Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
Ved endringar i kommune- eller fylkesstruktur, som til dømes kommunesamanslåing eller kommunedeling, må både den noverande og den nye kommunen og fylkeskommunen sørgje for at opplysningar om arbeidsforhold blir knytte til dei rette hovudeiningane og undereiningane.
Ved kommune- og fylkesdeling vil kommunane få oppretta nye organisasjonsnummer for hovudeiningane for dei nye kommunane.
Ved kommune- og fylkessamanslåing kan kommunen anten
- opprette eit nytt organisasjonsnummer for hovudeininga for den nyoppretta kommunen. Undereiningar frå eksisterande kommunar skal då knytast opp mot det nye organisasjonsnummeret for hovudeininga, eller
- behalde organisasjonsnummeret for hovudeininga og ta over undereiningar til ein eller fleire kommunar som skal opphøyre
Det er laga ein rettleiar til kommunar og fylkeskommunar som endrar struktur. Rettleiinga ligg på Kartverket sine nettsider.
Dette må du gjere når ein nyoppretta kommune eller eit fylke får eit nytt organisasjonsnummer
Ved deling eller samanslåing må
- eksisterande kommunar oppgi sluttdato på arbeidsforholda
- nyoppretta kommunar oppgi startdato på arbeidsforholda
Eksisterande kommunar må oppgi sluttdato
Du avsluttar arbeidsforholda i den gamle kommunen ved å sende a-melding på organisasjonsnummeret til den gamle kommunen og oppgir ein sluttdato for arbeidsforholda. For å unngå feilmeldingar bør sluttdatoen vere siste dato i rapporteringsmånaden. I tillegg må du oppgi ein årsak til sluttdatoen, som ved kommune- eller fylkessamanslåing er endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.
Du bør ikkje setje sluttdato for dei eksisterande arbeidsforholda før den nyoppretta kommunen har rapportert arbeidsforholda i a-meldinga.
Døme
Kommune 1 skal avslutte alle arbeidsforholda fordi han har blitt slått saman med Kommune 2. Den nye samanslåtte kommunen, Kommune 3, overtar undereining A frå Kommune 1 og undereining B frå Kommune 2. Overtakinga gjeld frå 1. januar.
A-melding for desember | |
Hovedeining | Kommune 1 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Ola |
Startdato på arbeidsforholdet | 3. juni 2012 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 31. desember 2023 |
Årsak til sluttdato | endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte |
I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.
Hovedeining | Kommune 2 |
Undereining | B |
Inntektsmottakar | Per |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. mars 2010 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 31. desember 2023 |
Årsak til sluttdato | endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte |
I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.
Nyoppretta kommunar må oppgi startdato
Du må registrere alle arbeidsforholda i den nye kommunen ved å sende a-melding på det nye organisasjonsnummeret og oppgi startdato for arbeidsforholda. Dette gjer du etter at undereiningane er knytte opp mot den nyoppretta hovudeininga i Einingsregisteret.
Du bør rapportere arbeidsforholda før den gamle kommunen set sluttdato. Oppgi arbeidsforholda i a-meldinga så tidleg som mogleg, slik at arbeidstakarane ikkje blir ståande utan arbeidsforhold.
Merk!
Ny startdato på arbeidsforholda må vere dagen etter sluttdato for at det skal bli rett i Aa-registeret. Viss til dømes sluttdato er 31. desember, så skal startdato vere 1. januar.
Døme
Den nye kommunen, Kommune 3, skal oppgi alle arbeidsforholda frå den datoen dei overtar arbeidsgivaransvaret for dei tilsette i Kommune 1 og Kommune 2. Kommune 3 overtar alle undereiningane, mellom anna undereining A og undereining B, frå 1. januar.
A-melding for januar | |
Hovedeining | Kommune 3 |
|
|
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Ola |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar 2024 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | |
Undereining | B |
Inntektsmottakar | Per |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar 2024 |
Sluttdato på arbeidsforholdet |
I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.


Dette må du gjere når kommunen beheld organisasjonsnummeret og tar over undereininga i kommunen som opphøyrer
Ved samanslåing må
- opphøyrde kommunar oppgi sluttdato på arbeidsforholda
- overtakande kommunar oppgi startdato på dei nye arbeidsforholda
Opphøyrde kommunar må oppgi sluttdato på arbeidsforholda
Som opphøyrd kommune må du oppgi ein sluttdato på alle arbeidsforholda. I tillegg må du oppgi ein årsak til sluttdato, som ved kommune eller fylkessamanslåing er endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.
Døme
Kommune 1, den opphøyrde hovudeininga, skal avslutte alle arbeidsforholda fordi han er blitt slått saman med Kommune 2. Kommune 2 beheld organisasjonsnummeret til hovudeininga og overtar Kommune 1 frå 1. januar.
A-melding for desember | |
Hovedeining | Kommune 1 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Ola |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar 2005 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 31. desember 2023 |
Årsak til sluttdato | endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte |
I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.
Overtakande kommunar må oppgi startdato på dei nye arbeidsforholda
Som overtakande kommune må du oppgi arbeidsforhold på alle tilsette som du overtar arbeidsgivaransvaret for. For utdjupande informasjon om kva opplysningar du skal oppgi, sjå dei ulike typane arbeidsforhold.
Merk!
Den nye startdatoen på arbeidsforholdet må vere dagen etter sluttdato for at det skal bli riktige opplysningar i Aa-registeret i NAV. Til dømes sluttdato 31. desember og startdato 1. januar.
Døme
Overtakande hovudeining, Kommune 2, skal oppgi alle arbeidsforholda frå den datoen dei overtar arbeidsgivaransvaret for dei tilsette hos Kommune 1.
A-melding for januar | |
Hovedeining | Kommune 2 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Ola |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar 2024 |
Sluttdato på arbeidsforholdet |
I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.
