Tilsetjingsform
Tilsetjingsforma viser om arbeidstakaren er fast eller mellombels tilsett. Dette skal stå i arbeidsavtalen. Det du oppgir i a-meldinga må samsvare med dette. Du må oppgi eigne tilsetjingsformtypar for arbeidstakarar som er tilkallingsvikarar eller utleigde.
Kort om tilsetjingsforma
Tilsetjingsforma viser kva slags type tilsetjingsforhold arbeidstakaren har. Tilsetjingsforma kan vere fast eller mellombels. Oppgi den tilsetjingsforma som står i arbeidsavtalen til den tilsette.
Du kan velje mellom desse tilsetjingsformene:
- fast tilsett
- mellombels tilsett
- fast tilsett og utleigd
- mellombels tilsett og utleigd
- mellombels tilsett som tilkallingsvikar
Fast tilsett
Når ein arbeidstakar er fast tilsett, er det ikkje noka tidsavgrensing på arbeidsforholdet. For at ei fast stilling skal opphøyre, må reglane om opphøyr av eit arbeidsforhold følgjast.
Ein arbeidstakar som er fast tilsett, kan i ein periode fungere i ei anna mellombels stilling, eller i eit vikariat, hos den same arbeidsgivaren. Korleis ein skal oppgi dette i a-meldinga, kjem an på om vikariatet er i den same undereininga eller i ei anna undereining under den same hovudeininga.
Er vikariatet i den same undereininga, skal den tilsette framleis rapporterast som fast tilsett. Men blir yrkeskoden og/eller lønna endra, må desse opplysningane endrast. Dersom vikariatet er i ei anna undereining under den same hovudeininga, må ein oppgi permisjon frå den faste stillinga, og ein må oppgi eit nytt mellombels arbeidsforhold på vikariatet med ein ny startdato og ein ny arbeidsforholdsID.
Døme |
Tilsetjingsform |
Kommentar |
Kine har ei administrativ stilling i ein kommune. Ho er fast tilsett i ei 100 prosent stilling. |
Fast tilsett |
|
Laila er fast tilsett i eit konsulentselskap som får i oppdrag å skrive ein rapport for ei anna bedrift. Konsulentselskapet leier arbeidet, og har ansvaret for resultatet. |
Fast tilsett |
Arbeidet blir leidd av konsulentselskapet, og konsulentselskapet har ansvaret for resultatet. |
Peder er fast tilsett på ein bensinstasjon. Sjefen hans på bensinstasjonen skal ut i foreldrepermisjon frå 1. mai, og Peder skal fungere i stillinga hennar medan ho er i permisjon. |
Fast tilsett |
Arbeidsgivaren skal frå 1. mai framleis oppgi Peder som fast tilsett, men her må yrkeskoden endrast. |
Frisørsalongen Saks har to undereiningar: ei i Oslo og ei i Bergen. Bente er fast tilsett ved undereininga i Oslo, men skal vikariere som dagleg leiar ved avdelinga i Bergen i ti månader. Bente får permisjon frå den faste stillinga hennar i Oslo medan ho er vikar som dagleg leiar i Bergen. |
Oslo: Fast tilsett og i permisjon
Bergen: Mellombels tilsett |
|
Mellombels tilsett
Eit mellombels arbeidsforhold er eit arbeidsforhold som er avtalt for ein gitt periode eller for eit gitt arbeid, som skal vere spesifisert i arbeidsavtalen.
Mellombelse tilsetjingar er vanlege ved
- sesongarbeid
- prosjektarbeid
- vikariat
- åremålsstillingar
Du kan lese meir om mellombelse tilsetjingar på nettsidene til Arbeidstilsynet.
Døme |
Tilsetjingsform |
Kommentar |
Knut arbeider på eit gartneri og har ein arbeidsavtale som varer frå april til juli. Han arbeider på gartneriet kvart år. Dette er sesongarbeid som berre varer ein del av året. |
Mellombels tilsett |
|
Anne er tilsett i ei prosjektstilling for å byggje opp eit nytt fagsystem, og for å gi arbeidsgivaren råd og rettleiing i bruken av løysinga. Arbeidsavtalen er tidsavgrensa og går over to år. |
Mellombels tilsett |
|
Har du leigd ut tilsette til ei anna verksemd?
Har du ein tilsett som er utleigd, skal tilsetjingsforma anten vere fast tilsett og utleigd eller mellombels tilsett og utleigd.
Når ein arbeidstakar er utleigd, er arbeidstakaren leigd ut til ei anna verksemd (hovudeining) gjennom ein avtale med denne verksemda. For at ein arbeidstakar skal reknast som utleigd, må arbeidet arbeidstakaren gjer som hovudregel bli leidd av verksemda som leiger han inn (innleigaren). Ansvaret for resultatet av arbeidet må også som hovudregel vere innleigaren sitt.
Er dette tilfellet hos deg, vel du anten fast tilsett og utleigd eller mellombels tilsett og utleigd som tilsetjingsform. Det er selskapet som leiger ut den tilsette som skal rapportere arbeidsforholdet til den utleigde arbeidstakaren. Innleigaren skal ikkje rapportere arbeidsforholdet til den innleigde arbeidstakaren i a-meldinga.
Du finn meir informasjon om kva ein meiner med utleige av arbeidskraft i § 14-12 i arbeidsmiljølova, og i rettleiaren for innleige av arbeidskraft frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID).
Kva skal til for å vere utleigd?
Det er to kriterium som avgjer om den tilsette skal definerast som utleigd.
1. Dersom det går fram av arbeidsavtalen til den tilsette at utleige til kundar eller oppdragsgivarar er ein del av stillinga, skal den tilsette rapporterast som utleigd. Det gjeld uansett om den tilsette har vore utleigd til ei anna verksemd i den aktuelle perioden eller ikkje. Dersom den tilsette har periodar utan oppdrag hos ein kunde eller ein oppdragsgivar, skal du ikkje endre tilsetjingsforma til fast tilsett eller mellombels tilsett.
Eller
2. Dersom den tilsette har vore utleigd minst ein dag i månaden, skal du rapportere den tilsette som utleigd. Dersom den tilsette berre i periodar er utleigd til ein kunde eller ein oppdragsgivar, skal du rapportere den tilsette som utleigd. Det gjeld uansett kva som står i arbeidskontrakten.
Døme |
Tilsetjingsform |
Kommentar |
Kari er fast tilsett i eit bemanningsbyrå. Ho blir leigd ut for å arbeide som lagermedarbeidar i to månader. |
Fast tilsett og utleigd |
Innleigeselskapet har gjort ein avtale med bemanningsbyrået, arbeidet blir leidd av innleigeselskapet og innleigeselskapet er ansvarleg for resultatet av arbeidet Kari gjer. |
Tommy er fast tilsett hos Konsulentselskapet AS. Ein dag i månaden blir han leigd ut til ein kunde. |
Fast tilsett og utleigd |
Sidan Tommy er leigd ut minst ein dag i rapporteringsmånaden, skal han reknast som fast tilsett og utleigd. |
Victor er fast tilsett som tømrar i ei handverksbedrift. Han blir leigd ut til ei anna handverksbedrift i fire månader for å arbeide på eit byggjeprosjekt.
|
Fast tilsett og utleigd |
Selskapet som har leigd inn Victor leier arbeidet og er ansvarleg for arbeidet Victor gjer under byggjeprosjektet. |
Ole er fast tilsett som utviklar i eit konsulentselskap. Han blir leigd ut til ei statleg verksemd for å jobbe med eit IT-prosjekt. |
Fast tilsett og utleigd |
Den statlege verksemda har gjort ein oppdragsavtale med konsulentselskapet, og den statlege verksemda leier arbeidet og er ansvarleg for arbeidet Ole gjer under prosjektet. |
Thomas er fast tilsett som flyvert i eit flyselskap. I konsernet Thomas arbeider for, har dei skilt ut dei som jobbar som kabinpersonale i eiga verksemd (hovudeininga) og dei som konsernet leiger ut til ei anna verksemd i konsernet gjennom ein avtale.
|
Fast tilsett og utleigd |
Verksemda som har leigd inn Thomas leier arbeidet og har ansvaret for arbeidet Thomas gjer medan han er leigd inn. |
Line er mellombels tilsett i eit bemanningsbyrå. Ho blir leigd ut som barnehagemedarbeidar i tre månader. |
Mellombels tilsett og utleigd |
Barnehagen som leiger inn Line leier arbeidet og har ansvaret for arbeidet Line gjer i denne perioden. |
Mellombels tilsett som tilkallingsvikar
Ein tilkallingsvikar er ein person som ikkje har ein fast avtalt stillingsprosent, og som jobbar når det trengst. Ein tilkallingsvikar kan også bli kalla for tilkallingshjelp eller ekstrahjelp.
Tilsetjingsforholdet varer normalt ikkje utover dei avtalte vaktene.
I arbeidsavtalen skal arbeidsgivaren ha spesifisert at tilkallingsvikaren berre jobbar ved behov.
Har du ein arbeidstakar som er fast tilsett som tilkallingsvikar, skal du oppgi tilsetjingsforma fast tilsetjing.
Døme |
Tilsetjingsform |
Kommentar |
Petter har ein avtale som mellombels tilsett som tilkallingsvikar på ein skule. Det går ikkje fram av avtalen kor mykje og eventuelt når han skal jobbe. Han jobbar om og når arbeidsgivaren treng det. |
Mellombels tilsett som tilkallingsvikar |
|
Karl har ein avtale som tilkallingsvikar på uterestauranten «Godt vêr». Det varierer med vêret kor mange dei treng på jobb, og det står i arbeidsavtalen til Karl at han jobbar ved behov. |
Mellombels tilsett som tilkallingsvikar |
|
Sofie er fast tilsett på SFO, og ho er tilkallingsvikar på ein barneskule i den same kommunen. |
SFO: Fast tilsett
Barneskulen: Mellombels tilsett som tilkallingsvikar |
Sofie har fleire arbeidsforhold hos den same arbeidsgivaren, sjå rettleiinga for ArbeidsforholdsID for meir informasjon om korleis arbeidsforholda skal rapporterast i slike tilfelle. |
Er det obligatorisk?
Ja, du må oppgi tilsetjingsforma for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.
Du må ikkje oppgi tilsetjingsforma for frilansarar, oppdragstakarar og personar som får honorar, eller for pensjonar eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Kva tid skal du rapportere?
Du skal oppgi tilsetjingsforma når du rapporterer arbeidsforholdet og gjenta det kvar månad til og med den månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Endre tilsetjingsforma
Dersom ein tilsett byter tilsetjingsform, kan du oppgi den nye tilsetjingsforma den månaden den tilsette byter.
Rette feil
Har du gløymt å oppgi eller oppgitt feil tilsetjingsform, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03), skal du rette feilen i a-meldinga som er feil eller mangelfull.
Kva bruker vi opplysningane til?
Opplysningane om tilsetjingsforma for ordinære og maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret. Nav gir ut opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å få dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet. Nav bruker også opplysningane til statistikk over tilsetjingsforhold.
Opplysningar om tilsetjingsform gjer at Nav kan tilpasse og effektivisere saksbehandlinga, arbeidsformidlinga og oppfølginga av stønadsmottakarar.
Nav har behov for informasjon om at ein arbeidstakar er tilkallingsvikar for å kunne vurdere retten til ytingar etter blant anna folketrygdloven kapittel 8. For å ha rett til sykepengar må ein ha vore i arbeid dei siste fire vekene rett før ein blei arbeidsufør. Ein tilkallingsvikar har ikkje faste arbeidsdagar og det vert i praksis gjort ei eiga vurdering av dette vilkåret for desse. Nav er derfor avhengig av å kunne identifisere tilkallingsvikarar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til statistikk om tilsetjingsform og om omfanget av utleigde arbeidstakarar.