | |
Hovedeining | 1 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Bente |
ArbeidsforholdsID | 19 |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. februar |
Sluttdato på arbeidsforholdet | |
Årsak til sluttdato | |
Permisjonsnemning | Andre ikkje-lovfesta permisjonar |
PermisjonsID | 2 |
Startdato på permisjon | 10. august |
Sluttdato på permisjon | 10. juni |
Undereining | B |
Inntektsmottakar | Bente |
ArbeidsforholdsID | 25 |
Startdato på arbeidsforholdet | 10. august |
Sluttdato på arbeidsforholdet |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
